Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
18.08.2017

Slik lukkast du med nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet

Jau, vi kan! Denne nye Språkløyper-pakken og høgskulelektor Hjalmar Eiksund har råda du som lærar treng for å gi undervisinga ein ekstra boost.

Ein skal ikkje nekta for at ho har møtt ein viss motbør opp gjennom tida; målforma med opphav i Ivar Aasens nasjonalspråklege prosjekt. I offentlege ordskifte så vel som blant enkelte skuleelevar har tonen til tider vore … tja, ein smule skeptisk.

Språkløypers ferske kompetanseutviklingspakke Nynorsk som sidemål for ungdomsskulen tek utfordringa med friskt mot og konstruktive innfallsvinklar. Den nye pakken har som mål å bidra til ei sidemålsopplæring som tar i bruk varierte metodar, og som kan engasjera elevar med ulike føresetnader og motivasjon.

Les òg: Derfor er Språkløyper nyttig i ungdomsskulen

Anerkjenn nynorsk-motstanden

Hjalmar Eiksund, høgskolelektor ved Nynorsksenteret, er ein av fagpersonane som medverkar i pakken. Han påpeikar at det er viktig som lærar nettopp å anerkjenna motstanden somme elevar har mot nynorsk som sidemål. Ein motstand som kan ha fleire årsaker.

- Det kan vera uvisse om kva undervising i sidemål handlar om, og det ein er usikker på, blir ein fort skeptisk til. I tillegg har ein ofte dårleg tid – tre år til eksamen og karaktersetting - som gjer at elevar fort blir usikre på om dei vil rekkja over å bli gode nok. For det tredje har ein ofte lite drahjelp frå tradisjonell nynorskundervising, som ofte kretsar rundt grammatikk og tilbakemelding på skriftlege tekstar, seier Eiksund i eit video-intervju i pakken.

Det er Nynorsksenteret som har laga og produsert Nynorsk som sidemål, i samarbeid med Lesesenteret.

Les òg: Skeptisk til nynorsk? Ikkje no lenger

Vis engasjement og varier

­Høgskulelektoren har følgjande tips til dei tusen (ny)norsklærar der ute:

- Kjenn elevane dine og vit kva språkkompetanse dei har på førehand. Vis eit ektefølt engasjement for fagstoffet – det smittar. Varier undervisinga. Bruk nynorsken tverrfagleg, slik at han blir synleggjort som bruksspråk. Og trekk inn andre typar sjangrar i skrivinga enn elevane er vande med.

Nynorsk som sidemål for ungdomstrinnet har fire økter, og intervjuet med Hjalmar Eiksund kjem i andre økt.

Det er òg laga ein kompetanseutviklingspakke for nynorsk som sidemål i vidaregåande, som nyleg blei publisert.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Foto: Getty

Les òg:

Her er dei 28 nye språkkommunane Lista for 2017 inneheld kommunar frå Finnmark i nord til Vest-Agder i sør. Til saman er 55 kommunar med på prosjektet, som er ein del av Språkløyper.

Å jobba med læringsutvikling er ingen quick fix, men er nyttig på lang sikt Det tar tid og kan vera smertefullt, og ein må vera tålmodig. Og Språkløyper kan letta prosessen.

Oversikt over ressursane i Språkløyper Her er brosjyren som blei delt ut på oppstartsamlingane i vår.