Hopp til hovedinnhold
Åse Wetås
AV Åse Wetås
28.10.2016

Norsk skole på engelsk

Tendensen til bruk av engelsk ved norske høgskolar og universitet ser ut til å forplanta seg nedover i skoleverket. Resultatet kan bli at me utdannar nye generasjonar som aldri gjennom skole- og studieløp har fått den kjennskapen til norsk språk dei vil trenga som vaksne, skriv Språkrådet-direktør Åse Wetås.

Åse Wetås er direktør i Språkrådet.

Norskfaget er eit av dei berande og mest sentrale faga i den norske skolen. Dette blir spegla både i opplæringslova og i læreplanane for den offentlege skolen. Stortingsmeldinga om norsk språk slår fast at det overordna målet for språkpolitikken i landet vårt er å sikra posisjonen for norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk.

Det vil seia at det norske språket skal ha eit ordforråd som gjer det naturleg å bruka det i alle delar av samfunnslivet, på alle språklege bruksområde og i alle språklege bruksfunksjonar. Den offentlege skolen er ein viktig arena for å sikra at dette målet blir nådd.

Meir engelsk i arbeidsliv og utdanning

Me ser ein tydeleg tendens til at engelsk stadig får ein sterkare posisjon i samfunnet vårt, også i opplæring og utdanning. Mange ser på gode ferdigheiter i engelsk som ein nøkkelkompetanse i eit samfunn og arbeidsliv som blir meir globalisert og internasjonalisert.

Det blir difor lagt stor vekt på engelskopplæring allereie frå første klassetrinn i det offentlege skoleløpet, men for mange ser det ikkje ut til å vera nok. Då tronarvingen vår for eit par år sidan byrja på den internasjonale skolen i Bærum, der undervisningsspråket er engelsk, utløyste det eit ordskifte om kor viktig norskfaget som dannings- og kulturfag er for alle som skal leva og virka i det norske samfunnet.

Forsøksordninga i Oslo

I dei seinaste åra har det frå fleire hald vorte fremja ønske om å etablera eit engelskspråkleg undervisningstilbod også i den offentlege skolen, ikkje minst for dei som ikkje har høve til å søkja seg til privatskolar som gjev eit slikt tilbod. Utdanningsdirektoratet gav nyleg klarsignal for at Manglerud skole i Oslo frå og med denne hausten kan starta engelskspråkleg undervisning for til saman 80 elevar i 1.–4. klasse som ei prøveordning i fire år.


Engelsk blir hovudspråket for elevar ved Manglerud skule i Oslo. (Illustrasjonsfoto: Getty)

Elevane skal få opplæringa si på engelsk i alle fag utanom norskfaget. Elevane skal ha ei viss norskundervisning, men timetalet i norsk for desse elevane vil vera lågare enn for elevane som følgjer det ordinære skoleløpet. Tilbodet er gratis, og alle elevar som er busette i Oslo, kan søkja på det.

Utdanningsbyråden i Oslo har understreka dei mange positive verknadene av forsøksordninga. Ho meiner den offentlege skolen skal vera det naturlege valet for alle, og er glad for det engelskspråklege tilbodet i Oslo i ei tid med auka internasjonalisering. Men kva verknader vil dette tilbodet ha for kompetansen desse elevane får i norsk? Vil ikkje eit slikt tilbod truga målet om å sikra norsk som fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg dersom tilbodet blir etablert fast når forsøksperioden ved Manglerud skole er avslutta?

Les òg: Dataspill i skolen i stedet for Ibsen?! Særlig ...

Verknader for norsk

Kompetanse i norsk blir utvikla gjennom bruk av norsk i ulike samanhengar og på ulike fagområde. Til dømes vil elevane læra norske ord og omgrep som har med naturfag å gjera, i naturfagtimane på skolen, medan undervisninga i mat og helse utviklar ordforrådet på det feltet.

Slik blir elevane sette i stand til å formulera seg om det meste dei treng ute i det norske samfunnet, både praktisk, sosialt og emosjonelt. Og slik legg me grunnlaget for at norsk held fram med å vera eit brukande språk på alle fagområde.

Det har alt lenge vore ein sterk tendens til bruk av engelsk ved norske høgskolar og universitet, og denne tendensen ser nå ut til å forplanta seg nedover i skoleverket. Resultatet kan bli at me utdannar nye generasjonar som aldri gjennom skole- og studieløp har fått den kjennskapen til norsk språk dei vil trenga når dei som vaksne møter arbeids- og samfunnslivet.


Kompetanse i norsk blir utvikla gjennom bruk av norsk i ulike samanhengar og på ulike fagområde, skriv Språkrådet-direktør Åse Wetås. (Illustrasjonsfoto: Getty.)

Eigeninnsats ikkje nok

Skoleetaten i Oslo er ikkje uroa for at den sterke vektlegginga av engelsk vil få følgjer for den norske språkkunnskapen til elevane. Dei har hevda at sidan norsk er fellesspråk i landet vårt, vil ungane læra den norsken dei treng utanom skoletida. På Manglerud skole vil dei dessutan kompensera for det lågare undervisningstalet i norsk ved å forventa at elevane og heimen gjer ein større innsats.

Til det er å seia at ei systematisk og målretta opplæring i lese- og skrivedugleik og i norsk som kultur- og danningsfag vanskeleg kan erstattast av eigeninnsats i fritida. Lærarane i skolen er profesjonelle og kvalifiserte for arbeidet sitt og legg ned ein stor jobb kvar dag for å gje ungane ei god norskopplæring. Å venta at det i kvar heim finst ressursar som kan kompensera for dette systematiske arbeidet, verkar underleg.

Det er grunn til å uroa seg over verknadene forsøket med engelskspråkleg undervisning på Manglerud skole kan få for kompetansen i norsk for den einskilde eleven, og det er ikkje minst grunn til å uroa seg for dei langsiktige konsekvensane det vil ha for samfunnet dersom norsk som språk- og danningsfag blir overlatt til den enkelte heimen.

Les òg:

Språkløyper får to tomlar opp av testgruppa

Norges første språkkommuner er klare

Høytlesing fremmer god språkutvikling

Kommentarer

Ingen kommentarer på denne bloggen ennå

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

23.11.2017

23.11.2017

23.11.2017

23.11.2017

23.11.2017

FØLG OSS