Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
08.09.2017

Lær å støtta elevane dine som skrivarar

Jobbar du med skriveopplæring på barnetrinnet, kjem du til å finna mykje nyttig i den nye Språkløyper-pakken Å støtta elevane si skriving.

Like før sommarferien blei den nye kompetanseutviklingspakken Å støtta elevane si skriving publisert på Språkløyper-nettsida.

Pakken rettar seg inn mot lærarar på barnetrinnet.

Han har som mål å visa korleis læraren kan fremja skrivinga til elevane og presenterer ulike arbeidsmåtar som kan bidra til at dette målet blir oppnådd.

Eit av fleire viktige omgrep her er «stillasbygging,» som blir gjort greie for i første økt.

- Det er viktig å merka seg at stillasbygging ikkje er det same som hjelp. Stillasbygging er den støtta eleven treng for å skriva ein tekst - der denne støtta er av ein slik karakter at eleven seinare vil kunna skriva ein liknande tekst, utan ei slik form for støtte, på sikt, fortel førsteamanuensis Anne Håland frå Lesesenteret i fagfilmen.

Ulike måtar å støtta elevane si skriving på – som til dømes bruk av modelltekstar, skriveramme og samtale om tekstar – blir presentert.

Å støtta elevane si skriving består av til saman sju økter og er produsert av Lesesenteret.

Les òg:

Derfor er lesing og skriving viktig også i design og håndverk Håndverksfagene har hatt en sterk muntlig tradisjon, men den teknologiske utviklingen øker kravene til gode lese- og skriveferdigheter også her.

Språkvanskar hjå skulebarn – kva kan du gjera? Språkløypers nye kompetanseutviklingspakke gir deg svar dersom du uroar deg over elevar i klassen som ikkje tileignar seg språk som vanleg.

Slik lukkast du med nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet Jau, vi kan! Denne nye Språkløyper-pakken og høgskulelektor Hjalmar Eiksund har råda du som lærar treng for å gi undervisinga ein ekstra boost.