Hopp til hovedinnhold
Illusttrasjon: Lærer og elever står på stor oppslått bok

God leseopplæring

Lesing er å forstå, bruke, vurdere, reflektere over og engasjere seg i tekst. Korleis kan alle lærarar leggje til rette for å utvikle lesekompetansen til elevane?

Målet med “God leseopplæring” er å leggje til rette for refleksjon over kva lesing er og korleis ein kan arbeide med lesing i klasserommet. Vi vil sjå nærmare på kva som kjenneteiknar den gode lesaren og den dyktige leselæraren. God leseopplæring handlar om å utvikle lesarar som er engasjerte, strategiske, som har gode språklege ferdigheiter og god tekstkompetanse. Øktene i denne pakka vil gå inn på ulike sider ved lesing og korleis lærarar kan vidareutvikle eigen praksis.

Sentrale spørsmål:

  • Kva er lesing og kva kjenneteiknar god lesekompetanse?
  • Kva gjer dei dyktige leselærarane?
  • Korleis kan læraren skape engasjement for lesing?
  • Korleis kan læraren aktivere eller byggje forkunnskap?
  • Korleis arbeide med ord og omgrep?
  • Korleis utvikle tekstkompetansen til elevane?
  • Kva kjenneteiknar strategiske lesarar?
  • Korleis kan læraren bidra til at elevane vert strategiske i eiga læring?
Bruk av pakken