Hopp til hovedinnhold

Les den ein gong til!

Barn likar repetisjon, dei likar å sjå og høyre den same boka, gong på gong. Dette er verdifullt, for å lese ei bok mange gonger, ber med seg fleire fordelar. Repetert lesing gir barna god anledning til å bli kjent med innhaldet i boka. Mange barn får med seg hovudinnhaldet i boka ved første gongs lesing, men det er også mange barn som treng å høyre boka fleire gonger for å få med seg heilskapen. Dette kan vere dei yngre barnehagebarna, barna med forsinka språkutvikling eller barn som ikkje har tilstrekkeleg norskspråkleg kompetanse.

Barn hører bok lest ved bruk av konkreter

Delt av Vibeke Gundersen, pedagogisk leiar, Ølensjøen FUS barnehage

 

Å lese den same boka fleire gonger gjer det også mogleg for alle barn å rette merksemda mot andre og nye element ved historia, og oppdage nye element for kvar lesing. På den måten gir repetert lesing tilgang til nye perspektiv. Saman med den vaksne kan barnet dermed vandre mellom dei ulike lesingane, og tidlegare og nye assosiasjonar, og slik utvide historia og språkerfaringane, samtidig.

Repetert lesing legg til rette for å ta i bruk ei rekke leseaktivitetar som bidrar til og utviklar språkforståinga. Slike leseaktivetar har Ølensjøen FUS barnehage tatt i bruk. Barnehagen har jobba med repetert lesing over ei lengre tid og i teksten nedanfor formidlar dei erfaringane sine frå dette arbeidet. Spesielt legg dei vekt på repetert lesing som ei trygg ramme for utforsking av språk.

 

Repetert lesing – ei trygg ramme for fleirspråklege barn si utforsking av det norske språket

I fleire månadar har me jobba systematisk med leseaktivitetar på vår småbarnsavdeling. I dette arbeidet har me brukt boka Mopp og Mikko elskar dyr av Kari Stai (2011). I boka drar Mopp og Mikko på jakt etter dyr. Det finnes også tre andre bøker i serien, og i dei bøkene jaktar Mopp og Mikko på ting, kjøretøy og mat. Som lesarar følgjer me dei i jakta medan traktoren, trucken, båten eller handlevogna vert fylt opp. Dette er bøker laga for dei yngste barna.

Barna på avdelinga representerer mange ulike nasjonalitetar og språklege minoritetar, og me jobbar aktivt for å få til eit inkluderande miljø. Dette skjer best gjennom leik og andre daglege aktivitetar i barnehagen. For å koma inn i leiken saman med andre barn, er det heilt avgjerande for dei  fleirspråklege barna å tileigne seg det norske språket. Dette, i tillegg til at dei også skal utvikle sitt eige morsmål.

Nokre av barna på avdelinga er i starten av å lære norsk, andre brukar norsk aktivt.  Å lære språk skjer gradvis, og ved å jobbe bevisst og systematisk med språkutviklande aktivitetar, set ein fart på utviklinga av det norske språket. Dette ser me har skjedd i det systematiske arbeidet me har gjort med Mopp og Mikko  – dei fleirspråklege barna på avdelinga har blomstra. Dei som tidlegare var stille, har byrja å snakke og bruke norske ord. Korleis?

 

Om arbeidet med boka

Me har lese boka mange gonger. Den repeterte lesinga har gjort det mogleg å arbeide med boka på ulike måtar, og med ulike metodar. Me har blant anna:

  • brukt konkretar. Tidleg fann me fram ein traktor med hengar, og dei leikedyra som er med i boka, og brukte dette i leseaktivitetane.
  • dramatisert innhaldet. Barna kledde seg ut som fleire av dyra, og me har leika innhaldet saman med dei.
  • sunge ulike dyresongar, med og utan rørsler.
  • teikna og malt dyra som Mopp og Mikko jaktar på, og hengt bilda på veggen.
  • fokusert på dyra, eit om gongen, i eigne samlingar, for å utvikle og utvide forståinga av omgrepa ytterlegare.
  • laga Mopp og Mikko-dokker, som heile vegen har vore flittig brukt i leseaktivitetane, og som samtalepartnarar for barna.

 

Gevinstar ved repetert lesing

Me ser at den repeterte lesinga er ei trygg ramme for alle barna, men kanskje spesielt viktig for dei fleirspråklege. Den repeterte lesinga, på ulike måtar med ulike innfallsvinklar, gjer at dei fleirspråklege barna kjenner boka godt. Å kjenne boka godt vil seie at:

  • barna veit kva boka handlar om, dei veit kva som kjem på neste side
  • dei forstår boka, konkretiseringsmateriellet som me har brukt i formidlingsarbeidet, lettar forståinga
  • dei kjenner fleire av omgrepa i boka fordi omgrepa har blitt repetert svært mange gonger

Dette gjer barna trygge, dei opplever ei mestring og dei tør å prøve. Slik ser me at den repeterte lesinga har vore, og er framleis, ei god og trygg ramme for dei fleirspråklege barna si utforsking av det norske språket.