Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
05.01.2017

Fjaler, Gulen og Hyllestad har samarbeida som språkkommunar

Å vere språkkommune gjev høve til å få eit skikkeleg fokus på språkarbeidet og systematisk og heilskapleg utviklingsarbeid, seier utviklingsleiar Åsmund Bertelsen.

27 kommunar og fylkeskommunar blei i fjor vår valde ut til å bli språkkommunar, som ein del av Språkløyper-strategien.

Dei tre kommunane Fjaler, Gulen og Hyllestad i Sogn og Fjordane er alle tre språkkommunar, og jobbar tett både her og i andre samanhengar gjennom samarbeidsprosjektet HAFS-regionen.

 

- Kvifor ønskte Fjaler, Gulen og Hyllestad kommune å bli språkkommunar?

- Vi ønskte å halde fram arbeidet med Ungdomstrinn i utvikling, der vi hadde med alle årssteg og alle skular i pulje 1. To av kommunane har fått mange minoritetsspråklege og ville arbeide meir systematisk med språkopplæringa. Ein av kommunane har hatt nedgang i resultat på nasjonale prøvar. Kommunane ville satse på tidleg innsats og ville gjere noko i barnehagane. Dei ville utvikle ein heilskapleg plan for arbeidet med språk, frå barnehagen til vidaregåande, seier Åsmund Bertelsen, utviklingsleiar for barnehage og skule i HAFS-regionen.

 

- Kva er erfaringane dykkar så langt?

- Både barnehagar og skular er godt i gang, og dei er motiverte for arbeidet. Ein er svært godt nøgd med ressursane i Språkløyper og med Utdanningsdirektoratet sitt opplegg for satsinga, med handlingsrom og tid til å arbeide fram strategi og tiltaksplan.

 

- Kva ønsker kommunane å få ut av satsinga – både for barnehagelærarar, lærarar og elevar?

- At alle ungane i barnehagen og alle elevane i skulen skal verte gode språkbrukarar, munnleg og skriftleg, og at dei skal ha eit godt læringsmiljø.
 

- Korleis er språkkommune-arbeidet organisert i desse kommunane?

- Kommunane har eit felles strategidokument og kvar sine tiltaksplanar. Ei interkommunal gruppe med kommunalsjefane og ressurspersonar utgjer styrings- og utviklingsgruppa. Kvar kommune har i tillegg ei prosjektgruppe. Utviklingsleiar for barnehage og skule i regionen er med i både styringsgruppe og dei kommunale gruppene.

 

- Korleis har dei tilsette – i skular og barnehagar – respondert på satsinga?

- I hovudsak svært positivt mottatt. Nokre er godt i gang og opplever arbeidet som interessant, meiningsfullt og nyttig. Kan hende er barnehagane mest frampå.

 

- Kva har språkkommunar-deltakinga å seia for arbeidet med Språkløyper?

- Deltakinga har klart medverka til at dette gode verktøyet er teke i bruk av både skular og barnehagar.

 

- Kvifor vil de oppmoda andre om å bli språkkommune?

- Denne satsinga skil seg frå mellom anna Ungdomstrinn i utvikling gjennom eit større handlingsrom og høve til ei skikkeleg planlegging og utvikling av ein strategi. Å vere språkkommune gjev høve til å få eit skikkeleg fokus på språkarbeidet, kompetanseutvikling, systematisk og heilskapleg utviklingsarbeid. Språkkommunearbeidet gjev høve til å få god samanheng og progresjon i arbeidet, frå barnehage til vidaregåande, seier utviklingsleiar Åsmund Bertelsen.

 

Les òg:

Desse blei språkkommunar i fjor

Finn ut meir om Språkløyper og språkkommunar

Vanlege spørsmål og svar om Språkløyper