Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
05.12.2017

Ny pakke om lese- og skrivevanskar

«Innføring - Lese- og skrivevansker på barnetrinnet» er klar til bruk.

Nok ein ny kompetanseutviklingspakke i Språkløyper-universet er publisert og tilgjengeleg.

Innføring – Lese- og skrivevansker på barnetrinnet kan du ta i bruk her.

Pakken svarer på sentrale spørsmål som «Hva ligger i betegnelsen lese- og skrivevansker?», «Hva er kjennetegn på dysleksi?» og «Hvordan utvikles ordavkodings- og staveferdighet?»

Målgruppa er, som namnet indikerer, alle lærarar på barnetrinnet, spesialpedagogar og pedagogar som arbeidar med elevar som har utfordringar med skriftspråket.

Innføring – Lese- og skrivevansker på barnetrinnet gir både innblikk i det «typiske» utviklingsforløpet og går nærare inn på kjenneteikn ved lese- og skrivevanskar.

Utfordringar med skriftspråket blir ofte oppdaga i løpet av dei første åra på skulen, men kan òg koma til syne seinare i skuleløpet. Difor er innhaldet i denne kompetanseutviklingspakken ikkje trinnspesifikt.

Les òg:

Derfor er lesing og skriving viktig også i design og håndverk Håndverksfagene har hatt en sterk muntlig tradisjon, men den teknologiske utviklingen øker kravene til gode lese- og skriveferdigheter også her.

Språkvanskar hjå skulebarn – kva kan du gjera? Språkløypers nye kompetanseutviklingspakke gir deg svar dersom du uroar deg over elevar i klassen som ikkje tileignar seg språk som vanleg.

Slik lukkast du med nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet Jau, vi kan! Denne nye Språkløyper-pakken og høgskulelektor Hjalmar Eiksund har råda du som lærar treng for å gi undervisinga ein ekstra boost.