Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
06.01.2017

Å bli språkkommune har auka motivasjonen i Sykkylven

- Vi lærer på alle nivå og blir forplikta til å følgje opp, seier skulefagleg rådgjevar Monica Hjelmevoll om satsinga.

27 kommunar og fylkeskommunar blei i fjor vår valde ut til å bli språkkommunar, som ein del av Språkløyper-strategien.

Sykkylven kommune er ein av desse. Kommunen har i overkant av 7.700 innbyggarar, ni barnehagar (fem kommunale og fire private), sju barneskular (fem kommunale og to private) og éin ungdomsskule.

Det er berre dei sju barneskulane som er søkte inn i språkkommune-satsinga, men dei fleste barnehagane har teke Språkløyper i bruk. Og både barnehagar og ungdomsskulen vert invitert til å delta i lokale nettverkssamlingar som vert arrangert for barneskulane i samband med satsinga, opplyser kommunen.

 

- Kvifor ønskte Sykkylven kommune å bli ein språkkommune?

- Resultata på nasjonale prøver sett over fleire år og samanlikna skulane mellom, viste at variasjonane i resultata var store. Dette gjaldt både mellom skulane, men også i stor grad frå år til år på dei same skulane. Spesielt i lesing viste ofte oversiktene resultat under gjennomsnittet for både land og fylke, og vi såg at vi har relativt mange lesarar på dei lågaste nivåa, og få på dei høgste.

Lærarane såg også at fleire av elevane ofte berre hoppa over å lese oppgåveteksten, eller at dei las den fort utan eigentleg å ta inn over seg kva som stod der. Dei gjekk rett på sjølve oppgåva, og tippa ofte svaret av di dei eigentleg ikkje visste kva oppgåva gjekk ut på. Dette gjaldt ikkje berre i lesing, men også i rekning og engelsk, ved nasjonale prøver.

I ordinær undervisning såg ein også at mange elevar har manglande ord- og omgrepsforråd, noko som har innverknad på både læringsutbytte og fagforståing. Ord og omgrep som lærarar tenkjer at elevane forstår og kan, viser seg å vere ukjende for mange av elevane, som kontekst, analyse, vurdering, prosjekt, strategi og så vidare.

For mange elevar på mellomtrinn og ungdomstrinn får heller ikkje med seg innhaldet i det dei les fordi dei bruker krefter på å avkode og lese tekstar teknisk. Dei har ikkje fått nok mengdetrening til å kome over denne fasen. I tillegg les mange elevar på same måte uansett kva type tekst dei les. Det har ikkje tidlegare vore fokus på ulike lesestrategiar i dei ulike faga. Lesestrategiar, ord og omgrep og øving på leseforståing har høyrt til under norsklærarane sitt fag, og har ikkje tidlegare vore knytt til kvar einskild faglærar.

I tillegg var motivasjonen at ungdomsskulen no i haust gjekk inn i pulje 4 i Ungdomstrinn i utvikling, med satsing på lesing i alle fag og klasseleiing. Rektorane på barneskulane ønskte også ei slik satsing på lesing, og gjekk dermed einstemmig inn for å søke om å bli ein språkkommune, svarer Monica Hjelmevoll, skulefagleg rådgjevar i Sykkylven kommune.


- Kva er erfaringane dykkar så langt?

- Dei to ressurspersonane som følgjer opp ressurslærarane på kvar skule, opplever at satsinga har vorte motteken med stor motivasjon frå dei aller fleste. Språkløyper-pakkane får gode skussmål, og gir mange gode personalmøter der lærarar reflekterer og deler med kvarandre. Sidan skulane er relativt små, har dei berre eitt trinn. Faglærarar vert dermed ganske åleine om sitt trinn, og dei opplever det som positivt å treffe lærarar som arbeider på andre skular, men på same trinn. Det skal difor også dannast lokale nettverk der dei sju skulane vert delt i to grupper, som skal møtast oftare enn dei lokale nettverkssamlingane som er for alle skulane. Desse har vi tenkt å ha tre av i løpet av dei tre semestera satsinga varer. Også ressursnettverka, der ressurspersonane møter ressurslærarane for å førebu dei på den jobben dei skal gjere på personalmøta, fungerer godt. Barnehagane har akkurat begynt å stegvis innføre ei satsing kalla «Solid Start» - som går ut på å gi borna systematisk fin-, grov- og sansemotorisk trening i samarbeid med fysioterapeut. Dette for å stimulere læreevna gjennom fysisk trening. Samtidig ønskte barnehagane som har kapasitet til dette i tillegg å fokusere på auka språkstimulering og leseførebuande aktivitetar. Dei har dermed begynt å bruke Språkløyper i personalmøter.



- Kva ønsker kommunen å få ut av satsinga - både for barnehagelærarar/lærarar og elevar?

- Vi har to mål for satsinga: Mål 1: Alle lærarar er språklærarar. Mål 2: Alle elevar får betre språk- og lesekompetanse. Vi ønsker at barn og unge skal få leseglede og kunne nytte lesinga som reiskap for læring.


