Hopp til hovedinnhold

Fordypning: Samarbeid mellom barnehage og bibliotek

Skulestartfest i biblioteket

Av Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, høgskulelektor og rådgjevar ved Nynorsksenteret

Korleis styrke gode lesevanar i overgangen mellom barnehage og skule?

Lesing har ein sentral plass i arbeidet med språkstimulering i barnehagen. Gjennom varierte lese- og skriveaktivitetar får barna leseerfaringar og utviklar lesekompetanse. Korleis kan ein styrke og vidareføre lesevanar i overgangen mellom barnehage og skule?  

Samarbeid mellom bibliotek og barnehage

I Skodje kommune har alle barnehagane delteke i prosjektet Nynorske lesefrø. Målet med prosjektet er å etablere gode samarbeidsrutinar mellom barnehagane og folkebiblioteket, slik at barna får stor tilgang til dei gode barnebøkene. Prosjektet bygger på utviklingsprosjektet Lesefrø (Hoel, Oxborough, & Wagner, 2011).

Det lokale folkebiblioteket er viktig i prosjektet. Bibliotekarane set saman bokkasser og organiserer utdeling av bokkassar med nye bøker til barnehagane. Dette sikrar tilgang til nye bøker i barnehagane. I tillegg vert det arrangert ulike samlingar i biblioteket og barna er ofte på besøk i biblioteket. Slik får barna i barnehagealder god kjennskap til biblioteket og får leseopplevingar både i biblioteket og i barnehagen.

Samarbeid med bibliotek er positivt for leseaktivitetane i barnehagen (Sandvik, Garmann, & Tkachenko). Gjennom samarbeid får barnehagane tilgang til den nye barnelitteraturen og biblioteksamarbeid bidreg til at både vaksne og barn i barnehagen vert kjende med fleire nye bøker. Tilgang til ny litteratur er viktig og inspirerande. Når bibliotekaren kjem med bokkasser med ny litteratur og fortel om bøkene vert både barn og vaksne motiverte til meir lesing. Dei barnehagane som har samarbeid med bibliotek har gjerne fleire leseaktivitetar og barna får delta i fleire lesestunder (Synteserapport 20062014). Dette bidreg til at barna kan bli glade i bøker og kan etablere gode lesevanar.

Skulestartfest i biblioteket!

Barna i barnehagane i Skodje er ivrige lesarar og besøker biblioteket ofte. For å vidareføre gode vanar inviterer biblioteket til skulestartfest i biblioteket. Bibliotekaren legg til rette for at borna skal halde fram med å kome i biblioteket både på fritida ilag med foreldra sine og i lag med skulen. På denne festen markerer ein overgangen frå barnehage til skule. Barna kan få sitt eige lånekort slik at dei kan låne med bøker heim. Vi har lese mange bøker i barnehagen, og vi får låne bøkene med oss heim frå barnehagen også, seier Sofie som tydeleg set stor pris på å lese bøker. Mor Marianne fortel at det er veldig fint å få låne bøker med heim frå barnehagen, og at dei i tillegg har starta å låne litt fleire bøker sjølve også på biblioteket.

Å starte på skulen er ein milepæl! Å legge til rette for gode overgangar som gjer at barna kan utvikle seg og bygge vidare på grunnlaget dei har fått i barnehagen er eit viktig mål med dette arrangementet.

Ei ny verd opna seg!

I prosjektet Nynorske lesefrø er det dei nynorske barnebøkene som er i sentrum. Barn og vaksne får god kjennskap til mange nye nynorske barnebøker. Dei vaksne som har vore med i Nynorske lesefrø fortel om positive erfaringar med dei nynorske barnebøkene og at dei er overraska over kor mange gode nynorskbøker som finnast. – Det er som ei ny verd med bøker som har opna seg, uttrykker ein pedagog som har vore med på prosjektet. Dei tilsette har starta å prate om både innhaldet og språket i bøkene. Dei tilsette les meir og brukar meir bøker, songar, rim og regler på nynorsk. Dei brukar bøkene i meir varierte samlingar og på ulike måtar. Bøkene har fått større betydning i arbeidet med språkstimulering i barnehagane. For barn i område med nynorsk som hovudmål er det naturleg og viktig at dei les bøker på nynorsk. Barn lærer best det skriftspråket dei ser og høyrer mest. For at dei skal verte flinke til å skrive og lese nynorsk må dei ha stor tilgang til nynorske barnebøker.

Erfaringar frå prosjektet Nynorske lesefrø viser at foreldre gjerne kjem til biblioteket og spør etter nynorske bøker som dei kan lese i lag med barna og som barna kan lese sjølve. Dei har fått augene opp for at barna treng å lese nynorske bøker når dei skal lese bøker sjølve, fortel bibliotekaren.

Lese på dialekt eller lese teksten slik den står?

Gjennom samarbeid med biblioteket og deltaking i prosjektet har dei tilsette fått ny kunnskap og styrka medvit om betydninga av lesing i barnehagen. I tillegg har dei fått auka medvit om kor viktig det er å lese nynorsk i ei kommune der borna skal ha nynorsk som opplæringsmål. Foreldra er også opptatt av å legge til rette for eit godt grunnlag for barna si læring, og Marianne fortel at ho gjerne les bøker på nynorsk og les teksten slik den står. Når eg les nynorske bøker les eg teksten slik den står, då får Sofie høyre nynorsken, seier Marianne. Eg er litt rusten i nynorsken sjølv, så eg syns det er fint å få friska den opp før eg skal hjelpe jenta mi på skulen, seier Marianne. Når vaksne les for barn er det mange som omset teksten til dialekt. Men når barnet får høyre teksten slik den står, får barnet møte skriftvarianten av ordet. Det vil gjere det lettare når barnet skal skrive og lese sjølv seinare.

Sofie (5 år) og mora Marianne les ei av dei nynorske barnebøkene på skulestartfest i biblioteket.

 

Hoel, T., Oxborough, G. H. O., & Wagner, Å. K. H. (2011). Lesefrø Språkstimulering gjennom leseaktiviteter i barnehagen: Cappelen Damm Akademisk.

Sandvik, M., Garmann, N. G., & Tkachenko, E. Synteserapport om skandinavisk forskning på barns språk og språkmiljø i barnehagen i tidsrommet 2006-2014. Høgskolen i Oslo og Akershus.