Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
16.09.2016

Språkløyper har ført til delingskultur

Tips har blitt testa ut i klassane, som sidan har blitt delt med resten av personalet, fortel rektor Heidi Midttun ved Setermoen skole.

Den største barneskulen i Bardu kommune i Troms, Setermoen skole, starta med Språkløyper allereie i januar i år, og sette i gong med kompetanseutviklingspakken som då heitte «Skriving i alle fag.»

Skulen følgde pakken slik den var lagt opp, med tre økter utover våren og mellomøkter innimellom desse. Og har merka resultata av arbeidet.

Les òg: Slik bruker du Språkløyper

Gav deling i personalet

- Opplegget fungerte svært bra. Me gjekk gjennom dei felles øktene i Språkløyper, og hadde sidan arbeid i team og individuelt. Samlinga førte til mange fine diskusjonar for heile personalet, fortel rektor Heidi Midttun ved Setermoen skole.

Ho synest Språkløyper inneheld så mykje bra stoff at det faktisk var vanskeleg å velja ut kva ein skulle starta på. Dei enda altså opp med ekstra tyngde på skriving det første semesteret.

- Dei konkrete undervisingstipsa blei prøvde ut i klasseromma i mellomperiodane. Så kom lærarane som hadde testa dei, tilbake til resten av personalet og fortalte om erfaringane sine, med råd om kva som fungerte. Språkløyper har slik ført til ein mykje større delingskultur ved skulen vår, fastslår rektoren.

Les òg: Her får du svar på vanlege spørsmål om Språkløyper

Blei med via samarbeid

Setermoen skole, som har rundt 250 elevar frå 1. til 7. trinn, blei med i Språkløyper som følge av eit eige regionalt, pedagogisk samarbeid, der Bardu er ein av fem kommunar som er med. Heile denne gruppa var i Trondheim på skulebesøk, og vitja i tillegg Skrivesenteret. Interessa blei vekka, og Språkløyper har nå blitt omfamna av personalet ved Setermoen.

- Opplegget er heilskapleg og svært positivt. I haust har me til nå brukt delar av startpakken, som ein repetisjon, og kjem deretter til å ta fatt på «Lesing som grunnleggende ferdighet.» Me har òg vurdert pakken «Begynneropplæring,» og kanskje kjem me til å dela personalet, slik at nokre tar føre seg den i staden, fortel Midttun.

Alle barneskulane i Bardu kommune deltok i utprøvinga av Språkløyper i vinter.

- Nå har Bardu blitt Språkkommune i tillegg, og då blir alle barnehagane i kommunen med, noko som truleg er ein fordel, seier rektoren.

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret