Hopp til hovedinnhold
Førstelektor Margunn Mossige
AV Førstelektor Margunn Mossige
16.03.2016

Faglærarar har også ansvar for leseopplæringa i vidaregåande skule

Korleis ville det bli om norsklæraren skulle hjelpe elevane med vokabularet i fagtekstar innanfor fag han ikkje kan? skriv førstelektor Margunn Mossige ved Lesesenteret.

Margunn Mossige er førstelektor ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger, og prosjektleiar for Språkløyper.

”Eg veit at fleire av elevane mine ikkje er så flinke til å lese, så eg må forklare lærestoffet for dei dersom dei skal lære det”, sa ein pragmatisk lærar i byggfag til meg ein gong, og lét elevane sleppe å lese lærebøkene.
”Stoffet lærebøkene i naturfag er så vanskeleg at elevane på Vg1, yrkesfagleg studieprogram, ikkje har utbytte av å lese det”, sa naturfaglæraren, ”elevane lærer det dei skal når eg forklarer i timane.”

Sjå filmen "Lesing i elektro" på Lesesenterets nettsider.

Begge desse lærarane meinte at det var norsklæraren som skulle stå for leseopplæringa. Og kva seier så norsklærarane? Jo, skjønnlitterære tekstar og saktekstar, lesing og lesestrategiar er tema i norskundervisninga, klart det. Men når det gjeld læreboka i naturfag, koplingsskjema i elektro eller manualen for bruk av anleggsmaskinar, vil det bli heilt feil at ein lærar som ikkje kan faget skal hjelpe elevane med leseforståinga.

Ein av dei mest avgjerande faktorane for å forstå ein tekst, er at ein forstår orda. Det gjeld daglegdagse ord og generelle akademiske ord – og ikkje minst gjeld det dei fagspesifikke omgrepa.

På vegen inn i universet til ribosomane, cytoplasmaet og organellane må naturfaglæraren vere guide og rettleiar. Helsefaglæraren underviser om insulin, prolaktin og glukagon, TIP-læraren må ta seg av tannvinkel, vikka sagblad og sagfuge, og elektrolæraren Y-koplinga og L-koplinga. Kvart fag har sitt spesialiserte vokabular som bare fagfolk beherskar fullt ut. Same ordet kan til og med ha heilt ulike tydingar. I fysikk har bølgje og energi sine eigne, spesifikke tydingar. Bipolar blir innan elektronikk brukt om ein transistor med to diodar – tydinga blir ei anna anna innanfor psykiatrien. Korleis ville det bli om norsklæraren skulle hjelpe elevane med vokabularet i fagtekstar innanfor fag han ikkje kan?

Sjå filmen "Å være leselærer i Teknikk og industriell produksjon" på Lesesenterets nettsider.

Biologi er ikkje plantar og dyr, det er en måte å kommunisere om plantar og dyr på. Astronomi er ikkje planetar og stjerner, det er en måte å kommunisere om dei på”, sa Neil Postman. Å lære vokabularet i eit fag er på mange måtar å lære faget. Det er ikkje gjort i ein fart å lære eit fagleg vokabular. Kven har førforståing av cytoplasma? Ofte må faglæraren bruke lang tid på å byggje opp eit innhald i eit omgrep, og knytte det til andre omgrep i faget. Når vi kan et fag, er fagorda knytta tett saman i nettverk som organiserer kunnskapen. 

Ta eksempelvis ordet substantiv, - orda verb, adjektiv og artikkel er ikkje langt unna. Ta ordet lava – vulkan, utbrot, kanskje også magma, Island eller oskesky fins i nettverket til omgrepet.  Når ein lærer fagorda, får ein også fagkunnskap, ein lærer faget sitt språk og korleis ein konstruerer kunnskap i dette faget.

Kan ikkje bare byggfaglæraren og naturfaglæraren med elevar som strevar med lesinga bare ha munnleg undervisning og lære det dei treng med å forklare omgrepa og byggje nettverk mellom dei?

På kort sikt kan det kanskje verke tenleg, men læraren gjer elevane ei bjørneteneste. Dersom eleven ikkje sjølv kan lese tekstane i faget sitt, vil han ikkje kunne hente fram kunnskapen dersom han skulle gløyme det læraren forklarte. Vidare vil han også vere avhengig av at nokon forklarer tekstane for han heile tida, og på lang sikt vil han vere avskoren frå å kunne utvikle seg innanfor faget og ta til seg det nye som kjem. Det fins ikkje yrke i dag kor ein ikkje treng å lese eller skrive, og i dag er det viktig å vere rusta for omstilling.

Dessutan er det å lese noko meir enn å kunne omgrepa. Kvart fag har eigne sjangrar det er nødvendig å setje seg inn i, og fleire ord enn fagorda som kan vere vanskelege. Vi veit dessutan at det for mange er ei utfordring å lese illustrasjonar, grafar og tabellar og å kople informasjon frå slike kjelder saman med verbalteksten. Naturfaglæraren må gjerne hjelpe elevane med å tyde illustrasjonen av cella for å hjelpe elevane til å forstå både kva ribosomar og cytoplasma er.

Se filmen "Fra paragraf til praksis - om å lese HMS-tekster i yrkesfag" på Lesesenterets nettsider

Det kan også vere ei utfordring å kople det ein ser med tekstane ein les. Både tannvinkelen, det vikka sagbladet og sagfuga kan elevane studere i praksis, før dei les om det i teoriboka. Men for nokre elevar er det vanskeleg å sjå samanheng mellom det dei gjer og ser, og det dei les. Då treng dei støtte frå læraren.

Også faglærarar må ta ansvar for leseopplæringa, og ha ein god verktøykasse med arbeidsmåtar og strategiar. På nettsidene til Lesesenteret er det små eksempelfilmar som viser korleis lærarar i yrkesfag bruker ulike strategiar for å få elevane sine til å vere aktive i møte med fagtekstar.

I Språkløyper vil det frå og med hausten 2016 vere kompetanseutviklingspakkar om lesing i fag for ungdomstrinnet og for felles- og programfag i vidaregåande skole. Påmeldinga til Språkløyper skjer gjennom skoleeigar innan 7. april.

 

Kommentarer

Ingen kommentarer på denne bloggen ennå

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

20.07.2017

20.07.2017

19.07.2017

19.07.2017

19.07.2017

FØLG OSS