Hopp til hovedinnhold
Av litteraturkritiker Eivind Myklebust
AV Av litteraturkritiker Eivind Myklebust
02.03.2016

Barnebokfeltet treng meir kritisk refleksjon

Barnebokkonferansane er prega av ein formidlingskultur som vektlegg det som fungerer, det som slår an og er viktig og vellykka, og med det set nokre grenser for både fagutviklinga og den frie meiningsutvekslinga, skriv litteraturkritiker Eivind Myklebust.

Innlegget vart fyrst publisert på Periskop.no.

Når vi formidlar litteratur til barn og unge, formidlar vi ikkje berre einskilde bøker og tankar, men også lese- og tenkemåtar – litterære, kritiske og, ja, også politiske. I delar av det barnelitterære feltet opplever eg at den eineståande entusiasmen for dei einskilde bøkene stundom går på kostnad av ein kritisk refleksjon rundt slike lese- og tenkemåtar. God litteraturformidling fordrar at ein les og diskuterer bøker frå ulike perspektiv og med ulike formål, og at formidlaren er skodd til å ta del i ungdomslesarens møte med litteraturen, som støttespelar, men også som utfordrar. Etter fleire festivalar, konferansar og føredrag i 2015 og 2016 – mellom anna fagdagen om ungdomslitteratur og formidling på Litteraturhuset i Oslo (31.8.2015), Appelsinia-festivalen i Skien (23.–26.9.2015), Falturiltu-festivalen på Stord (1.–7.11.2015) og Se og Les-konferansen i Bergen (9.–10.2.2016) – spør eg meg om den faglege entusiasmen også har nokre negative følgjer for den kritiske tenkinga i feltet som heilskap.

Festival og konferanse er ulike sjangrar, men på mange av dei eg nemner ovanfor har det vore uklåre grenser. Ein ting er likevel felles: Formidlaren sitt perspektiv dominerer – både i form og innhald – og entusiasmen for den einskilde boka eller forfattarskapen pregar mange av innslaga. Kanskje tydelegast er dette når forfattarane sjølv får styre sceneshowet, slik dei gjorde under programposten «Dagens essay» på Se og Les-konferansen på Bergen offentlege bibliotek tidleg i februar, og på dei mange forfattarmøta både på denne konferansen og på dei andre tilstellingane. Men forma på slike forfattarmøte smittar også over på programpostar som burde bruke meir kritiske framgangsmåtar. Både Falturiltu-festivalen på Stord i november og Se og Les-konferansen inviterte Hans Sande til samtale om bøkene hans, som for nokre er kontroversielle. Sjølv i slike innslag, som mellom anna tangerer brennbar problematikk knytt til politiske grenser i barnelitteraturen, har dei mest relevante spørsmåla stått noko uforløyste att.

– I delar av det barnelitterære feltet opplever eg at den eineståande entusiasmen for dei einskilde bøkene stundom går på kostnad av ein kritisk refleksjon rundt slike lese- og tenkemåtar, skriv bloggforfattaren.

På ein måte kjennest det noko uforskamma å hevde at den mest fagleg orienterte av konferansane, Se og Les-konferansen, var konfliktsky, slik eg gjorde i eit innlegg på barnebokkritikk.no 19.2.2016. Men kanskje er nettopp denne kjensla ein del av problemet: For ein litteraturkritikar bør kritiske innvendingar melde seg som vennlegsinna ryggmergsrefleksar, også når det faglege utbyttet er toleleg stort.

Jamt over har det gått fleire presentasjonsprega og entusiastiske programpostar for kvart genuint meiningsbrytande innslag på arrangementa eg nemner over. Det må det også gjerne gjere – i alle fall når det gjeld presentasjonar av funn frå forskinga. Likevel burde ulike former for meiningsbryting få innpass i fleire arrangement, som eigne innslag (til dømes i form av debattar) og som ein del av andre. Der dei kritiske spørsmåla og meiningsbrytinga melder seg, er i alle fall ofte resultatet at heilt sentrale problemstillingar i det barnelitterære feltet blir løfta fram, og at dei framstår som viktige i eit kulturelt perspektiv som strekk seg vidare ut ifrå (barne)litteraturen. Som ein provokasjon får eg lyst å føreslå at vi snakkar meir om dei dårlege bøkene, dei middelmåtige bøkene, dei vanskelege bøkene, dei problematiske, provoserande, irriterande bøkene, og at vi kranglar meir om dei – og at vi også kranglar meir om dei gode bøkene.

Entusiasme og kritikk er på ingen måte motsetnader, og vi skal sjølvsagt halde fram å snakke om dei gode bøkene, og slik inspirere barn og unge til å lese fleire og betre bøker. Men barnebokkonferansane eg har besøkt, er til dels prega av ein formidlingskultur som vektlegg det som fungerer, det som slår an og er viktig og vellykka, og med det set nokre grenser for både fagutviklinga og den frie meiningsutvekslinga. Barnebokfeltet bør i større grad inkludere den kritiske refleksjonen i litteraturformidlinga – i teori og praksis.

Entusiasmen for barnelitteraturen treng ikkje eine og åleine å springe ut i frå gleda over dei gode litterære verka – verken for fagfolket på konferanse eller for ungdomen i klasserommet. Det har vore ein mild angst for usemje på dei arrangementa eg har besøkt– ein angst som det er lett å kjenne seg att i, men også lov å ønske bort – og med få debattar og få opningar for innspel frå salen er det vanskeleg å få auge på den usemja som utvilsamt ligg under det barnelitterære feltet og ladar det med førebels uforløyst energi. Litteraturkonferansane er dominerte av perspektivet til litteraturformidlaren, som eg meiner har mykje å lære av litteraturkritikken, særleg i den faglege drøftinga av formidlingspraksisen. Her har heile det barnelitterære feltet ein viktig jobb å gjere: å la dei kritiske tenkemåtane ta del i den entusiasmen som finst for litteraturen; å stille kritiske spørsmål til kvarandre for slik å løfte kvarandre fram.

Kommentarer

Ingen kommentarer på denne bloggen ennå

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

21.07.2017

21.07.2017

21.07.2017

21.07.2017

21.07.2017

FØLG OSS