Hopp til hovedinnhold
Tor Egil Furevikstrand
AV Tor Egil Furevikstrand
21.03.2017

Ein kreativ inngang til skriving

- Enkelte TV-seriar er godt eigna til å modellere ein undrande lesemåte for elevar; ein lesemåte som dei seinare kan overføre til lesing av skriftlege tekstar, seier lektor i norsk og leiar for Språkløyper ved Dale vidaregåande skule, Tor Egil Furevikstrand.

Mange elevar kjem til vidaregåande skule som urøynde lesarar, og nettopp difor må lærarar merke tydlege løyper inn i skriftlandskapet for dei. Elevane må altså få gode kart som syner korleis dei skal orientere seg i og rundt tekst. Men startpunktet for alle slike leseløyper treng ikkje å vere ein skriftleg tekst.

Den løypa som eg skal skissere under, startar iallfall ein annan stad. Ideen til akkurat denne løypa fekk eg på den aller første Språkkommuner-samlinga, hausten 2016. Her såg vi ein video med leselæraren Rick Kleine i hovudrollen. Han involverte elevane sine mykje i leseprosessen, lét dei lese og diskutere tekst i fellesskap og klarte på ein god måte å skape rom for undring. Ei slik tilnærming til novella vil vere interessant, tenkte eg då. Men i etterkant såg eg HBO-serien The Night of, og eg visste brått at det var her eg måtte starte. Eg må utnytte at mange elevar er røynde serie-slukarar.


Læraren ville utnytte at elevane var røynde serie-slukarar. (Alle foto: Getty)

HBO-serien The Night of er djupt ubehageleg, faktisk såpass krevjande at eg og kona ikkje makta meir enn tretti minutt i fyrste omgang. Fyrste episode av serien er ein einaste lang utforbakke for hovudpersonen; han gjer feilval på feilval og går frå å vere ein skuleflink gut til å verte drapsmistenkt på kort tid. Denne nedstiginga er glimrande regissert gjennom verdibaserte vendepunkt, uhyggelege frampeik og tydelege kontrastar. Men sjølv om ubehaget er sterkt, er dei tretti fyrste minutta av serien godt eigna til å modellere ein undrande lesemåte for elevar; ein lesemåte som dei seinare kan overføre til lesing av skriftlege tekstar.

Det første eg gjorde, var å vise vignetten frå The Night of til elevane og late dei tenkjeskrive rundt han. Vignetten strekar under stemninga i serien og introduserer nokre sentrale motiv – og det gjev elevane høve til å fabulere over kva som vil skje. Deretter ser vi dei fyrste tretti minutta, men eg stoppar etter kvar scene og spør elevane om å kommentere handlinga, eventuelt revurdere den teorien dei laga seg innleiingsvis. Som lærar er eg raus og spørjande undervegs, brukar fagord og lèt elevane fylle inn dei tomme romma i teksten. Den interaksjonen som skjer mellom serien og elevane, skaper indre førestillingar hjå dei, men dei lyt endre lesingane sine etter kvart som handlinga skrid fram. Klassisk medskaping à la Wolfgang Iser, med andre ord.

Ein slik undrande lesemåte vil eg overføre til novella. Eg vel ut novella «Falle» av Rakel Solstad som modelltekst, og gjev elevane ei tradisjonell oppgåve: Les gjennom novella. Det gjorde elevane, men dei likte ikkje novella. Kvifor? Dei klarte ikkje å fylle inn dei tomme plassane i novella åleine. Dei trong hjelp til å ta seg inn i teksten. Avsnitt for avsnitt plukka vi difor novella frå kvarandre, undra oss over formuleringar og smakte på relevante fagomgrep.


Elevane las ei krevjande novelle, og trong hjelp til å ta seg inn i teksten.

I fellesskap dekonstruerte vi altså modellteksten, og vi la vekt på forholdet mellom menneske og natur, mellom det indre og ytre:

Lyden av motorsag. Eg går inn på soverommet som vender mot baksida av huset. Eg ser det første treet falle. Det er ei gran. Dei skjer henne i to.
   Med sprikande og villfarne greiner blir dei to delane køyrde vekk på traktoren. (Solstad 2015, s. 11)

Dei besjela granene er i novella ein parallell til eg-et som har mista kona si. Urna hennar vert i opningsscena sleppt i havet, men for elevane er det absurd at mannen litt seinare gøymer seg i lauva frå eit lønnetre på kyrkjegården. Dei treng rettleiinga for å forstå at dette er ei romantisk rørsle; eg-et freistar å verte eitt med naturen og gå opp i det store krinslaupet. Motivisk vert denne rørsla samla når motiva «hav» og «lauv» møtest i «lauvhavet». Når elevane knekkjer slike litterære kodar, kjem forståinga etter kvart, og dei oppdagar at novella når inn til dei; at ho rører ved dei.

