Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Av Leif Tore Sædberg
AV Av Leif Tore Sædberg
21.10.2016

Tid og stad for nye oppstartsamlingar er klare – rydd plass i kalenderen!

Sjekk ut kva by som er nærast deg og kryss av dagen i almanakken allereie nå!

Over 450 tilsette frå barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular frå heile landet var med på den aller første oppstartsamlinga i Språkløyper, i slutten av oktober i fjor.

I vår var så 1150 nye deltakarar med på sju regionale oppstartsamlingar, spreidde utover Noregs land.

I løpet av 2016 vil over 2500 personar ha blitt presentert for Språkløyper, og nå kan DU bli ein av dei neste!

Om nokre månader kjem nemleg ein ny sjanse til å bli ein del av dette pedagogiske prosjektet.

Les òg: Språkløyper får to tomlar opp av testgruppa

Ny sjanse til å delta

Her er tider og stadar for dei komande oppstartsamlingane, som går føre seg våren 2017:

 

19. april: Stavanger

20. april: Bergen

21. april: Sandefjord

2. mai: Trondheim

3. mai: Bodø

4. mai: Tromsø

5. mai: Gardermoen

 

Les òg: Dette går Språkløyper ut på

Slik blir du med

Allereie nå kan du altså notera deg datoen og kva samling som er nærast deg.

Invitasjon til oppstartsamlingane kjem til å bli sendt ut til eigarane – kommunar og fylkeskommunar - som sender den vidare til alle barnehagar og skular dei har ansvar for.

Barnehagane og skulane melder så på representantane som ønsker det, gjennom sin eigar.

Private skular og barnehagar vil òg få invitasjonen vidaresendt, frå kommunen eller fylkeskommunen dei ligg i.

Les òg: Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Språkløyper

Samlinga er gratis

Oppstartsamlingane er gratis, og her presenterer me innhaldet i Språkløyper viser korleis det skal brukast.

Samlingane byr elles på forskingsbasert kunnskap og stimulerande møte med andre som jobbar med barn og ungdom - eit møte som er starten på det utviklande arbeidet med Språkløyper.

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg:

Derfor er Språkløyper nyttig i ungdomsskulen