Hopp til hovedinnhold
Ole Ivar Burås Storø
AV Ole Ivar Burås Storø
09.11.2016

Skeptisk til nynorsk? Ikkje no lenger

Den nynorske leseaksjonen Tid for ti er med på å auke elevanes språklege sjølvbilete og etablerer betre haldningar til nynorsk, skriv Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les.

Ole Ivar Burås Storø jobbar i Foreningen !les. 
(Portrettfoto: Julia Naglestad/B13.no)

Tid for ti er ein nasjonal, nynorsk leseaksjon på 7. trinn i norsk skule. Aksjonen blei starta hausten 2015 av Foreningen !les i samarbeid med Nynorsksenteret. Første året var ein suksess med over 450 påmeldte skular og nærare 15 000 elevar frå heile Noreg.

Elevar frå bokmåls- og nynorskskular fekk ein antologi med utdrag frå ti nyare nynorske ungdomsbøker. Aksjonen var knytt til fleire av kompetansemåla etter 7. trinn. Nettsida tidforti.no var ein viktig ressurs for både lærarar og elevar under prosjektperioden.

Tekst og lyd - alle kunne delta

Dei ti bokutdraga i Tid for ti var meint å gje elevane smakebitar på nynorske bøker og motivere dei til å lese heile bøkene utdraga var henta ifrå. Utdraga var og tilgjengelege på nett som tekstar og som lydfiler. Lydfilene gav dei lesesvake elevane sjansen til å delta i den same teksten som dei meir lesesterke elevane. Slik oppstod eit fellesskap rundt litteraturen uavhengig av leseferdigheit.

Fleire av elevane besøkte biblioteket for å låne bøkene utdraga var henta frå. Tekstane gav dei motivasjon til å lese nynorsk og kjennskap til ulike sjangrar. Det var og fleire elevar som likte bøkene betre enn utdraga. Slik verka utdraga etter hensikta, som var at dei skulle motivere elevane til meir djupnelesing.

15 000 7.-klassingar deltok i Tid for ti 2015, og fleire fekk dermed auga opp for god, nynorsk litteratur. (Foto: Getty)

Ærlege tilbakemeldingar

På Klassesida på tidforti.no fekk elevane moglegheita til å gje ærlege tilbakemeldingar på korleis dei opplevde tekstane dei las. Det var stor respons med heile 521 kommentarar frå elevane, og det var ulike meiningar om utdraga. Elevane har forskjelleg smak. Alle likar ikkje dei same tekstane, men ved å vise fram ei breidde å velje i er sjansen større for at dei finn ein tekst de likar. Samstundes får dei moglegheit til å oppdage tekstar dei kanskje på førehand ikkje trudde dei ville like. Utdraga set den litterære døra på gløtt og lokkar elevane vidare inn i bøkene.

I ein artikkel i Norsk litterær årbok 2014, skriv Marianne Røskeland at «gjennom fiksjon kan leseren få innblikk i en virkelighet som ligner den virkelige verden, og denne verden kan virke tilbake på forståelsen av virkeligheten.»

Fleire av tilbakemeldingane antyder at elevane i Tid for ti har opplevd ei slik tilnærming til litteraturen og at dei har klart å overføre det dei las til sine eigne liv.

I romanen Kjære søster til dømes skriv Alf Kjetil Walgermo om korleis sosiale medium fungerer som eit ledd i sorgarbeid. Boka handlar om Eli Anne som har mista søstera si og som på Facebook-veggen hennar skriv for å halde på minna og for å fortelje alt ho ikkje fekk sagt då søstera levde.

Tilbakemeldingane viser at denne teksten etablerte sterke følelsar og engasjement hos dei unge lesarane. Dei kunne føle smerten sjølv, skriv dei, og ein elev seier han sjølv begynte å tenke på kva han ville gjort viss nokon han er glad skulle døy.

Fleire påpeikar og at måten boka er skrive på, som ein Facebook-vegg, var realistisk og på den måten fekk i gong tankar om nære relasjonar, fordi «ein vit at ein kjem til å miste nokon ein er glad i ein dag.» Dei likte og at forfattaren påpeika at det ikkje alltid er sorg går over, og grunngav det med at «det er slik det er i livet.»


Elevene blei engasjerte i tekstane dei las, og overførte møtet med litteratur til sine eigne liv.

Positive bokmålselevar

I Tid for ti har elevane fått møte nynorsk kvalitetslitteratur. Dei har fått lese og dei har fått meine noko om det dei las. Dei har fått oppleve korleis litteraturen kan virke på følelsar og tankar om livet. Dei har auka refleksjonsnivået og blitt flinkare til å tenkje kritisk og tolke det dei las.

Mykje tydar på at aksjonen har bidrege til at elevane har utvikla seg til å bli betre lesarar og til at særleg bokmålselevar no har eit meir positivt syn på nynorsk. Fleire understreker og at elevane ikkje lenger gruar seg til å møte nynorsk på ungdomsskulen.

Tid for tid byggjer ned fordommar og dempar frykta for nynorsk. Og det er først og fremst tilgjengelegheita av og kvaliteten i litteraturen som bidreg til det.

Les òg:
Skolestartfest i biblioteket!

Barnebokfeltet treng meir kritisk refleksjon
Forfatterens beste skrivetips

Kommentarer

Ingen kommentarer på denne bloggen ennå

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

19.09.2017

19.09.2017

19.09.2017

19.09.2017

19.09.2017

FØLG OSS