Hopp til hovedinnhold
Illustrasjon: Ungdommes som holder bokstaver

Nynorsk som sidemål

Elevar har ulike føresetnader og ulikt engasjement for nynorsk sidemål. Gjennom å bruke varierte undervisningsmetodar og ulike innfallsvinklar kan ein få til ei god sidemålsopplæring og ei forståing for språkleg mangfald.

 

Målet med kompetanseutviklingspakka Nynorsk som sidemål er å bidra til at skolen får ei sidemålsopplæring som tar i bruk varierte metodar, og som kan engasjere elevar med ulike føresetnader og motivasjon. I tillegg ha fokus på grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving utifrå eit nynorskperspektiv, og få til eit meir forpliktande samarbeid rundt sidemålsopplæringa på skolen.

Sentrale spørsmål:

  • Korleis kan vi få til ei god sidemålsopplæringa på skolen hos oss?
  • Korleis kan vi nå måla i læreplanen om lik kompetanse i bokmål og nynorsk?
  • Korleis kan vi få til variasjon i metodane vi bruker?
  • Korleis kan vi arbeide med skriving og lesing på nynorsk?
  • Korleis kan språkleg mangfald vere ein ressurs?
  • Korleis kan klasserommet bli eit tolerant tekstrom?
Bruk av pakka