Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
21.11.2016

Kvifor er gutar og lesing eit tema?

Denne veka set me søkelyset på gutar på Lesesenteret. Men kvifor gjer me det?

Kjønnsskilnader innan lesing blant norske barn og ungdommar er eit ikkje ukjend tema for forsking, og gutar er i Språkløyper-strategien ei av fem grupper som er prioriterte. Kvifor? Jau, språkutviklinga til gutar ser ut til å gå noko seinare i tidleg alder enn for jentene.

Fleire gutar enn jenter òg har språk-, lese- og skrivevanskar, viser undersøkingar mellom anna Lesesenteret har vore ein del av.

Les òg: Jenter har bedre motorikk enn gutter

Jentene gjennomgåande betre

«Selv om forskning kan nyansere bildet, ser vi kjønnsforskjeller også i skolealder, for eksempel i de store leseundersøkelsene PISA, PIRLS og nasjonale prøver i lesing, hvor jentene gjennomgående har bedre leseferdigheter enn gutter,» blir det poengtert i ein av innleiingstekstane til Språkløyper.

Ei undersøking frå Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) viste i 2014 at jenter som gruppe i norsk skule presterer betre enn gutar i alle fag. Skilnaden er minst i matematikk – men aller størst i lesing, der gutane kan liggja eit heilt skuleår bak jentene.

Ei etablert sanning er at jenter tidlegare ute i språkleg samanheng, og ei undersøking i Stavangerprosjektet viste at gutar i barnehagen var mindre interesserte i språkaktivitetar.

Noko av konklusjonen var at gutar etter barnehagetida kunne henga etter i språkutviklinga.

Les òg: Jenter mer sosiale og selvstendige allerede som toåringer

 Handlar òg om interesse og motivasjon

Gutar og lesing har fått mykje merksemd – og då gjerne med negativt forteikn, konstaterte forskarar frå Lesesenteret allereie i 2008, i heftet «Gutter og lesing – lesevaner, lesetips, nye medier

Utgjevinga drøfta mellom anna kor rettvist det eigentleg var å snakka om eit «guteproblem» i høve til lesing, ettersom gutar har andre vanar og andre preferansar i høve til lesing.

I den kvalitative undersøkinga «Jeg leser aldri – men jeg leser alltid!» viste det seg at gutar las, men gjerne sjangrar som sakprosa, teikneseriar og humoristiske tekstar og ulike digitale tekstar.

I Språkløyper blir det poengtert at skilnadene mellom gutar og jenter òg kan skyldast ulik interesse for språk- og leseaktiviteter, motivasjon og haldninger til lesing.

«Det må derfor arbeides målrettet for at kjønnsforskjellene i språk- og leseferdighet ikke skal øke etter hvert som elevene blir eldre,» er oppmodinga frå forskarane bak strategien.

Les òg:

Store kjønnsforskjeller i norske elevers leseferdigheter

Språkstimulering i barnehagen: Slik fenger du guttene

Satsing på ungdomstrinnet

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret