Hopp til hovedinnhold

Foreldresamarbeid: når boka vert levande i barnehagekvardagen

Samarbeid med foreldre er både ei pålagd og ei heilt nødvendig oppgåve for alle barnehagar. Eit godt samarbeid er med på å styrke tryggleiken og dermed barnet si utvikling og læring. Då Loen barnehage starta sitt utviklingsarbeid om lesing, var det difor naturleg å tenkje at her må også foreldre involverast. Det er flott at barn vert lest for i barnehagen, men at barn i tillegg vert lest for heime er jo endå betre, tenkte vi, og starta med å engasjere foreldra fyrst.

Av Hilde Briksdal, Loen barnehage

På foreldremøtet ved oppstart av prosjektet la vi opp til ei fagleg innleiing om kvifor alle barn skal bli lest for dagleg. Vidare snakka vi om våre planar om å levandegjere bokserien om Pulverheksa, og DER kom plutseleg heksa fykande på sopelimen og overtok «showet» med foreldra. Ho trylla bollar og brus opp frå gryta, gav nokre ein tur for to på kosten, sa mykje snålt og vilt, før ho fauk vidare ut døra til trampeklapp frå ei lettare sjokkert forsamling. Då var grunnlaget for interessa frå foreldra si side lagt.

I tillegg jobba vi grundig med dokumentasjon gjennom heile opplegget, slik at foreldre var informert gjennom bilete, film, teikningar og utstillingar i høve heksebesøk og arbeidet med bøker. Det er lettare for foreldre å fylgje opp når dei har innsyn, og forstår kva barnet snakkar om når det fortel heime. Ved slutten av året kombinerte vi årsmøtet for foreldre med musikalframføring av barna, og premiere på filmen frå heile utviklingsarbeidet:  «Pulverheksa – the movie» på storskjerm. Her fekk vi fullt oppmøte, det var kø langt ut i gangen og altfor få stolar. Det skuldast nok at vi lét barna opptre som start på møtet, og at vi hadde eit tema som engasjerte alle i foreldregruppa uavhengig av språk. Til slutt på møtet arbeidde foreldre i grupper der dei noterte ned sine erfaringar dette året. Slik fekk vi innblikk i korleis foreldre hadde merka arbeidet vårt.

Ut frå tilbakemeldingane frå foreldre ser det ut til at arbeidet med lesing har hatt positive effektar både med omsyn til leseglede, forteljeglede og leikeglede. Barna har prata mykje om Pulverheksa, dei har også leika, teikna og forma med bøkene som tema.  Nokre barn vart  meir pratsame enn andre. Andre vart det vanskeleg å få i seng om kvelden utan lesing fyrst. Har ein auka lesinga i heimar der det ikkje vart lest så mykje før, så har ein oppnådd meir enn ein kunne håpe på: «Veit du det – at no nektar jenta mi å legge seg om kvelden om vi ikkje les ei bok på sengekanten. Det starta i sommar, og det er komplett umuleg å få ho i seng utan lesinga. Rommet hennar er fylt av bøker som vi har arva.»  (Mor i barnehagen)

Særleg flott vart effekten som viste seg på fleire av dei minoritetsspråklege heimane. I dei skriftlege tilbakemeldingane frå foreldra, la vi merke til at fleire av dei mest gledelege forteljingane kom frå foreldre i desse heimane. Den vakraste historia om barn, bøker og lesing kom frå ei minoritetsspråkleg mor og fortener å bli referert her i sin heilskap:

«Ja, sonen min snakkar om Pulverheksa nesten kvar dag, kva som skjer i barnehagen, bøker dei har lest, eller om Pulverheksa har kome igjen til barnehagen. Dette siste året har vi begynt å lese kvar kveld før han skal sove (ikkje meir iPad :-) ). Vi har ei bok om Pulverheksa med tre forskjellige historier i (han fekk den til jul), den har vi lest nesten 1000 gongar :-).

Før jul var vi i Ålesund og handla. Så kom vi til ein bokhandel og sonen min var borte vekk … Eg fann han i barneavdelinga med Pulverheksa-bok i handa på golvet, der han las og las og las … (på sin eigen måte!). Alle som gjekk rundt og såg han, berre smilte :-) . Eg var så imponert, derfor kjøpte vi Pulverheksa-boka. Han har ei hylle heime med mange bøker på tre forskjellige språk, så eigentleg er det god praksis for mamma og pappa å lære norsk :-). Det siste halvåret har han begynt å seie: Mamma, no må eg lære ABC og skrive i boka mi! (Eg berre håpar han vert slik om 10 år også!) Viss han får besøk, går dei av og til ned i stova og teiknar Pulverheksa.»

Også ei anna minoritetsspråkleg mor snakkar om positive effektar for barnet:

«Sonen vår snakkar og tenker om Pulverheksa heime også. Han vart glad når vi les om Pulverheksa for han før han sovnar, men han likar også andre bøker. Han likar godt eventyr om gresk mytologi. Vi har også funne nokre eventyr om Pulverheksa på nettet, og norske teiknefilmar der, og vi likar å sjå på det heile familien :-) ».

Korleis ein skal få til eit språkleg godt barnehagetilbod er ei evig utfordring, ikkje minst når det gjeld å fange dei minoritetsspråklege barna, å klare og etter kvart gje dei like gode føresetnader språkleg som dei norske barna. Eit av nøkkelorda her ser ut til å vere lesing:

Det fins flere studier som tyder på at minoritetsbarn som eksponeres for mengder av engasjerende litteratur, lærer andrespråket fortere enn de som møter tradisjonelle pedagogiske arbeidsmåter. Og selvsagt gjelder det samme for majoritetsbarn også: Litteratur og leseglede er nøkkelord når det gjelder god språkutvikling.1

Vi må tilstå at var det noko vi kanskje var skeptiske til, så var det om vi kunne greie å fange barn som ikkje meistra så godt norsk, ved hjelp av norske bøker? … Og så skjer altså dette.

Vi vet nemlig at barn som har lite ordforråd ved slutten av førskolealderen, ofte forblir svake lesere gjennom hele skolegangen, mens de barna som har et stort ordforråd som 4–5-åringer, forblir sterke lesere gjennom hele skolegangen.[1]

Eit godt foreldresamarbeid er viktig. Vi fekk ein dobbel effekt av satsinga – lesing både i barnehagen og heime.2 Barnet kan slik få «både i pose og sekk», og når det kjem til lesing og barna sitt utbytte av det språklege, så kan ein jo ikkje spare på bruken av bøkene. Lesetida er også gull verdt når det gjeld å knyte gode, nære band mellom foreldre og barn, magiske små stunder gjennom barndomen – tenk så flott at dette kan barnehagen få lov til å stimulere til!


[1] Wagner Å.K, 2007 ”Minoritetsspråklige i barnehagen” s.44, i Hoel, T., Helgevold, L. (2007) Bok i bruk i barnehagen – Språkstimulering gjennom leseaktiviteter. Stavanger: Lesesenteret.

 

2 Briksdal, H. (2014). Når boka vert levande i barnehagekvardagen.

Loen Barnehage: Prosjektrapport frå utviklingsarbeid.

 

Les Husk å lese sammen med ungene – en artikkel fra Lesesenteret. Her kan du også bestille materiell, eller laste det ned gratis i pdf-versjoner.