Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Språkløyper
AV Språkløyper
03.05.2017

Sjekk ut den nye pakken for helse- og oppvekstfag

To økter er publisert til nå, og fleire kjem til etter kvart.

Helse- og oppvekstfag i vidaregåande opplæring har i vår fått eigen kompetanseutviklingspakke på Språkløyper-nettsida.

Pakken heiter Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag, og førebels er to økter publisert.

Målsettinga for pakken er å visa korleis lærarar i vidaregåande opplæring kan motivera og engasjera elevar til å lesa fagtekstar, og korleis ein kan planleggja undervising slik at elevane vert meir aktive i eigen lese- og læringsprosess.

Dei første to øktene er Introduksjon og Leseprosessen, og inneheld både fagfilmar, refleksjonsoppgåver og gruppearbeid.

Vidare er følgjande økter planlagt publisert i kompetanseutviklingspakken:

3 - Å arbeide med ord og omgrep 

4 - Å gje gode lesebestillingar

5 - Å gje gode skrivebestillingar

 

Les òg desse sakene:

Slik blir det jobba med Språkløyper i vidaregåande Det faglege miljøet ved skolen blir styrka gjennom samarbeidet mellom faglærere og programfaglærere, fortel ein av Språkløyper-lærarane i vidaregåande skule.

Vaksenopplæring bruker Språkløyper til å undervisa innvandrarar betre - Me kjem med varme tilrådingar om opplegget til skular og barnehagar som er med i nettverket vårt, seier Eirunn Innerdal ved Sunndal voksenopplæring.

Her er dei 28 nye språkkommunane Lista for 2017 inneheld kommunar frå Finnmark i nord til Vest-Agder i sør. Til saman er 55 kommunar med på prosjektet, som er ein del av Språkløyper

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret