Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
03.01.2017

Nå kan din kommune bli språkkommune

Utlysinga er ute og innan 1. mars må søknaden vera sendt.

I fjor blei dei aller første språkkommunane i Noreg valde ut, og nå er det klart for ny runde.

Alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg kan søka om å bli språkkommunar -  som er eitt av tre verkemiddel i Språkløyper-strategien.

Kommunane som blir valde ut, får økonomisk støtte til å driva utviklingsarbeid for språk i barnehagane og skulane dei har ansvar for.

Les òg: Desse blei språkkommunar i fjor

Kan søka nå

Utlysinga blei sendt ut 3. januar, og søknadsfristen er 1. mars.

Ein eigen søknad må skrivast for å bli språkkommune. Fleire opplysingar ligg på Utdanningsdirektoratet si nettside om språkkommunar.

Dei nye språkkommunane startar arbeidet frå hausten 2017, og prosjektet varer i halvtanna år.

I 2016 fekk 27 kommunar og fylkeskommunar til saman rundt 30 millionar kroner for å utvikla arbeidet sitt med språk, lesing og skriving.

Les òg: Finn ut meir om Språkløyper og språkkommunar

Nyttig å vera med

- Det er lurt å søka om å få bli språkkommune fordi ein får økonomisk og fagleg støtte til å jobba heilskapleg med språk, lesing og skriving i barnehagar og skular. Å ha gode, språklege ferdigheiter er avgjerande for barn sin leik og læring i barnehagen, for elevar si lesing, skriving og læring i skulealder, og for den enkelte sine moglegheiter til å nå måla sine og utvikla potensialet sitt, uttaler Anne Borgersen i Utdanningsdirektoratet.

Ho viser til at språkkommunar får støtte til planlegging, forankring og gjennomføring av utviklingsarbeid innanfor områda språk, lesing og skriving og økonomisk støtte til frikjøp av ressurspersonar og til å etablera lærande nettverk. Pluss fagleg støtte frå Lesesenteret og Skrivesenteret og rettleiing i bruk av dei nyutvikla pedagogiske ressursane i Språkløyper.

Les òg: Vanlege spørsmål og svar om Språkløyper

Gir inspirasjon

Iris Hansson Myran ved Skrivesenteret, som er koordinator for språkkommunane, stadfestar at dei kommunane og fylkeskommunane som ønsker å jobba systematisk med språk i barnehagen og lesing og skriving i skulen, vil ha nytte av å bli ein språkkommune.

- Blir søknaden innvilga, vil språkkommunane få midlar til å tilsetja ressurspersonar som skal støtta arbeidet og til å etablera nettverk innanfor områda språk, lesing og skriving. Lese- og Skrivesenteret arrangerer nasjonale samlingar for ressurspersonane i språkkommunane.

På dei nasjonale samlingane vil språkkommunane få presentert korleis dei kan ta i bruk kompetanseutviklingspakkene i Språkløyper.

- Dei kommunane som allereie har starta opp sitt arbeid, gir tilbakemelding om at kompetanseutviklingspakkane har engasjert, gitt inspirasjon og bidratt til ei felles forståing av kva som kjenneteiknar godt språkarbeid og utviklingsarbeid i barnehagar og skular, seier Myran.

Les òg:

Desse nye pakkane og øktene kjem i Språkløyper

Slik brukar du Språkløyper

Finn ut meir om lese- og skrivevanskar

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret