Hopp til hovedinnhold
ikon bok og bokmerke

Lesing i samfunnsfag (geografi)

Lesing er eit viktig verktøy for å forstå og tileigne seg eit fag. Kvart fag har sin eigen terminologi og sine teksttypar, og geografi som disiplin er ikkje noko unntak. Skal elevane meistre faget, må dei lære seg å lese dei tekstene og teksttypane som er sentrale. I denne kompetanseutviklingspakken vil vi gå nærmare inn på korleis læraren kan tilrettelegge for lesing på geografifaget sine premiss.

Geografi er omgjevnadsfag nummer ein, i følge Mikkelsen og Sætre (2011). Faget gjer i stor grad bruk av representasjonar, som kart, fotografi og illustrasjonar. Fagområdet har stor variasjon i teksttypar. Felles for mange av dei er at dei er samansette, eller det vi kan kalle multimodale. Å lese desse tekstene er ikkje det same som å lese ein lineær tekst, som for eksempel brødteksten i læreboka. Dette er noko elevane må lære. Elevane må altså få bruke lesinga som ein reiskap for å lære, men dei må óg få eksplisitt opplæring i korleis dei skal lese tekstene i geografi. Mange elevar er ikkje medvitne om kva verdi bilete, illustrasjonar og andre visuelle uttrykk har for å forstå fagstoffet (Løvland 2011). I denne kompetanseutviklingspakken vil ein få innsikt i kva lesing som grunnleggjande ferdigheit inneber i samfunnsfag (geografi). Ein vil også få konkrete tips til korleis ein kan arbeide med eksplisitt leseopplæring i klasserommet når ein arbeider med hovudområdet geografi.

Kompetanseutviklingspakken Lesing i samfunnsfag (geografi) består av tre økter:

Økt 1: Lesing i samfunnsfag (geografi) – ein introduksjon

Økt 2: Ulike teksttypar i geografi

Økt 3: Eit praksiseksempel

Sentrale spørsmål

  • Kva vil det seie å vere leselærar i samfunnsfag (geografi)?
  • Kva kjenneteiknar tekstane i samfunnsfag (geografi)?
  • Kva for lesemåtar er sentrale for samfunnsfag (geografi)?
  • Kva utfordringar møter elevar når dei les tekstar i faget?
  • Korleis kan ein rettleie elevane i lesing av tekstar i faget?
  • Korleis kan eit undervisningsopplegg med vekt på lesing i samfunnsfag (geografi) sjå ut?
Bruk av pakken