Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
11.05.2017

Verdt å få med seg ekstrasamling i Språkløyper

Opplegget går inn i kvardagen til barnehagetilsette og gir både inspirasjon og motivasjon til fornying. Det seier universitetslektor Thomas Hammerø Lund, som er blant dei fagleg ansvarlege på oppstartsamlingane for barnehagetilsette.

Interessa for oppstartsamlingane til Språkløyper i vår var så stor at arrangørane – Lesesenteret og Skrivesenteret – bestemte seg for å ha ekstrasamlingar for barnetrinn (23. mai) og barnehage (24. mai) på Gardermoen. Framleis er der ledige plassar.

Alle interesserte melder seg på via denne lenka

Thomas Hammerø Lund, universitetslektor ved Lesesenteret, er ein av dei fagleg ansvarlege for barnehage-samlingane.

Saman med fleire kollegaer frå Lesesenteret og Skrivesenteret var han nyleg var på turné med oppstartsamlingane for Språkløyper, som var innom sju norske byar.

 

Thomas Hammerø Lund, universitetslektor ved Lesesenteret.

Her finn du meir informasjon om dei ekstra oppstartsamlingane

Oppstartsamlinga byr på inspirerande foredrag med erfarne fagfolk, her Liv Nese frå Emmaus barnehage.

 

- Kva kan du seia om innhaldet i oppstartsamlinga for barnehagar?

- For å ta essensen: Me fortel kva Språkløyper er, at det er initiert av Kunnskapsdepartementet og om bakgrunnen for den nasjonale satsinga på språk, lesing og skriving. Me kjem med praktiske døme frå kompetanseutviklingspakkane; korleis dei ser ut og korleis dei kan brukast i det daglege arbeidet. Eitt eksempel her er barnelitteratur, der me med dokumentkamera viser utdrag frå ulike bøker og forklarer korleis ein kan knyta dette opp til dei ulike øktene i pakkane. I tillegg blir det gjennomgått ein del teori, blant anna om innovasjon, transformasjonsleiing og organisasjonsutvikling, som viser korleis utviklingsarbeidet med Språkløyper bør drivast. Noko av grunntanken er jo at Språkløyper ikkje er eit prosjekt, men ein prosess, som ein går inn i og står i vidare framover.

Mange gode lesetips dukkar opp undervegs på samlingane.

 

- Korleis har responsen vore på oppstartsamlingane rundt i Noreg?

- Responsen har vore positiv. Mange deltakarar har kome med hyggelege tilbakemeldingar, både under samlingane, i pausane og i evalueringane me har fått. Dei set pris på at me viser eksempel, at me har foredragshaldarar som har erfaring frå praksisfeltet, men at materialet samtidig har teoretisk tyngde. Klart, nokre få ønskjer sjølvsagt at ulike moment kunne vore annleis – meir teori, meir praksis og så vidare, slik vil det alltid vera. Men hovudtyngda av deltakarane er svært nøgde og positive etter å ha vore med. Me får mange engasjerte spørsmål - som korleis ein skal dela erfaringane vidare og vidareføra arbeidet frå oppstartsamlinga.

Lunsjen er både god og gratis på ei Språkløyper-oppstartsamling.

 

- Kvifor er det lurt for barnehagetilsette å delta på oppstartsamling for Språkløyper?

- Fordi Språkløyper er eit knallgodt opplegg! Fagleg sterkt, samtidig som det ivaretar den verkelege verda som barnehagetilsette står midt oppi. Som går inn i den kvardagen dei jobbar i, med innfallsvinklar dei kan kjenna seg igjen i og oppgåver som er relevante for å kunna utvikla seg. Eit viktig moment er at ein i denne prosessen ikkje berre skal endra, men òg finn ut kva som er bra i eigen praksis - som ein så kan foredla og fornya. Eit slikt utgangspunkt gir motivasjon blant dei tilsette og inspirasjon til å endra praksis, der det er naudsynt. Den typiske deltakaren er gjerne pedagogisk leiar eller styrar, men me møter i tillegg rådgjevarar frå kommunar, tilsette frå PPT og personar med annan yrkesbakgrunn.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Foto: Kirsti Thisland, Lesesenteret

Les òg desse sakene:

Språkløyper har ført til delingskultur Tips har blitt testa ut i klassane, som sidan har blitt delt med resten av personalet, fortel rektor Heidi Midttun ved Setermoen skole.

Språkløyper får to tomlar opp av testgruppa Opptil ni av ti deltakarar trur Lesesenter-prosjektet kan gjera norske barn og ungdommar til betre lesarar og skrivarar.

Språkløyper hjelper Svalbard med fleirspråklege utfordringar Ikkje uvanleg at fire språk er involvert rundt ein familie som har barn hjå oss, seier einingsleiar Trine Berntsen i Polarflokken barnehage.