Hopp til hovedinnhold
Førsteamanuensis Trude Hoel, Lesesenteret
AV Førsteamanuensis Trude Hoel, Lesesenteret
31.01.2016

Lekselyst hos førskuleungar

Oppgåvebøker der førskoleungar kan øve på å lese og skrive er flotte når dei blir brukt på rett måte, skriv førsteamanuensis Trude Hoel.

Dette innlegget har tidlegare blitt publisert på Pirion.

Trude Hoel er førsteamanuensis ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.

Rekning og skriving er ikkje berre ei skulesak, men òg ei viktig sak for barnehageungane, særleg femåringane. I barnehagen driv dei med skuleførebuande aktivitetar. Mellom anna skriv ungane namna sine, dei tel og speler spel, og så øver dei på friminutt.

Forventningane til skulen og det som skal skje der, pregar ikkje berre timane i barnehagen, men òg ungane si fritid. Dei held fram med å skriva namnet sitt på teikningar og anna tilgjengeleg skriveunderlag i heimen, dei tel alt som teljast kan, og dei leikar skule. Ungar som har begynt på skulen, har ei høg stjerne i denne perioden, for dei sit med fasiten, og dei som allereie har eldre sysken som går på skulen, kan sola seg i glansen av desse.


Oppgåvebøker er populære hos mange førskoleungar.

Ungane sin lengt etter skulestart har sjølvsagt manifestert seg i populærkulturen, og det finst eit uttal oppgåvebøker som ein kan kjøpa i leikebutikkar og bokhandlar: Lær å telle fra 4-6 år, Lek og lær, Lek med lyd og språk fra 4-6 år. Slike oppgåvebøker har blitt populære gåver i bursdagar, og mange ungar synest det er fantastisk å kunne løysa oppgåver, nett som dei gjer i skulen. ”Leksene mine” sa dotter mi do ho var 5 år, med kjærleg røyst, og ho strøyk handa varsamt over oppgåveboka si.

Kan interessa for skuleaktivitetar og ønsket om å læra vera skadeleg for ungane? Er det eit poeng at me skal stoppa dei? Nei, meiner eg. Så lenge interessa og driven ligg hos ungane sjølve, skal me hekta oss på og gleda oss saman med dei. Det er når ungane sjølve viser engasjement og interesse, at dei lærer aller mest.

Eg har likevel nokre atterhald til desse oppgåvebøkene: Ungane verken kan eller skal sitja med bøkene åleine; dette er noko dei må gjera saman med vaksne som kan rekna og lesa. Så lenge ikkje alle foreldre har tid eller ser meining i slike aktivitetar, kan oppgåvebøkene vera med på å skapa forskjellar mellom ungar fordi nokre ungar får mykje meir erfaring med tal og bokstavar enn andre.

Dessutan er langt ifrå alle oppgåvebøkene gode. Mange av dei er t.d. direkte omsette frå engelsk eller tysk, og då gjev ikkje alle språkoppgåvene meining. Eg tykkjer også det er eit ankepunkt at eg ikkje finn slike oppgåvebøker på nynorsk, for eg vil gjerne at ungane mine skal ha lese- og skriveopplæring på nynorsk, og lese- og skriveutviklinga startar allereie medan ungane er i barnehagen.

Kommentarer

Ingen kommentarer på denne bloggen ennå

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

21.09.2017

21.09.2017

21.09.2017

21.09.2017

21.09.2017

FØLG OSS