- Korleis er språkkommune-arbeidet organisert?

- På kvar av skulane er det to ressurslærarar som skal arbeide med Språkløyper i personalmøta på eigen skule kvar 4.-6. veke. Desse ressurslærarane har møte med dei to ressurspersonane som har fått to timar kvar avsett til å «halde handa på» satsinga og delta på dei nasjonale samlingane i samband med satsinga. På desse ressursmøta skal ressurspersonane først og fremst formidle forskingsbasert kunnskap om lesing, motivere ressurslærarane i deira rolle og kome med innspel til korleis ressurslærarane kan nå kollegane sine. Ressursmøta skjer i den bundne arbeidstida til ressurslærarane, så dei har ikkje fått ekstra tid til dette arbeidet.

Ressurspersonane sit også i arbeidsgruppa, som består av desse to, i tillegg til rektor på ein av privatskulane og rektor på den skulen ressurspersonane arbeider, i tillegg til underteikna, som er skulefagleg rådgjevar og strategileiar. Arbeidsgruppa møtest ved behov, og har mellom anna utarbeidd ein strategiplan som akkurat no er ute i skulane for innspel frå lærarane.
Arbeidsgruppa rapporterer til styringsgruppa, som består av alle sju rektorane, skulefagleg rådgjevar, ein repr. frå PPT og kommunalsjefen for oppvekst (ved høve). Rådgjevar for barnehage er også med på nokre av møta i styringsgruppa. Strategiplanen skal presenterast og godkjennast politisk av levekårsutvalet i løpet av januar/februar.


- Korleis har dei tilsette i - skular og barnehagar - respondert på satsinga?

- Positivt, som nemnd tidlegare. Det er enno tidleg i satsinga, og det har teke litt tid å kome fram til den organiseringsmodellen vi har valt. Men vi har hatt ei «kick-off»-samling som var svært positiv, der alle lærarane på alle skulane møtte. Her var det svært god stemning, og grunnlaget for at alle skulle innsjå kor viktig denne satsinga er og kvifor vi satsar på dette, vart lagt her. Mange lærarar deltok også på presentasjonen i Ålesund av Språkløyper, og særlig det med meir intensiv bokstavinnlæring i begynnaropplæringa motiverte lærarar for småskuletrinnet.



- Kva har språkkommunar-deltakinga å seie for arbeidet med Språkløyper?

- Strategiplanen som må utarbeidast tvinger oss til å legge gode planar for arbeidet. Vi må tenkje gjennom både mål og innsatsområde og kva tiltak som må til for å komme dit vi ønsker. I tillegg fører samlingane i samband med språkkommune-satsinga til at vi får meir kompetanse både om korleis slike strategiar bør gjennomførast og forsking på korleis ein organisasjon kan lære saman. Skulane kunne godt ha nytta Språkløyper utan at vi var med i Språkkommune-satsinga, men då hadde det gjerne vorte meir opp til kvar enkelt skule og rektor korleis dette vart prioritert. No vert ein meir forplikta til å følgje opp. Varierande resultat på lesing frå tidlegare, kan kome av at skular og lærarar jobbar på ulike måtar, og har mangla systematisk oppfølging når det gjeld leseopplæring.

 

- Kva er planane vidare?

- Å følgje strategiplanen vidare (som blei levert Utdanningsdirektoratet i desember) med ressursmøter mellom ressurspersonar og ressurslærarar, få i gang dei to nettverka mellom skulane og også å ha ei stor, lokal nettverkssamling i løpet av våren. Arbeidet på skulane med Språkløyper går sin gang. Vi har valt at skulane arbeider med dei pakkane og i det tempoet som passar skulane. Det kan difor skje at skulane har kome ulikt langt og har fokus på ulike pakkar, men dette ser vi på som positivt. Dette arbeidet skal forhåpentlegvis ikkje stoppe opp den dagen Språkkommunesatsinga er over 31.12.17, men halde fram også vidare. Då er det viktig at skulane får legge opp strategien slik det passar for dei.



- Kvifor vil de oppmoda andre om å bli språkkommune?

- Dei nasjonale samlingane er gode, med svært lærerike og konkrete førelesingar av dyktige fagfolk. Arbeidet med strategiplanen er krevjande, men gir til gjengjeld klarare tankar om korleis ein kan nytte Språkløyper best mogleg og nå måla i satsinga. I tillegg kan vi få fagleg støtte frå Lesesenteret, og det er svært positivt. Her kjem vi truleg til å ønske kompetanseheving i høve til begynnande leseopplæring og hurtigare progresjon i bokstavinnlæringa. Organiseringa i arbeidsgruppe og styringsgruppe, i tillegg til dei to dyktige ressurspersonane som søkte på stillingane, gir mange gode høve til å diskutere og reflektere rundt kva som er god språk- og leseopplæring og korleis dette arbeidet bør føregå. Vi lærer på alle nivå, erklærer Monica Hjelmevoll.

 

Les òg:

Desse blei språkkommunar i fjor

Finn ut meir om Språkløyper og språkkommunar

Vanlege spørsmål og svar om Språkløyper