Hopp til hovedinnhold
Faksimile av plakat: Snakk saman om språk

Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk.

I pakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk vil de få innsikt i kva opplæring på sidemålet inneber og de vil få konkrete tips til korleis de kan arbeide med nynorsk som sidemål på mellomsteget.

Vi startar med ei bevisstgjering kring språk og språkarbeid i den første økta, for deretter å bli kjend med den nynorske barnelitteraturen. Så går vi vidare til korleis ein kan bruke skjønnlitteratur som modelltekst når elevane skal eksperimentere med skriving på nynorsk. I den siste økta går vi nærare inn på ulike skriveoppgåver og korleis ein kan rettleie elevane i skriveprosessen.

Forskingsprosjektet «Tidleg start med nynorsk som sidemål», av Benthe K. Jansson og Hilde Traavik, og liknande prosjekt Nynorsksenteret driv, har gitt kunnskap om nynorskopplæring på mellomsteget.

Gjennom å arbeide med øktene vil de få ny kunnskap om korleis ein kan gje elevane opplæring i nynorsk også i barneskulen. For Kunnskapsløftet er tydeleg på at ein skal undervise i sidemål tidleg. Elevane skal bli lesne for på sidemålet dei to første skuleåra, for deretter å lese sjølve på sidemålet på 3. og 4.trinn. På 5.- 7. trinn skal elevane eksperimentere med skriving på sidemålet.

Dei fem øktene består av:

  1. Å snakke saman om språk
  2. Erfaringsdeling
  3. Litteraturen som språkleg døropnar
  4. Å eksperimentere med skriving på nynorsk
  5. Meir skriving

Overordna mål:

  • Synleggjere at det er viktig å starte med nynorskundervisning på barnetrinnet
  • Auke kompetansen om god nynorskopplæring på mellomsteget
  • Skape ei forståing av nytteverdien av å kunne lese og skrive på sidemålet

Sentrale spørsmål

  • Kvifor nynorsk på mellomsteget?
  • Korleis introdusere nynorsk for bokmålselevar på mellomsteget?
  • Korleis leggje til rette for gode samtalar om språk og dialekter i klasserommet?
  • Korleis formidle positive haldningar til bokmål, nynorsk og ulike dialekter?
  • Korleis rettleie den utprøvande skrivinga på ei ny målform?
  • Korleis finne bøker som passar for denne elevgruppa?
  • Kva er kontrastiv undervisning?
  • Kvifor skrive på sidemålet?
Bruk av pakken