Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
24.04.2017

Ekstra oppstartsamling for barnetrinn og barnehage

Rekordpåmelding gjer at Språkløyper inviterer til to ekstrasamlingar på Gardermoen i slutten av mai.

Oppstartsamlingane for Språkløyper i vår blei svært ettertrakta, med over 1500 påmelde frå heile landet til sju regionale samlingar.

Den store interessa hadde likevel ei bakside: Enkelte fekk ikkje bli med, fordi pågangen var så stor på nokre samlingar, særleg for dei yngste alderstrinna.

Derfor er det ei glede å informera om at det blir ei ekstra oppstartsamling for både barnetrinn og barnehage.

Begge samlingane går føre seg på Radisson Blue Gardermoen og tidspunkta er:

 

Barnetrinn: Tysdag 23. mai

Barnehage: Onsdag 24. mai

 

Alle interesserte melder deg på via denne lenka

(Du melder på éin person om gongen. Det er ei grense på maksimalt to deltakarar frå kvar barnehage, to deltakarar frå kvar barnehage/skuleeigar og tre deltakarar frå kvar skule)

 

Personar som ikkje kom med på dei ordinære oppstartsamlingane for barnehage og barnetrinn, har fortrinnsrett.

Programmet er det same som tidlegare i vår, og samlinga og varer frå klokka 10 til 15.

Påmelding så lenge det er ledige plassar.

 

Les òg - programma for oppstartsamlinga til Språkløyper for:

Barnehage

Barnetrinnet

 

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret