Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
29.01.2017

Vaksenopplæring bruker Språkløyper til å undervisa innvandrarar betre

- Me kjem med varme tilrådingar om opplegget til skular og barnehagar som er med i nettverket vårt, seier Eirunn Innerdal ved Sunndal voksenopplæring.

Sunndal Voksenopplæring i Sunndalsøra er ein kommunal skule for innvandrarar over 16 år, med snautt 300 elevar (nokre av dei kan sjåast på biletet) og 21 lærarar. Med ei rekkje ulike nasjonalitetar og der språk som tigrinja, somali, arabisk, dari og pashto er blant dei største, er dei pedagogiske utfordringane mange i høve til det fleirspråklege.

Då har personalet utbytte av Språkløyper, som dei starta med i byrjinga av skuleåret.

Les òg: Språkløyper hjelper Svalbard med fleirspråklege utfordringar

Følgde opp førre prosjekt

Forhistoria er at skulen blei med i prosjektet Vurdering for læring frå hausten 2015. Etter ei tid blei Språkløyper-prosjektet kjent for rektor Gøril Skeie, som har ry for å vera medviten om utviklingsprosjekt og kompetanseheving. Skulen melde seg på oppstartsamling i fjor vår og frå august i fjor har ressursane blitt testa ut.

- Gjennom Vurdering for læring hadde me då allereie jobba med å sjå på eigen praksis og observera kvarandre. Difor kom Språkløyper svært beleilig. Det passa godt inn med det me allereie heldt på med, og var slik sett skreddarsydd for oss, fortel Eirunn Innerdal, lærar ved Sunndal Voksenopplæring.

- Korleis jobbar de konkret med opplegget?

- I fellestida har me sett av tid til å jobba med prosjektet Kompetanse for mangfold, som handlar om fleirkulturell pedagogikk. Ettersom eitt av fokusområda i haust har vore lesing, har me brukt Språkløyper som ein av arbeidsmåtane. I januar kjem så fokus på skriving og vidare utover våren er dybdelæring tema. Me har ikkje brukt «pakkane,» altså ressursane, kronologisk, ettersom noko av tematikken – som konstruktiv tilbakemelding – var kjent gjennom Vurdering for læring. Men me byrja med «Å vera lese- og skrivelærar i alle fag,» ettersom elevane våre er på svært ulike nivå - men alle må lesa for å klara seg. Nokre grupper er på ungdomsskulenivå, og skriv laboratorium-rapportar, andre grupper klarer å skriva nokre linjer om ein vanleg dag, og atter andre kjem til oss som analfabetar. Det gjer at me som lærarar må jobba ut frå svært ulike premiss og med ulike metodar, ut frå kva gruppe me har ansvar for, svarer Innerdal.

Seinare har personalet mellom anna teke føre seg økta «Hvorfor arbeide med ord og begreper?» frå «Å arbeide med språk,» som var nyttig i høve til førlesing og å velja ut nyttige ord frå tekstar.

Kompetanse for mangfold er ei nasjonal satsing på det fleirkulturelle området, der målet er at elevar med minoritetsbakgrunn i størst mogleg grad fullfører og består utdanningsløpet.

Les òg: Nå kan din kommune bli språkkommune

Ressursgruppe har styringa

- Kva er erfaringane dykkar med Språkløyper?

- Det har vore «innmari» nyttig. I byrjinga tenkte me at det var for godt til å vera sant – gratis og klar til bruk som det var. Ein framgangsmåte der me ikkje tar alt kronologisk, krev at nokre set seg inn i innhaldet først, og ikkje berre les overskriftene. Me er ei ressursgruppe på tre personar ved skulen, som har sett av tid til førebuing av arbeidet, og me prøver å finna ut kva pakkar og økter som passar best. Andre gonger har me teke stoff som går etter kvarandre, noko som òg har sine fordelar. Framover kjem me nok til å dela opp personalet meir, slik at stoffet som blir gjennomgått passar best mogleg til den enkelte sine arbeidsoppgåver. Til dømes vil «Skriving i alle fag» passa bra for lærarar hjå oss med elevgrupper som er ungdomsskule-nivå.

- Kva har det hatt å seia for elevane og undervisinga deira?

- Me som underviser har blitt meir medvitne om kva – og kvifor – me gjer som me gjer i undervisinga. Det gjer noko med oss å gå gjennom dei pålagte oppgåvene, ha refleksjonsmøte og liknande. Det er lett å køyra seg fast i eit løp, for oss som for andre, difor trur eg ein slik prosess kan få oss inn på eit nytt spor. Me håpar og trur at læringa blir betre, og me har fått med oss mange nye tips, som bruk av tankekart, bilete, forlesing og modellering.

- Kvifor er Språkløyper nyttig for undervising for minoritetsspråklege?

- Språkløyper har eit svært medvite tilhøve til språk, noko som er viktig for oss lærarar for minoritetsspråklege. Ord og omgrep, førlesing, fokusord og liknande er alle viktige prinsipp her. Ta funksjonsord som «fleire,» «mindre,» «auka» eller minka.» I for stor grad kan ein ta for gitt at ein minoritetsspråkleg elev skjønar innhaldet av dei, men det kan vera meir vrient enn me som snakkar det som morsmål kjem på. Me tar kanskje fram ord som «solformørking,» og kjem kanskje ikkje på at andre, meir vanleg brukte ord kan vera vel så vanskelege å skjøna. Ei slik bevisstgjering får Språkløyper fram, seier Eirunn Innerdal.

Ho og Sunndal Voksenopplæring har difor ingen problem med å tilrå andre å bruka ressursane.

- Me er med i nettverket til Kompetanse for mangfold, og har kome med varme tilrådingar til andre skular og barnehagar i kommunen som er med her, tilføyer Innerdal.

 

Les òg:

Språkkommunen Hammerfest er glad for struktur og raud tråd

Fjaler, Gulen og Hyllestad har samarbeida som språkkommunar

Desse nye pakkane og øktene kjem i Språkløyper frå 2017 og framover

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret