Hopp til hovedinnhold
Ikon: Blyant skriv spørsmålstegn

Skriving i begynnaropplæringa

Korleis kan ein støtte elevane si tidlege skriving, slik at dei oppdagar det alfabetiske prinsippet samtidig som dei har noko meiningsfullt å skrive om?

Skriving i begynnaropplæringa er ein kompetansepakke som er sett saman av fem økter. Sentralt i denne pakken er å vise kva som kjenneteiknar god skriveopplæring for dei yngste elevane. Det vil også bli vist ulike tilnærmingar til korleis ein kan legge til rette for skriving i ulike fag. Øktene i denne pakken inneheld ei veksling mellom formidling, refleksjonsoppgåver og oppdrag til utprøving i eiget klasserom.

Fire jenter skriver ute.

Sentrale spørsmål:

  • Korleis møte elevane der dei er i si skriveutvikling?
  • Korleis iscenesette ulike skrivesituasjonar?
  • Korleis legge til rette for skriving i ulike fag?
Bruk av pakken