Elevane skal deretter skrive si eiga novelle etter modell frå «Falle». Men i mellomtida har eg vore til doktor. På venterommet hang det ein plakat om hjelp til sjølvhjelp. Den eine halvdelen av plakaten var svart, den andre kvit. Plakaten understrekar gjennom eit utval parallellar korleis du sjølv kan ta større ansvar for den psykiske helsa di. Eigentleg eit godt tekstvedlegg for kreativ skriving, tenkte eg. Og så passar den godt saman med «Falle» – og kanskje kan plakaten løfte elevtekstane? I staden for at novellene endar i svartaste svart, så får vi kanskje eit gløtt av håp?

Uansett, elevane skal så skrive si eiga novelle, og dei skal ta utgangspunkt i plakaten og bruke novella som modelltekst. Dei får altså ikkje skrive fritt; dei lyt fylgje ei nokså streng oppskrift. Oppgåvelyden definerer ei rekkje moment i teksten deira, som til dømes tittel, leiemotiv og kontrast. Elevane vert oppmoda til å bruke sansane når dei skriv og lage romantiske naturskildringar.

Ein skulle tru at slike krav vart tvangstrøyer for elevane, men det syner seg at det tvert om frigjer kreativitet hjå dei. Elevane skriv poetiske noveller som tematiserer eksistensielle sider ved livet, alluderer både til «Falle» og The Night of, og elevane syner eit nokså høgt danningsnivå gjennom tekstane dei skriv. Til slutt samlar vi alle novellene i ei novellesamling, som vi kallar for Oppreist. Fallande. 28 romantiske forsøk. Alle elevane får kvar si utgåve.


Elevane skreiv si eiga novelle, etter ganske strenge rammer.

Og der er vi no. Neste steg for elevane vert å lære seg novelletolking. Framleis vil «Falle» vere primærteksten. Her vil eg at vi skal bruke den dekonstruerte utgåva av «Falle», som er ein PDF med mange merknader. Ut frå den ynskjer vi å skrive fram eit mønstersvar i fellesskap. I prosessen konstruerer vi ei tolking som dreg vekslar på ein modelltekst som eg allereie har skrive, og innfall som elevane kjem med. Vona er sjølvsagt at dette skal gjere elevane betre rusta til å skrive eigne, sjølvstendige tolkingar seinare.  

Denne øvinga har overtydd meg om at samtalar om tekstar i klasserommet, aukar forståinga til elevane. Ein må løfte fram tekstane og bruke det fagspråket den analytiske tilnærminga krev. Og etter å ha sett opninga av serien The Night of, kommenterte ein elev lagnaden til hovudpersonen i serien slik: «Grunnen til at serien skaper eit så sterkt ubehag, er at vi kan identifisere oss med hovudpersonen. Det kunne ha skjedd med kven som helst av oss». Fin empatisk lesing, kommenterte eg. Men kom han på det sjølv eller var forståinga eit resultat av den samtalen klassen hadde hatt kring serien? Helst det siste, trur eg.   

Les også:

Tommel opp for bruk av modelltekstar Å bruka modelltekstar i skriveopplæringa, eller eksempeltekstar som det heiter i Kunnskapsløftet, gir mange fordelar, skriv førsteamanuensis Anne Håland ved Lesesenteret.

Nobelprislitteratur og rosablogg i naturfagstimen En dag befant jeg meg plutselig i et VG3 påbygg-klasserom med en stor stabel tekster om Tsjernobyl. På svensk. I naturfagtimen. Hvordan kom jeg på det? Og hvordan gikk det egentlig? skriver lektor Rønnaug Skorem.

Ikke bare virkemiddelbriller Elever blir bedt om å se etter virkemidler når de skal analysere litteratur. Men det er vel så viktig at de lærer å se på litteratur som kunstverk, skriver forfatter Heidi Sævareid.

Les alle innlegg på Språkløyper-bloggen

 

 

 

 


 

 

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

21.09.2017

21.09.2017

21.09.2017

21.09.2017

21.09.2017

FØLG OSS