Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
23.07.2018

Skulebibliotek kan få tilskot til leselyst-arbeid

14 millionar kroner skal delast ut og søknadsfrista er 17. september.

Norske kommunar kan nå søka om tilskot til å utvikla skulebiblioteka sine, i høve til leselyst og lesestimulering.

Til saman 14 millionar offentlege kroner skal delast ut.

Målet med tilskota er at skulebiblioteka mellom anna skal bli ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag, at dei skal kunna nyttast i opplæringa og bidra til å nå mål i Kunnskapsløftet og at dei legg til rette for lesing og vurdering av trykte, digitale og samansette tekstar, opplyser Utdanningsdirektoratet.

Midla skal gå til personalressursar eller utvikling av kompetanse.

Meir informasjon om korleis din kommune kan søka, pluss søknadsskjema og anna finn du på heimesida til Utdanningsdirektoratet.

PS: Ein eigen kompetansetanseutviklingspakke for skulebibliotek som pedagogisk verktøy er under arbeid i Språkløyper.