Hopp til hovedinnhold
ikon bok og bokmerke

Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga

Korleis kan arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving og munnlegheit støtte elevane si faglege utvikling i samfunnsfaga? Og, som ei forlenging av dette: Korleis kan ein som lærar hjelpe elevane til djup samfunnsfagleg kunnskap og forståing, som dei kan ta med seg vidare i studiar, jobb og samfunnsliv?

Dette er blant spørsmåla som vert utforska i denne kompetanseutviklingspakka. Gjennom å arbeide med lesing, skriving og munnlegheit  i samfunnsfaga skal elevane få ei forståing av sitt eige samfunn, tida dei lever i og menneska rundt seg, både med eit fortidig, notidig og framtidig perspektiv. Dei skal forstå seg sjølv i verda. Samtidig er samfunnet vårt prega av ei overveldande mengd informasjon og er i stadig endring. Gjennom arbeid med faget sine tekstar får elevane moglegheit til å vere kritisk spørjande og øve opp eit analytisk blikk til å sjå motiva bak ulike ytringar.

Sentrale spørsmål

  • Kva kjenneteiknar lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga?

  • Korleis kan ein arbeide med tekstar i samfunnsfaga for å utvikle elevane sin kritisk literacy-kompetanse?

  • Kva utfordringar kan elevar oppleve i møte med faget sine tekstar – og korleis møter vi som lærarar desse utfordringane?

  • Kva for tekstpraksisar er sentrale for samfunnsfaga?

  • Korleis kan ein rettleie elevane i lesing av tekstar i faga?

Pakken er laga av StineAarønes Angvik, Trude Alfsvåg, Unni Fuglestad og Bente Skartveit.

Bruk av pakken