Hopp til hovedinnhold
Ingrid H. Høibo og Anette Hagen
AV Ingrid H. Høibo og Anette Hagen
23.10.2017

Me treng meir god sakprosa for barn og unge

Å kutte i støtta til sakprosaen kan ramme elevar som slit med lesing. Me treng meir god sakprosa for barn og unge, ikkje mindre, skriv Ingrid Holmboe Høibo og Anette Hagen ved Høgskolen i Sørøst-Norge.

 

Av Ingrid Holmboe Høibo høgskolelektor, Estetiske fag, Høgskolen i Søraust-Noreg og Anette Hagen, doktorgradsstipendiat, Språk og litteratur, Høgskolen i Søraust-Noreg
Teksten er også publisert på Forskning.no

Dei seinare åra har debatten om gutar som heng etter på skulen vore massiv. Utslaget blir særleg tydeleg i dei mange målbare leseprøvene, mellom anna PISA og PIRILS. Vitarane er ikkje eins om kva skulen manglar for å få bukt med problemet, men at skuletilpassing og leseferdigheiter er ulikt fordelt på gutar og jenter, kjem klart fram.

Gutar er taparar på skulen, blir det sagt, sjølv om det sjølvsagt også i dette tilfellet er større individuelle forskjellar enn kjønnsforskjellar. Dessutan veit me at medan jenter ligg langt framme i å forstå og lese lengre tekstar som både er skildrande, forteljande og forklarande, vil gutar helst lese korte - faktatekstar og sakprosa. Gutar les for nyttas skuld.

Kuttar i sakprosa for barn og unge

Samtidig som ein kjeppest om å finne argument, grunnar og løysingsforslag for tidleg skulevegring og fråfall i vidaregåande blant gutar, blir det kutta kraftig inn i Kulturrådets innkjøpsordningar for litteratur. Sakprosa for barn og unge er ordninga som rammast hardast.

Dette er svært problematisk i ei tid da det er avgjerande at me kan tilby gode sakprosabøker til elevane i norsk skule. Nyleg løfta pedagogikkprofessor Peder Haug fram kor viktig rett stimulans i læringssituasjonen er i ein artikkel på barnehage.no. Utgangspunktet til Haug er at for tidleg skulestart tar frå ungane muligheiter til å lære gjennom eige engasjement og leik.

I forlenginga av dette meiner me at det også er viktig å velje ut læringsressursar med omhug. Ut i frå det me veit om gutar og lesing vil sakprosaen i denne samanhengen vera heilt sentral.


Mange gutar les ofte mest for nyttas skuld. Då er det problematisk at det blir kutta inn i innkjøpsordningar for sakprosa, skriv bloggforfattarene. (Alle illustrasjonsfoto: Getty)

Ikkje gløym bildebøkene

Fram til nå har nivået på sakprosa-bildebøker i Noreg vore av svært høg kvalitet. Ved sida av gode innkjøpsordningar, har bøkene blitt til utifrå engasjement og idealisme frå bokskaparar. Sjølv om idealisme er bra, kan me ikkje gjere oss avhengige av eit så tilfeldig grunnlag for kvalitetsutvikling av sakprosa-bildebøker.

Forfattarane og illustratørane bak bøkene skal og ha noko å leve av, og innkjøpsordningane har for mange medverka til økonomisk tryggleik. 

Ei av dei gode bildebokforfattarane innan sakprosasjangeren er Line Renslebråten. I Dyrene som forsvant, skriv og teiknar ho fram fleire av dei meir enn 800 artane som har forsvunne frå jorda på grunn av menneskeleg åtferd.

Mellom anna trekk ho fram dronten, fuglen som utvikla seg på øya Mauritius, der det ikkje fanst andre pattedyr. Då sjøfolket kom og kasta seg over dette lette byttet på slutten av 1500-talet, gjekk det berre hundre år før det siste eksemplaret døydde i 1681.

Lærer barna om noko dei elles ikkje ville sett

Dei siste 40 åra har me mista over halvparten av dyra våre. Fiskar, fuglar, reptil og amfibier og fleire står i fare. På den norske raudlista står det oppført over 4500 artar. I boka «Møt fjellreven» presenterer illustratøren Inger Lise Belsvik og forfattarane Nina Eide, Terje Borg og Camilla Næss oss for kva ei slik massiv endring i eit økosystem kan føre med seg.

Fjellreven har budd i Noreg lengre enn oss menneskjer. Han er skapt for nøysamt liv i is og snø. Her har han lenge vore dominerande og åleine om å utvikle spesialeigenskapar tilpassa eit kaldt klima.

Med klimaendringa kom utfordringane, konkurranse og mindre mat. Det pleidde å vere tusenvis av fjellrev i fjella våre, men nå er det berre nokre hundre igjen i Noreg og Sverige til saman.

Spesielt viktig med eit godt tilbod for gutar

Når gutar får muligheita til å lese tekstar som i dømet over, blir interessa vekt. Bøker dei opplev som aktuelle, om tema som engasjerer med korte, informerande tekstar som er rikt illustrert, gjer innhaldet lettare tilgjengeleg.

Ved sida av illustrasjonar, kjenneteiknast bildebøkene også av eit grundig arbeid med design. Plassering og form på tekst og bildeelement blir nøye vurdert for å verke mest mogleg kommuniserande. Gjennom mellom anna utheving av viktige ord, faktaboksar, understreking og opplisting i kulepunkt, arbeider designaren med visuelle virkemidlar for å nå målgruppa med innhaldet i teksten.

Nettopp denne typen presentasjon av tekst viser seg at fungerer særleg godt når gutar og menn skal lese, ifølgje forskarane ved Lesesenteret på Universitetet i Stavanger.


Bøker gutane opplev som aktuelle, om tema som engasjerer med korte, informerande tekstar som er rikt illustrert, gjer innhaldet lettare tilgjengeleg.

Me må halde liv i sakprosaen

Å bruke dyr som innfallsvinkel til å snakke med barn om natur, skaper engasjement, det stadfester også forfattar Cecilie Winger. I eit debattinnlegg i Aftenposten skriv ho at sakprosa for barn truleg er den viktigaste litterære sjangeren når det gjeld å utvikle leseferdigheiter hos gutar.

Hilde Slåtto i Foreininga !les konstaterer på nettsidene deira at sakprosaen òg skaper sjølvstendige individ som kan orientere seg i ei stadig meir komplisert verd. Ho stadfester at stoda for sakprosa for barn og unge no er kritisk.

Også seinare i utdanningsløpet, som student i høgare utdanning, vil trening på å lese, forstå og sjølv skrive tekst i sakprosaform vere viktig. Lysta til å gå inn i slike tekstar bør me oppmuntre og støtte. I arbeidslivet vil truleg majoriteten av oss både lese og skrive i ei form som ligg nærare sakprosa enn skjønnlitteraturen.

Difor treng me også kvalitet i bøkene som lagast for barn. Innkjøpsordninga utgjer ein svært viktig sikkerheit og støtte til dei som lagar bøker. Kutt i innkjøpsordninga vil kunne føre til at færre satsar på å lage slike bøker i Noreg. At dette går på rekninga til sakprosaen er svært uheldig.

Me kan ikkje ta bort ein sjanger som både fordrar leseglede og læringslyst hjå ei gruppe som slit med å nettopp utvikle leseferdigheiter på skulen. Og me skuldar både fjellreven og dronten å halde livet i dei gjennom eit av dei fyrste og mest populære media barn møter i livet, nemleg bildeboka.

Bildebokkonferansen 2017 arrangeres ved Høgskolen i Sørøst-Norge 26. oktober.

 

 

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

15.12.2017

15.12.2017

15.12.2017

15.12.2017

15.12.2017

FØLG OSS