Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
09.01.2018

Sju kommunar blei éin språkkommune

Me løftar i lag og støttar kvarandre, seier prosjektleiar Tove Hanne Ommedal om Nordfjord-samarbeidet.

Heilt nord i Sogn og Fjordane ligg dei sju kommunane Hornindal, Stryn, Eid, Gloppen, Vågsøy, Bremanger og Selje – gjerne sett under eitt som regionen Nordfjord.

Området med rundt 34.000 innbyggjarar har historisk sett mykje til felles, og har mellom anna i fleire år hatt kommunalt samarbeid innan oppvekst. Dei sju kommunane sende då òg ein felles søknad om å bli språkkommune, noko dei blei frå hausten 2017.

Tove Hanne Ommedal er prosjektleiar for språksatsinga i Nordfjord. Ho har bakgrunn som rettleiar i Ungdomstrinn i utvikling og før det både skuleleiar- og lærarrøynsle.

Her er meir info og påmeldingsskjema for å bli språkkommune

- Kva var bakgrunnen for dette språkkommune-samarbeidet?

- Dei sju kommunane hadde akkurat vore i satsinga Ungdomstrinn i utvikling – ikkje berre mot ungdomstrinnet, men som ei gjennomgåande grunnskulesatsing. Målet var å auka motivasjonen og meistringa til elevane gjennom meir praktisk og variert undervising. Hovudtyngda av kommunane i Nordfjord sette fokus på lesing og skriving som grunnleggande ferdigheiter. Stemmane frå lærarane etter denne perioden sa nokså klart at «Dette må me få meir tid på!» Parallelt var barnehagane i dei same kommunane med på leiarprogrammet Resultatleiing, som løfta kvaliteten og styrka leiarfunksjonen i heile barnehagesektoren. I løpet av perioden kom dessutan ny rammeplan for barnehage, der fokuset på språk var forsterka. Då me oppsummerte – og samstundes visste om den nasjonale satsinga på språk – var det nærliggjande å sjå om dette var noko for oss. Den første pulja med språkkommunar vart for tidleg for oss, men me var klar til søknadsfrist for andre pulja, fortel Ommedal.

Representantar frå språkressursgruppene i dei sju Nordfjord-kommunane på oppstartsamlinga for språkkommunesatsinga på Gardermoen i mai i fjor. (Privat foto)

Søk om å bli språkkommune her

- Kva er fordelane med eit slikt samarbeid?

- Saman er me sterkare! Små og mellomstore kommunar har ikkje så mange i skuleeigarleddet til å driva utviklingsarbeid. Når me er sju kommunar som går saman, kan me støtta kvarandre og løfta ilag. Når me er så mange, er det òg lettare å få folk frå UH-sektoren og forskingsmiljø til å komma til oss og støtta oss i arbeidet. Vi opplever òg at det kan vere spennande for UH å læra av oss og då har vi ein vinn-vinn-situasjon.

 

 - Kva har de gjort det første halve året som språkkommune?

- Mykje av tida har gått med til strategiarbeid. Det har vore viktig for oss å finne ut kor me alle saman står og kva som er utgangspunktet før me går vidare. Deltakingar på nasjonale samlingar og besøk fagfolk frå Lesesenteret har vore med på å byggja opp fagkunnskapen vår. I tillegg har me brukt tida til å gjera oss kjent med ressursane i Språkløyper. Vegen blir til mens me går, men det er likevel viktig å gjera eit best mogleg førearbeid.

 

- Kva planlegg de å gjera det neste året?

- Når strategiane er ferdige, skal dei forankrast og ta til å virka ute i dei ulike kommunane, både i skulane og barnehagane. Det blir mykje spennande å presentera ute i dei ulike einingane, som me trur skal skapa motivasjon og entusiasme. Her har me svært god støtte i Språkløyper-ressursane, og eg vil her særleg framheva møtet mellom forskingsbasert forankra teori og praksis, som er svært viktig. Når noko er godt grunngitt, blir det meir motiverande og inspirerande. For oss er det viktig framover at skule- og barnehageeigarane er påkopla, at dei er engasjerte og har god kunnskap om kva som går føre seg.

 

- Korleis gir språkkommune-statusen ein ekstra dimensjon til Språkløyper-arbeidet?

- Me hadde nok jobba med Språkløyper uansett, men ein status som språkkommune gjer arbeidet endå meir forpliktande. Utan «paraplyen» språkkommune ville dette arbeidet ha sprika meir, og me ville heller ikkje hatt så mykje økonomiske middel til ressurspersonar. Språkkommune-statusen har vore avgjerande for korleis me i Nordfjord har rigga ossspråksatsinga vår. I tillegg gjer han at me må sjå arbeidet her i samanheng med anna, pågåande me driv med.

 

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

 

Les òg:

Fjaler, Gulen og Hyllestad har samarbeida som språkkommunar Å vere språkkommune gjev høve til å få eit skikkeleg fokus på språkarbeidet og systematisk og heilskapleg utviklingsarbeid, seier utviklingsleiar Åsmund Bertelsen.

Språkkommunen Nærøy har fått flere aha-opplevelser og ny bevissthet - Vi har lært veldig mye, både om oss selv og hvordan vi kan arbeide systematisk over tid, sier oppvekst- og kultursjef Kirsti Sandnes Fjær.

Å bli språkkommune har auka motivasjonen i Sykkylven - Vi lærer på alle nivå og blir forplikta til å følgje opp, seier skulefagleg rådgjevar Monica Hjelmevoll om satsinga.