Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
07.10.2016

Derfor er Språkløyper nyttig i ungdomsskule og vidaregåande

Systematisk fagleg samarbeid - som gjennom Språkløyper - kan gi like gode resultat i ungdomsskule og vidaregåande som på lågare alderstrinn, seier universitetslektor Unni Fuglestad ved Lesesenteret.

Ungdomsskular og vidaregåande opplæring har i mindre grad enn barnetrinnet og barnehagar delteke i Språkløyper så langt. Men rapporten «Om lærerrollen. Et kunnskapsgrunnlag» viste til at lærarar sakna meir fagleg samarbeid. Som er nettopp kjernen i Språkløyper-strategien og dei tilhøyrande, digitale ressursane.

- Fagleg samarbeid er noko mange lærarar på desse trinna saknar, særleg i ungdomsskulen. Det vil me prøva å gi gjennom Språkløyper. Så er det opp til dei enkelte skulane kor vidt og korleis dei vil ta i bruk ressursane. Og organisera alt på ein måte som fungerer for dei, seier universitetslektor Unni Fuglestad ved Lesesenteret, som er med i gruppa som utviklar innhaldet i Språkløyper for ungdomsskulen og vidaregåande.

Universitetslektor Unni Fuglestad ved Lesesenteret.

Les òg: Her finn du heile rapporten «Om lærerrollen. Et kunnskapsgrunnlag»

 

- Kvifor er Språkløyper relevant for ungdomsskulen og vidaregåande?

- Både forsking og lærarar stadfestar at mange elevar i denne aldersgruppa har utfordringar med å lesa seg til eiga læring. Spørsmålet er korleis me kan utvikla ein praksis som støttar opp under engasjementet til elevane og gjer at dei utviklar strategiske ferdigheiter. Målet er å gjera elevane i stand til å lesa til eiga læring, men då treng dei lærarar som støttar opp om ei slik utvikling. Gjennom Språkløyper-ressursane vil me systematisera og fremja eit fagleg samarbeid blant lærarane. Der dei i fellestida analyserer praksisen av i dag, stiller spørsmål, finn ut kva som kan utforskast, utviklast og kva som er verd å halda på. Språkløyper handlar om å bli oppdatert på forskingsbasert kunnskap og gode prinsipp for lese- og skriveopplæring – på premissa til faget. Til dømes er lesing i matematikk og i norsk langt frå det same. Lesinga og skrivinga må difor integrerast i faga på ein god måte. Språket er kjernen for tenking og læring, som me møter i tekstar, og som me gir uttrykk for læring med. Eit slikt fagleg samarbeid med fokus på lesing, skriving og språk kan difor gi resultat vel så mykje i ungdomsskular og vidaregåande som på lågare alderstrinn.

 

- På kva måte fører opplegget til kompetanseutvikling blant tilsette på desse trinna?

- Når ein som lærargruppe planlegg saman, sidan prøver ut undervisingsopplegg i praksis og sidan reflekterer saman om opplevingane som kollegaer, blir deltakarane medvitne om eigen praksis. Både kva som er verd å halda på og kva som kan vera alternativ. Mykje kunnskap i skulen er såkalla taus kunnskap. Når konkrete undervisingsopplegg og røynsler blir delte, kjem den tause kunnskapen fram og blir synleg, og dermed oppstår læring for heile fellesskapet. Sjølvsagt gjer lærarar dette allereie, men gjennom Språkløyper tilbyr me ein systematikk som styrkar læringa. Læraren bringer her med seg erfaringa si og profesjonaliteten sin inn i faglege diskusjonar. Sjølv om norske lærarar bruker mykje tid på samarbeid, kunne meir av denne tida blitt brukt på fag og undervising, noko dei altså sjølv har rapportert om. Håpet er å kunna gi skulane eit verktøy å ta i bruk som er positivt for både lærarar og elevar. Heile målet med Språkløyper er å byggja opp under faga, ikkje koma med noko som kjem i tillegg. Å læra eit fag handlar jo mykje om å læra seg språket i faget, noko ein må gjera uansett årstrinn. Ein snakkar gjerne til dømes om ordet «grunnleggjande» om lesing, noko som ikkje må bli forstått som om det er enkelt. Heller er tydinga at det er fundamentalt for forståinga. Derfor er ikkje dette noko ein blir ferdig med, og slik sett like viktig på ungdomsskulen og vidaregåande.

Les òg: Her får du svar på vanlege spørsmål om Språkløyper

 

- Korleis gjer Språkløyper at samarbeid fører til den ønska utviklinga av såkalla «effective professional development»?

- Ei slik utvikling er målet vårt, og truleg òg eit ønske òg frå lærarane. At verksemda deira i større grad handlar om kjerneoppgåvene til skulen, altså undervisinga og læringa til eleven. Ei slik profesjonell utvikling kjem ikkje utanfrå, den jobben må gjerast lokalt, på den enkelte skulen, og ta utgangspunkt i behova til den enkelte læraren. Ein slik jobb er langt frå enkelt, og tidspresset i kvardagen er alltid til stades, men me ser at mange skular er på god veg. Eit sentralt punkt her er at lesing og skriving blir ein integrert del av opplæringa, som det blir jobba systematisk og kontinuerleg med. Både det systematiske og fagleg kvalitetssikra er her viktige moment ved Språkløyper. Me vil leggja best mogleg til rette for at denne utviklinga finn stad.

Les òg: Språkløyper er eit gratistilbod

 

- Kvifor er det på Språkløyper per i dag fleire ressursar for barnehagar og barneskulen enn dei høgare alderstrinna?

- Produksjonen av Språkløyper-ressursar til førstnemnde gruppe blei prioritert, som eit medvite val frå vår side. Årsaka var at etterspurnaden var størst herfrå, og det var dessutan «deira tur,» ettersom ungdomsskulen og vidaregåande nyleg har hatt fleire større prosjekt, som Ny Giv, FYR, Ungdomstrinn i utvikling.

 

- Kva vil bli gjort i utviklinga vidare for å gjera Språkløyper endå meir relevant for ungdomsskule og vidaregåande?

- Mange fleire ressursar er på gang til Språkløyper-nettsida, spesifikt til desse alderstrinna. Ei rekkje fagspesifikke kompetanseutviklingspakkar er under produksjon og vil etter kvart bli publisert. Dessutan kjem to pakkar om grunnleggjande lesing og skriving og éin om digitale verktøy, svarer Unni Fuglestad.

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg: Stor entusiasme blant språkkommunane