Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Skjermdump frå Språkløyper-nettsida
AV Skjermdump frå Språkløyper-nettsida
11.04.2018

Sjekk ut dei nye Språkløyper-ressursane

Her er oversikta over dei ferskaste pakkane og øktene som er publiserte og klare til bruk.

Tida rundt oppstartsamling er deadline for oss i Språkløyper-teamet, der me gjer ferdig mest mogleg av arbeidet med nye ressursar.

Dette er dei nyaste kompetanseutviklingspakkane og -øktene i Språkløyper, som er publisert dei seinaste dagane:

 

Studieforberedt

Trinn: Vgs.

Nytt: Ny og komplett pakke med åtte økter.

Tema: Gir deg som lærar styrka kunnskap om korleis elevar i løpet av vidaregåande skule kan bli studieførebudd og klar for høgare utdanning.

 

Elever med stort læringspotensial

Trinn: B.tr/u.tr.

Nytt: Ny pakke med førebels to økter, fleire økter kjem.

Tema: Korleis utvikla kunnskap om elevar med stort læringspotensial og korleis dei lærar.

 

Lese- og skriveteknologi

Trinn: B.tr., spesifikt 3.-7.

Nytt: Ny pakke med førebels tre økter, fleire kjem.

Tema: Kvifor og korleis leggja til rette undervisinga slik at elevar som slit med lesing og skriving får moglegheit til å læra på lik linje med andre elevar.

 

Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga

Trinn: U.tr./vgs.

Nytt: Ny pakke med tre økter.

Tema: Korleis arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitane lesing, skriving og munnlegheit kan støtta den faglege utviklinga til elevane i samfunnsfaga.

 

God leseopplæring

Trinn: U.tr./ vgs.

Nytt: Økt 5 og 6.

Tema: Arbeid med ord og omgrep i leseopplæringa og refleksjon rundt desse problemstillingane er tema i dei nye øktene.

 

Elever med IOP i de fleste fag

Trinn: U.tr./vgs.

Nytt: Økt 4, 5 og 6.

Tema: Heilskapslesing, avkodingsvanskar korleis jobba med elevar som har forståingsvanskar er blant temaa i dei nye øktene.