Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
10.01.2018

I Strand går dei «all in» som språkkommune

Alle barnehagane og alle grunnskulane er med når Ryfylke-kommunen tar eit krafttak for betra lese- og skrivekunnskapar - med Språkløyper og språkkommune-status.

Tunnelprosjektet Ryfast skal neste år gjera Ryfylke-regionen ferjefri, og på Tau er dei i gang med å byggja ny skule for omtrent 260 millionar, før ny kyrkje med tida kjem på plass same stad.

Det skjer mykje i Ryfylke-kommunen Strand, men kanskje ein like viktig jobb for framtida: Ei auka satsing på språk, lesing og skriving blant dei som blir innbyggjarane i framtida. Først med bruk av Språkløyper, så med språkkommune-status frå midten av fjoråret.

Ny skule er i ferd med å bli bygd på Tau, der June Bjørheim (t.v.) og Solfrid Norland byggjer kunnskap gjennom Språkløyper og språkkommune-prosjektet.

 

Les og: Info og påmeldingsskjema for å bli språkkommune

Systematisk og heilskapleg

Strand kommune bestemte allereie for ei tid sidan å jobba systematisk og heilskapleg med språk. Ei arbeidsgruppe blei då sett ned og Språkløyper etter kvart tatt i bruk. Sidan, nærare bestemt i fjor, fekk så Strand godkjent søknaden om å bli språkkommune.

Årsaka til at me ville bli språkkommune er at me ser behovet ligg der - på fleire nivå - i og med at elevar i Strand i snitt ligg under nasjonalt nivå i lesing og skriving. Me ønskjer å ha fokus på språkopplæring både i barnehagar og skular. Me har relativt stor del elevar som får spesialundervising, og me håpar at tidlig innsats og systematisk arbeid med  språk allereie i barnehagen skal vera med å bidra til at behov for spesialundervisinga går ned. På lengre sikt ønskjer me òg at arbeidet med språk skal vera med på å heva utdanningsnivået blant innbyggjarane i kommunen, seier Solfrid Norland, ressursperson for skule i språkkommune-prosjektet i Strand, og til dagleg rektor ved Tau skule.

Skulen har rundt 60 tilsette og 380 elevar fordelt på 1. til 7. trinn, og var blant dei første i kommunen som tok i bruk Språkløyper.

Strand satsar som språkkommune tungt på språkutvikling, her ved kontaktlærar Ingunn Løland i 3A på Tau skule.

 

Les òg: Språkkommunen Nærøy har fått flere aha-opplevelser og ny bevissthet

Forskingsbasert og forpliktande

Spes.ped.-leiar June Bjørheim har vore sterkt involvert i arbeidet med Språkløyper frå starten av ved Tau skule.

Samtidig som at vår skule starta arbeidet med Språkløyper hausten 2016, starta skuleeigar arbeidet med systematisk arbeid med språk både i barnehage og grunnskule. Ei arbeidsgruppa beståande av representantar frå både skule og barnehage laga ein plan for arbeid med Språkløyper i kommunen. I denne prosessen vart det og søkt om å bli språkkommune, forklarer ho.

Når me nå er språkkommune, får me sjansen til å gjera eit skikkeleg løft. Satsinga blir både meir spissa, forskingsbasert, forpliktande og formalisert. I tillegg til at dei økonomiske tilskota gjer praktiske moglegheiter, legg Bjørheim og Norland til.

Sistnemnde er frikjøpt i 10 prosent i stillinga som ressursperson for skulane i dette arbeidet.

Motorisk trening er viktig for språkutviklinga, konstaterer pedagogisk leiar Tone Kirsti Torgersen (t.h.) og verksemdsleiar Berit Idsøe Bringaker ved Førland barnehage. Sistnemnde er prosjektleiar for Strand språkkommune.

 

Les òg: Språkkommunen Hammerfest er glad for struktur og raud tråd

Heile kommunen er med

Ei mil lenger sør i kommunen, på Jørpeland, ligg den fem avdelingar store Førland barnehage, med 84 barn i alderen eitt til seks år. Berit Idsøe Bringaker er verksemdsleiar, og i tillegg til å leia dei rundt 20 tilsette har ho sidan i fjor vore prosjektleiar for språkkommune-prosjektet i Strand.

- Me vil auka kompetansen hjå dei tilsette om språk, og tillét oss å vera rause i målsettinga: Her står det at det arbeidet me legg ned, skal visa igjen i betre lese- og skriveferdigheiter oppover i skuleløpet til barna. Me i barnehagane kan konkret gjera ein innsats her blant anna ved å bruka bøker og skapa leseglede. Særleg gutar er utsette her, dei vel gjerne andre aktivitetar. Difor må me leggja til rette for situasjonar som skapar gode opplevingar med lesing, seier Bringaker.

Barnehagen har frå starten vore aktiv Språkløyper-brukar, og Bringaker er etter språkkommune-statusen frikjøpt i 20 prosent av stillinga for å vera prosjektleiar og ressursperson for barnehage.

Alle dei åtte grunnskulane og alle dei ti barnehagane – både offentlege og private – er med i språkkommunearbeidet. Eit sentralt poeng, påpeikar prosjektleiaren.

Me har ein kommunalsjef som frå starten av har vore bevisst på at me som kommune skal dra dette saman og at det er viktig at alle er med. Dermed får me då òg eit felles løft. Når leiinga er så klare på at dette punktet, kan ingen nedprioritera det, seier Bringaker.

Slike eventyrkoffertar gjer at barn i Førland barnehage får god språktrening, når dei gjenfortel eventyr med hjelp av rekvisittar som ulven og grisane. Seinare har barnehagen utvida utvalet til bokkoffertar, med utgangspunkt i ulike barnebøker.

 

Les òg: Å bli språkkommune har auka motivasjonen i Sykkylven

Tru på mindre fråfall

Framover det neste året skal kunnskapen setjast ut i livet og brukast i det daglege arbeidet, både i barnehagane og skulane i Strand. Lærande nettverk, både for barnehage- og skulesektoren, blei etablert frå starten, og desse møta skal halda fram utover, for å sikra god framdrift og gjennomføring i heile kommunen. Då kan konsekvensane bli både gode og langtrekkande.

I tillegg til betre lese- og skriveferdigheiter generelt, håpar me på lengre sikt at færre droppar ut av vidaregåande opplæring, og eit auka utdanningsnivå i befolkninga i kommunen generelt. Grunnlaget blir lagt i førskulealder, seier Bringaker.

Ho trur det er ein stor fordel for Språkløyper-arbeidet å vera språkkommune, ettersom alle dei involverte einingane då kan ha same målet og fokuset.

Ved Tau skule lenger nord er dei samde i det poenget.

Språkkommune-prosjektet løftar alt eit hakk vidare, med ein ny giv og meir forplikting og engasjement. «berre gjer for å gjera det,» meiner June Bjørheim.

 

Tekst og foto: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg:

Kven blir nye språkkommunar i 2018? Dei utvalde kommunane og fylkeskommunane får økonomisk støtte til å driva utviklingsarbeid rundt språk, lesing og skriving. Søknadsfristen er 9. mars.

Sju kommunar blei éin språkkommune Me løftar i lag og støttar kvarandre, seier prosjektleiar Tove Hanne Ommedal om Nordfjord-samarbeidet.

Fjaler, Gulen og Hyllestad har samarbeida som språkkommunar Å vere språkkommune gjev høve til å få eit skikkeleg fokus på språkarbeidet og systematisk og heilskapleg utviklingsarbeid, seier utviklingsleiar Åsmund Bertelsen.