Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Ida Karin Aarflot Kornberg
AV Ida Karin Aarflot Kornberg
01.12.2017

Med nynorske barnebøker på turné

Klart vi les! Nynorsk barnebokturné skal gje tilsette i skule og barnehage auka kompetanse om nynorsk litteratur og litteraturformidling til born.

Vi ynskjer å stimulere til medvit om språkbruk og lyfte fram den nynorske barnelitteraturen gjennom besøk til bibliotek, skular og barnehagar rundt om i fylka i følgje med forfattar og formidlarar. For at born skal bli gode lesarar, må vi lese mykje for og med dei. For at born skal bli gode skrivarar, må dei kjenne språket i den målforma dei brukar. Det kjem ut langt færre nynorskbøker enn bokmålsbøker, og difor er det særleg viktig at dei som jobbar med born i barnehage og skule får kjennskap til dei som finst.

Det er gjerne gjennom høgtlesing og formidling frå vaksne at born møter det nynorske skriftsspråket først. Soleis seier vi gjerne at borna møter det nynorske språket gjennom øyra og at det difor er viktig for born at dei får oppleve skriftnær høgtlesing i barnehage og skule.

Les òg: Kreativ skriving kan vera suksessfaktoren for sidemål i vidaregåande

Det tidlege møtet er viktig

Tidleg møte med skriftspråk og skriftnær høgtlesing styrker den vidare språkopplæringa til born og er særleg vektlagt i mellom anna Rammeplan for barnehagen (R17). Rammeplanen presiserer at tilsette må vere bevisste på rolla som språklege førebilete og at dei skal «synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte borna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer» (2017, 48).

Tidleg vekt på språklæring handlar om å ruste dei yngste borna for komande læringssituasjonar der dei til dømes skal kunne samtale om språk og omgrep som dialekt, bokmål og nynorsk. Dette er viktig, grunnleggjande arbeid som ikkje berre blir utretta i barnehagar og skular, men òg i bibliotek og andre arenaer der litteratur blir formidla.

Tidleg vekt på språklæring handlar om å ruste dei yngste borna for komande læringssituasjonar, skriv artikkelforfattaren. (Illustrasjonsfoto: Getty)

Klart vi les! er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet, Nynorsksenteret og fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og i år er det sjette gong turnéen vert arrangert. Dei siste åra har det kome mange gode barnebøker på nynorsk, både i form av biletbøker og gjennom satsingar som til dømes Samlagets Leseland.

Gjennom Klart vi les! Nynorsk barnebokturné ynskjer vi å bidra med kunnskap om kva som finst av nynorsk barnelitteratur, kvifor det er viktig å gje born tilgang til desse bøkene og korleis ein kan formidle litteratur på ein god måte. Turnéen er slik eit bidrag til at born i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane lettare får tilgang til litteratur på sitt eige språk, både heime, i barnehagar, i skular og i biblioteka.

Les òg: Slik lukkast du med nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet

Arena for engasjement

I haust var det igjen klart for Klart vi les! Nynorsk barnebokturné. Programmet består av turar til bibliotek som samlingspunkt i utvalte kommunar. Her får inviterte barnehage- og klassegrupper delta på formidlingsøkter med forfattar i spissen, og vi tilbyr møte for tilsette på slutten av dagen med større innslag av fagleg innhald.

I år arrangerte vi òg eit barnelitterært dagsseminar på Eid. Målgruppa var barnehage og småskule, og med oss på laget hadde vi forfattar Anna R. Folkestad. Ho har mellom anna skrive dei populære bok-seriane Unni og Gunni og Besta og Bo, samt forteljinga om Henrik And. Dette er gode bøker som treffer målgruppa og er ypparlege til mellom anna høgtlesing, bok i bruk og omgrepslæring.

Gjennom Klart vi les! Nynorsk barnebokturné ynskjer arrangørane å bidra med kunnskap om kva som finst av nynorsk barnelitteratur. (Illustrasjonsfoto)

Folkestad fortel at for henne er det viktig at forteljingane skapar ein arena der borna kjenner seg engasjerte. Det må vere rom for litt tull og tøys, samstundes som ein tek barnelesaren på alvor. Folkestad ynskjer å skrive bøker som både gutar og jenter kan like, med tydelege innspel av humor og ablegøyer i kombinasjon med viktig tematikk og lærdom. I boka Henrik And, til dømes, får lesaren møte ei and som helst vil vere noko anna. I Besta og Bo-serien er ein vitne til eit rollebyte der Besta er den som finn på rampete sprell og Bo gjerne er den fornuftige av dei to. Resultatet er ein vinnande kombinasjon.

Les òg: Fjaler, Gulen og Hyllestad har samarbeida som språkkommunar

Gode tilbakemeldingar

Vi opplever mykje positiv tilbakemelding i etterkant av Klart vi les! Nynorsk barnebokturné. Seminaret og bibliotekbesøka har eit ynskt og ettertrakta fokus, og vi som formidlarar opplever eit svært takknemleg publikum med stor interesse for fagfeltet.

For borna er det stort å møte ein ekte forfattar, og dei får moglegheita til å kome med spørsmål og samtale om forteljingane. Møta for tilsette opnar for at større grupper med lærarar og barnehagetilsette frå same arbeidsplass får delta i fellesskap, noko vi ser styrker mottakinga av bodskapen vi ynskjer å formidle.

Med markante fagpersonar på programmet, glimrande barnebokforfattarar og engasjerte deltakarar ser vi fram til fleire Klart vi les!-arrangement i åra som kjem.

Tekst: Ida Karin Aarflot Kornberg, rådgjevar ved Nynorsksenteret

 

Referansar:

Kunnskapsdepartementet. (2017) Rammeplan for barnehagen: Innhald og oppgåver. Henta frå https://www.udir.no/globalassets/filer/barnehage/rammeplan/rammeplan-for-barnehagen-nynorsk2017.pdf