Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
06.01.2017

Språkkommunen Hammerfest er glad for struktur og raud tråd

- Det hjelper med å setje arbeidet i system og sikrar kvalitet, seier pedagogisk konsulent Trine Hansen om å vera språkkommune.

Hammerfest ligg nordvest i Finnmark, har drygt 10.000 innbyggjarar og var ein av dei 27 språkkommunane som blei valde ut i fjor, som ein del av Språkløyper-strategien.

 

- Kvifor ønskte Hammerfest kommune å bli ein språkkommune?

- I 2011 starta Sektor for barn og unge i Hammerfest kommune prosjektet Tidlig innsats. Tidlig innsats har for Hammerfest kommune vore basert på tverrfagleg samarbeid – mellom Fagstab for Barn og unge, barnehage, skule, PP-teneste og helsesøsterteneste. Trine Hansen, pedagogisk konsulent i sektor for barn og unge i Hammerfest kommune.

 

- Kva vil kommunen få ut av satsinga?

- Hammerfest ønsker å ha eit universelt fokus som skal rettast mot kvalitet i barnehagen sitt ordinære arbeid med språkstimulering og skulen sitt ordinære arbeid med lese- og skriveopplæringa. For å lykkast med dette må vi styrke kompetansen til alle dei tilsette på språk, lesing- og skriving.

 

- Kva er erfaringane med å vera språkkommune så langt?

- Berre positivt. Vi ønsker god forankring til utviklingsarbeidet. Derfor har vi vald å bruke mykje av ressursane frå Utdanningsdirektoratet til reising for ressurspersonar på fagsamlingar på Gardermoen: fire språkrettleiarar frå barnehage, fire leserettleiarar frå skule og to i fagstaben frå Barn og unge. Vi er godt i gang med lærande nettverk både i barnehage og skule.

 

- Kva synest dei tilsette om språkkommune-satsinga?

- Verksemdsleiarar og pedagogiske leiarar i barnehage har fleire positive tilbakemeldingar. Arbeidet blir sett inn i eit system, med ein raud tråd frå Tidlig innsats til språkkommune-satsinga. Fagstaben leier, legg til rette og følgjer opp arbeidet og relevant materiell blir kjøpt inn. I tillegg er det positivt med ressursar som gir tid til planlegging og praktisk gjennomføring i arbeidet med høgtlesing og Språkløyper og at personalet får relevant kompetanseheving gjennom lærande nettverk, Språkløyper og andre interne og eksterne kurs. Positivt og negativt er eit sterk press frå fagstab -som nokre likar, andre synest blir for mye -eit styrt press frå fagstab - som nokre likar, andre synest blir for mykje, og at andre satsingar må vike for språkkommunearbeidet. Frå skulen blir det sagt at måten kompetansepakkene i Språkløyper er bygd opp på, gir liten motstand i kollegiet. Initieringa blir opplevd som toppstyrt, men bra etter at dei er komne i gang. Nokre verksemder har hatt andre prosjekt som har gjort at oppstarten har late vente på seg. Språkkommunesatsinga passar godt med den lokale satsinga vår og verksemder har fått til gode møteplassar for faglig refleksjon.

 

- Kva har språkkommunar-deltakinga å seia for arbeidet med Språkløyper?

- Å delta i språkkommunesatsinga gjer at vi får eit meir felles fokus i alle verksemder frå barnehage til skule.Alle barnehagane og skulene har prioritert tid til planlegging og gjennomføring av kompetansepakkane i Språkløyper. Eit verkemiddel til å heve kvaliteten på språk, lesing og skriving i alle verksemder.

 

- Kva er planane vidare?

- At Hammerfest kommune skal klare å stå i arbeidet med å utvikle god kvalitet på språkstimulering gjennom daglig høgtlesing i alle barnehagar. Få kvalitet i førskulearbeidet for å byggje eit godt grunnlag for begynnaropplæring i lesing og skriving. Implementere kvalitetskriterium i «Les 20». Individuelt tilpassa, daglig lesing i alle klasser 1.-7.trinn og betre læring – fokus på kriterium for god leseundervising, før, under og etter lesing i alle fag.

 

- Kvifor vil dykk oppmoda andre om å bli språkkommune?

- Det hjelper med å setje arbeidet i system og sikrar kvalitet. Det er forståing og aksept i personalet når Lesesenteret står bak tiltaket. Forankringa er god, med fleire dyktige pedagogar i barnehage og skule er på ressurssamlingane. Det gir ressursar og press på gjennomføring av Språkløyper. Opplæring og tid på å levere ein strategiplan til Utdanningsdirektoratet er ein hjelp til å få ein gjennomtenkt plan for kommunane si satsing, seier Trine Hansen.

 

Les òg:

Desse blei språkkommunar i fjor

Finn ut meir om Språkløyper og språkkommunar

Vanlege spørsmål og svar om Språkløyper