Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
19.02.2018

Hege er Språkløyper-påmeldt nummer 500

Norsklektor Hege Leigland Nybakk ved Elverum vgs ser fram til oppstartsamling på Gardermoen i april. Ho trur fleire i vidaregåande er i ferd med å få auga opp for innhaldet i Språkløyper.

Påmeldingane til Språkløypers oppstartsamlingar strøymer på, og passerte før helga 500. Vidaregåande ser ut til å få ein klar auke i deltakarar i år, og den som braut milepålen som påmeldt nummer 500 var (*trommevirvel!*) Hege Leigland Nybakk frå Elverum videregående skole.

Her melder du deg på oppstartsamling

 

- Kva er bakgrunnen din som pedagog?

- Eg har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo og har undervist i norsk og engelsk i den vidaregåande skulen sidan 1994. Eg har òg lang erfaring som sensor i norsk ved sentralgitt eksamen.

 

- Kva fag og kva linje eller elevar jobbar du med i dag?

- I dag er eg avdelingsleiar for studiespesialisering ved Elverum videregående skole. Eg har mellom anna ansvar for norskfaget og norsklærarane. Akkurat i år har eg ikkje undervising, men eg underviser vanlegvis i norsk på studiespesialisering.

 

- Kvifor ville du delta på Språkløypers oppstartsamling?

- Skulen hadde planar om å bli med allereie for eit par år sidan, men av ulike årsakar blei det ikkje noko av. No vurderer vi å bruke Språkløyper som nytt utviklingsprosjekt ved skulen. Vi har jobba mykje med å endre skriveopplæringa i norskfaget, og vi har òg fokus på skriving i andre fag og på lesestrategiar.

 

- Kva ventar du deg av oppstartsamlinga?

- Eg forventar å bli meir kjent med kva Språkløyper faktisk er for noko og korleis andre vidaregåande skuler har brukt Språkløyper. Vi er tre som deltek frå skulen på oppstartsamlinga på Gardermoen. I tillegg til meg er det ein av lærarane, som òg er lærarspesialist i norsk, og den tredje er leiar for bibliotekprosjektet ved skulen. Vi vil nok heile dagen vurdere korleis vi eventuelt kan arbeide vidare med Språkløyper ved skulen vår.

 

- Fleire i vidaregåande ser ut til å få interesse for Språkløyper – kva trur du er årsaka til det?

- Stadig fleire ser nok at det å satse på å lære elevane strategiar når dei skal lese og skrive, det å jobbe bevisst med dette, gjer at dei lærer meir effektivt, skriv betre og blir tryggare på korleis dei skal løyse ulike oppgåver, seier Hege Leigland Nybakk.

Les invitasjonen og få meir informasjon om Språkløyper og oppstartsamlingane her (pdf)

 

Her er datoane og stadane oppstartsamling blir arrangert på:

10. april: Stavanger

11. april: Kristiansand

12. april: Bergen

13. april: Trondheim

24. april: Alta

25. april: Bodø

26. og 27. april: Gardermoen

Programmet går føre seg frå kl 10.00 til 15.00 alle stadar.

Det er eigne program for barnehage, barnetrinn og ungdomstrinn/vidaregåande.