Hopp til hovedinnhold
Illustrasjonsbilete helse- og oppvekstfag

Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag

Å arbeide med lesing i helse- og oppvekstfag er å arbeide med fag. Korleis kan vi motivere og engasjere elevar til å lese fagtekstar, og korleis kan vi planlegge undervisning slik at elevane vert meir aktive i eigen lese- og læringsprosess?

Når vi skal arbeide med elevane si læring og utvikle kunnskap, forståing og ferdigheit i helse- og oppvekstfag, må vi arbeide med språk. Lesing er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene og ein føresetnad for læring. Vi høyrer gjerne elevar vil seie at dei ikkje lærer så mykje av å lese sjølv. Dei vil heller at læraren formidlar munnleg fagstoffet for dei. Vi veit i dag at det ikkje finst noko yrke der ein kjem utanom det å lese, og det er såleis viktig at vi lærer elevane våre gode læringsstrategiar som trener dei i å ta seg fram i fagtekstar.

I denne kompetanseutviklingspakka er målsettinga å skape ei felles forståing for kva det vil seie å vere leselærar i helse- og oppvekstfag. Pakka vil synleggjere korleis undervisninga kan planleggjast i tråd med mål og vurdering og strukturerast i ei førlesings-, undervegslesings- og etterlesingsfase, og korleis lærarane kan rettleie elevane til å bruke ulike strategiar i arbeidet med fag. Dei ulike øktene i denne pakka vil difor innehalde konkrete døme på strategiar som kan nyttast i dei ulike læringsfasane. I tillegg vil kvar økt legge opp til at lærarane får høve til å diskutere, dele erfaringar og lære av kvarandre.Vi veit at lærarane har mykje kunnskap og håper pakka, gjennom samarbeid og refleksjon, kan motivere og engasjere til deling.

Sentrale spørsmål

  • Kvifor er lesing så viktig i helse- og oppvekstfag?
  • Korleis kan ein motivere og engasjere elevane til å lese i helse- og oppvekstfag?
  • Kva vil det seie å vere leselærar i yrkesfaga?
  • Kva kjenneteiknar førlesings-, undervegslesings- og etterlesingsfasa i leseprosessen?
  • Kva strategiar kan vi bruke i dei ulike fasane?
  • Kvifor er forfasen særleg viktig?
  • Korleis kan vi arbeide med ord og omgrep?
  • Kva kjenneteiknar gode lesebestillingar i helse- og oppvekstfag?
  • Kva kjenneteiknar gode skrivebestillingar i helse- og oppvekstfag?

 

En del av:

Bruk av pakka