Hopp til hovedinnhold

Lesing og skriving i norskfaget

Denne kompetanseutviklingspakken fokuserer på kva det vil seie å lese og skrive på norskfaget sine premissar. Norskfaget har dessutan eit særleg ansvar for all språk-, skrive- og leseopplæring i skulen.

Kunnskapsløftet seier mellom anna at å kunne lese i norsk inneber å kunne engasjere seg i tekstar og få innsikt i andre menneske sine tankar, opplevingar og skaparkraft. Derfor har skjønnlitteratur ein heilt sentral plass i norskfaget, og leseopplæringa i norsk fokuserer på å analysere og tolke. Å kunne skrive i norskfaget vert i kunnskapsløftet definert som å kunne uttrykke seg i norskfaglege sjangrar på ein hensiktsmessig måte, finne sin eigen stemme, ytre seg, bli hørt og få svar.

Målsettinga med denne kompetanseutviklingspakken er derfor å gje kunnskap om korleis lærerane kan utfordre elevene på barnetrinnet til å analysere og tolke skjønnlitterære tekstar, stimulere til leselyst og å støtte elevane si eiga skriveutvikling gjennom meiningsfulle skrivesituasjonar i norskundervisninga.

Sentrale spørsmål:

  • Kva skjer når me les skjønnlitteratur?
  • Korleis få elevane til å vere aktive i møte med tekst?
  • Korleis lage gode nærlesingsspørsmål?
  • Korleis gje støtte og struktur til litterære samtalar?
  • Kva er meiningsfulle skrivesituasjonar?
  • Korleis støtte elevane si skriving i norsk?
  • Korleis finne gode og interessante tekster til litteraturarbeidet?
  • Kva kjenneteikner eit vellykka lesestimuleringsprosjekt?
Bruk av pakken