Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
22.09.2016

Entusiasme frå heile landet då språkkommunane møttest

Ressurspersonane i dei 27 utvalde språkkommunane starta oppdraget sitt under samlinga på Gardermoen.

110 ressurspersonar frå dei 27 utvalde språkkommunane var denne veka samla på Gardermoen til den første av tre samlingar, med faglege foredrag og diskusjonar.

Språkkommunar er ein del av Språkløyper-strategien, og dei utvalde kommunane får eit økonomisk tilskot som dei pliktar å bruka på ressurspersonar og å etablera og drifta lokale, faglege nettverk.

Ressurspersonane skal leia arbeidet med innføringa av Språkløyper og bruken av nettressursane i kommunane dei høyrer til, og her er nokre av dei.

Les òg: Meir om språkkommunane

Ser parallellane

Tor Egil Furevikstrand, lektor i norsk ved Dale vidaregåande skule, trur å vera språkkommune er positivt i seg sjølv, men òg for Språkløyper-arbeidet.

Tor Egil Furevikstrand, lektor i norsk ved Dale vidaregåande skule.

- Når ein er med her på denne samlinga, får ein belyst at det finst ein del utfordringar som er felles for heile 1.-13.-løpet. Og som ein dermed kan jobba parallelt med. Eit døme kan vera omgrepsinnlæring, som ein slit med på vidaregåande, men òg i ungdoms- og barneskulen, grunngir Furevikstrand.

Han er prosjektleiar for Språkløyper ved skulen, som ligg i Fjaler kommune, og er i tillegg koordinator og bindeledd mellom vidaregåande og grunnskulen. Fjaler har frå før eit skulemessig samarbeid med Hyllestad, Askvoll, Solum og Gulen kommune.

Les òg: Vanlege spørsmål om Språkløyper

Må ha felles innsats

Norsklektoren nemner leselyst som eit anna døme på problemstillingar ein kan finna langs heile utdanningsløpet i Noreg, der språkkommunane kan gjera ein felles innsats.

- Me på vidaregåande møter jo ein del elevar som ikkje har lest ei bok frivillig i heile livet. Då må ein spørja seg om ein ikkje bør gjera noko på ein annan måte, gjennom heile skuleløpet. For når desse elevane så har hatt fordjupingsemne og jobba knallhardt med det, er gjerne konklusjonen: «Å lesa var kjekt!» Kvifor har ikkje desse dørene, til litteraturen, blitt slått opp for desse elevane før? I skulesamanheng har me ein tendens til å dytta problem opp og ned til kvarandre, mellom årstrinna. I større grad bør me innsjå at me er på same lag, seier Furevikstrand.

Han trur difor at ei satsing på språk, lesing og skriving er så grunnleggjande at ho vil gjera godt for alle delar av utdanningsløpet.

Frå ulike ståstadar

Fjaler er ein av dei mindre deltakarkommunane i høve til folketal, Trondheim er ein av dei større. Kommunen har tolv barnehagar og ni grunnskular med i prosjektet, og jobbar med å få med ein vidaregåande skule òg.

Kathrine Vik Tollaksen (f.v.), Mikael Lyngstad, Hege Bae Nyholt, Therese Paulsen og Kristin Gudim frå Trondheim kommune.

- Storleiken kan vera både ein fordel og ein ulempe. Gjennomføringa tar gjerne lengre tid, men så får me kanskje meir igjen til slutt, heiter det frå den fem personar sterke trønderske delegasjonen.

Den består av Kathrine Vik Tollaksen (lærar i grunnskule), Hege Bae Nyholt (pedagogisk leiar i barnehage), Therese Paulsen (pedagogisk leiar i barnehage), Kristin Gudim (i rådmannsstaben) og Mikael Lyngstad (kommunal prosjektleiar for Språkleiar). Gruppa har som ressurspersonar ansvar for korleis Trondheim skal lykkast som språkkommune, og ser optimistisk på oppgåva.

- Barnehagane i kommunen har allereie hatt fokus på å jobba systematisk med språk, og nå blir skulane dratt med. Å møtast på tvers av dei ulike einingane er viktig - det får fram alt det gode frå forskjellig hald. Eit slikt samarbeid på tvers er verdifullt og skaper mykje innsikt, er bodskapet deira.

Dei synest Språkløyper er betryggande å ha som verktøy, ettersom det er fagleg kvalitetssikra og at det har med seg eit evalueringsverktøy, som dei sakna tidlegare. Og at språkkommunedeltaking kan tilføra ein ekstra dimensjon til Språkløyper-arbeidet.

- Skal ein driva bevisstgjeringsarbeid, er det viktig å vera systematisk, og deltakinga som språkkommune er med på å forplikta. Samstundes kan dei økonomiske tilskota vera eit stimulerande verkemiddel, trur dei fem ressurspersonane frå Trondheim.

Har lang veg å gå

Hilde Weseth frå Grytnes ungdomsskole i Hurum står med ein fot i to leirar: Ho er lærar, men òg inspektør, og skal dermed driva både utviklingsarbeid gjennom språkkommunen og setja endringane sjølv ut i livet.

Hilde Weseth, lærar og inspektør ved Grytnes ungdomsskole.

- Me har ein lang veg å gå, me på ungdomstrinnet, når det gjeld lese-, skrive og språklæring. Barnehagane i kommunen har allereie vore med, gjennom Språkløyper. Då Hurum blei språkkommune, blei ungdomsskulen òg involvert. Me blir dratt med, og det kan vera litt fint, seier Weseth, som er ressursperson for ungdomsskulane i kommunen.

Etter samlinga på Gardermoen sat ho igjen med mykje inspirasjon.

- Eg har fått mange idear etter desse dagane. Viss me tar i bruk verktøya me har fått her, kan det tilføra oss mykje. Me blir meir og meir faglærarar jo lengre opp i skuleverket me kjem, og gløymer kor viktig språket er for læringa. Her må me vekka heile personalet, rett og slett, seier Hilde Weseth.

Konkrete og gode resultat

Anette Oterholt Bergsland, lektor i norsk og historie ved Skien videregående skole, blei ein del av Språkløyper-strategien då Telemark fylkeskommune blei utnemnd til språkkommune.

Anette Oterholt Bergsland, lektor i norsk og historie ved Skien videregående skole

- Utnemninga blei knytt konkret opp til skulen vår. Me skal arbeida mot minoritetsspråklege elevar, truleg i ein kombinasjon med eit anna prosjekt hjå oss. Me er heilt i startfasen, men opplegget verkar spennande, seier Bergsland.

Korleis rolla hennar som ressursperson skal vera, har ho fått bakgrunnsinformasjon om gjennom den to dagar lange samlinga. Nå gjenstår å fylla denne rolla vidare framover.

- Eg håpar me får noko konkret og gode resultat ut av dette arbeidet. Eg har tru på å jobba med lesing og skriving som grunnleggjande dugleik, fortel vidaregåande-læraren.

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret