Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
07.11.2016

Nye Språkløyper-pakkar klare til bruk

«Språkhverdag» for barnehage er heilt ny, medan «Bokstavlæring og metoder» er ein oppgradert versjon for barnetrinnet.

Det er ei stund til jul, men i Språkløyper er to nye pakkar allereie klare til å bli pakka opp. Kompetanseutviklingspakken «Språkhverdag» er for barnehagar, medan den oppdaterte «Bokstavlæring og metoder» er laga for lærarar som arbeidar med byrjaropplæringa på barnetrinnet.

Les òg: Norges første språkkommuner er klare

Språkkvardagen i barnehagen

«Språkhverdag» er den andre kompetanseutviklingspakken for barnehagetilsette, og tar utgangspunkt i at kvar barn har ein språkkvardag som er ulik alle andre barn sin språkkvardag.

Målet med denne kompetanseutviklingspakken er å styrka det daglege arbeidet barnehagen har med språklæringa til barna, gjennom medvit om språkleg mangfald.

Konkret får barnehagepersonalet auka kunnskap om korleis dei kan bruka språklig deltaking som drivkraft for språkutvikling, leggja til rette for og ta i bruk dei språklege erfaringane til barn og ha eit blikk for språk som kan bidra til tryggleik i pedagogiske val i språkarbeidet for hele barnegruppa.

Kompetanseutviklingspakken er tiltenkt heile personalet i barnehagen.

Les òg: Språkløyper får to tomlar opp av testgruppa

Utvida om bokstavlæring

Under byrjaropplæringa på barnetrinnet har den eine av pakkane blitt utvida og oppgradert.

Økta «Metoder i begynneropplæringen» er nå blitt ferdig, og er ei av fire økter i pakken som før heitte «Bokstavlæring,» men som nå har fått namnet «Bokstavlæring og metoder.»

«Bokstavlæring og metoder» viser til at sikker bokstavkunnskap er eit av dei viktigaste opplæringsmåla i byrjaropplæringa, og ein føresetnad for å oppnå god lese- og skrivedugleik.

Den nye økta, «Metoder i begynneropplæringen,» tar blant anna føre seg dei to ulike tilnærmingane; phonics-tradisjonen og whole language-tradisjonen og kva det innebærer å ha ei balansert undervising.

Les òg:

Tid og stad for nye oppstartsamlingar er klare - rydd plass i kalenderen!

Skoleutvikling i skyggen av blyanten

Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Språkløyper

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret