Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
25.09.2017

Fullt på oppstartsamling for overgang barnehage-skule - kan bli ekstrasamling

Det kan bli enkelte ledige plassar når datoen for samlinga nærmar seg. I tillegg er det mogleg at ei ekstrasamling blir arrangert.

Oppstartsamlinga i Språkløyper for overgangen mellom barnehage og barnetrinn har vore svært populær.

Så populær at samlinga dessverre blei fullbooka allereie tre veker før fristen.

 

Kan koma «restplassar»

Det kan likevel bli enkelte ledige plassar tilgjengeleg når datoen for samlinga nærmar seg, som er 28. november.

Eventuelle ledige plassar blir annonsert på nettsida til Språkløyper og/eller Lesesenteret, og på Facebook-sida vår.

Då gjeld «først til mølla»-prinsippet.

 

Kan bli ekstrasamling

På grunn av den store pågangen, blir det i tillegg vurdert å arrangera ei ekstrasamling.

Tidspunkt for ei slik eventuell samling blir opplyst når det er endeleg bestemt om ei slik samling vil finna stad.

Viktig overgang

Det er Lesesenteret og Skrivesenteret som i haust inviterer til gratis oppstartsamling for éin av kompetanseutviklingspakkane i Språkløyper.

Pakken er Overgang fra barnehage til skole, som er retta mot leiarar og ressurspersonar i kommunane. Desse leiar samarbeidet mellom barnehage og skule når det gjeld språk, lesing og skriving.

Samlinga går føre seg på Radisson Blu Oslo Airport Hotell på Gardermoen, tysdag 28. november kl. 10.00-15.00.