Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
09.09.2016

- Me brenn for Språkløyper!

Entusiasmen er på topp for Lesesenter-prosjektet ved Storevarden skole i Sola.

Lærarane Jorunn Bjorland Kjærstad (t.v.) og Liv Tengesdal er sentrale i Språkløyper-arbeidet ved Storevarden skole i Sola.
 

Personalet ved Storevarden skole i Sola kommune er midt i fellestida, og den faglege diskusjonen går varmt etter å ha sett ein av videoane frå Språkløyper-ressursane.

Jorunn Bjorland Kjærstad var med på oppstartsamlinga i november og Liv Tengesdal er hovudlærar i norsk ved skulen, og er dermed sentrale i gjennomføringa av prosjektet ved skulen.

Får læringseffekt

Dei to lærarane ved 1.-7.-skulen er begge entusiastiske til Språkløyper, og gnisten blei tent allereie under oppstartsamlinga på Gardermoen i fjor haust.

- Eit kjekt og nyttig kurs, som la ein god plan for gjennomføring. Uheldigvis kolliderte det i starten med eit anna, kommunalt satsingsprosjekt, mot mobbing. Etter kvart som me granska Språkløyper meir utover våren, mellom anna på grunn av deltakinga i Two Teachers, såg me at prosjektet har mykje innhald som samsvarer med handlingsplanen vår; «God undervisning.» Mange av momenta går direkte mot denne planen, noko som er kjempebra, fortel Jorunn Bjorland Kjærstad, lærar på småskuletrinnet.

Kollegaen legg mellom anna vekt på det kollektive ved den nye strategien som eit svært positivt trekk.

- Vanlegvis er kanskje berre eit par av dei tilsette på kurs, men her er heile personalet med, og då viser forskinga at ein får skikkeleg læringseffekt. I tillegg er opplegget svært sjølvinstruerande, og ein treng difor ikkje mykje førearbeid og planlegging. Ein god og ferdig mal er allereie lagt, seier Liv Tengesdal.

Som erklærer:

- Me brenn for dette! Viss ikkje hadde me ikkje gått inn for det.

- Personleg reagerte eg med eit «Åja! Dette er motiverande!» Eg ville ta det med inn i klassen og bruka det, tilføyer kollegaen.

Les òg: Språkløyper får to tomlar opp av testgruppa

Ni av ti trur det vil hjelpa

Bakgrunnen for Språkløyper er at 16 prosent av norske 15-åringar les så dårleg at dei kan få problem i arbeidsliv og vidare utdanning.

Dette ifølgje PISA-testar, som karakteriserer kvar sjette norske 15-åring til å vera under «kritisk grense» i denne samanhengen.

Språkløyper er den nasjonale strategien som skal snu denne trenden i norsk skule, og dei som har tatt i bruk ressursane er så langt svært positive, viser spørjeundersøkingar.

På barnetrinnet meinte over 90 prosent av dei som svarte at strategien på lengre sikt ville gjera norske elevar til betre lesarar og skrivarar.

På Storvarden skole er stemninga på linje med det store fleirtalet.

- Språkløyper er eit veldig konkret opplegg, som er lett å ty til, er forklaringa frå Tengesdal.

- Oppskrifta ligg klar, frå A til Å. I tillegg til at det fagleg er veldig bra - slik at ein kan stå inne for innhaldet - er ressursane alltid tilgjengelege. Ein kan ta dei fram ved seinare høve, enten åleine eller i gruppe, tilføyer Kjærstad.

Les òg: Mange blei inspirert på oppstartsamlingane til Språkløyper

Praksisnært og med forståing

Kollegaene ved Storevarden set dessutan pris på måten det faglege blir formidla gjennom dei digitale ressursane.

- Eg merkar det er folk som har bakgrunn frå skulen som har vore med på å byggja opp materialet. Det er praksisnært og svært gjenkjenneleg. Og viser ei forståing for at skulekvardagen er det ikkje alltid har rom og tid for alt som ein kunne ønskja seg av tiltak. Språkløyper har derfor ikkje det «professor-preget» som ein kan oppleva på enkelte førelesingar og kurs, seier Kjærstad.

Både Lesesenteret og fleire andre senter, som Skrivesenteret og Naturfagsenteret, blir berømma for å laga gode undervisingsopplegg av dei to lærarane.

Vil ha sjølvkritikk

I byrjinga trudde dei at Språkløyper i hovudsak handla om lese- og skriveopplæring, men etter kvart såg dei at nyttefunksjonen er breiare.

- Opplegget går inn i mot alle fag, og handlar om korleis me kan gjera undervisinga god. Det opnar opp for pedagogiske diskusjonar på generelt plan, ikkje berre det fagspesifikke, meiner Tengesdal.

Nyleg tok Storvarden-lærarane for seg delen som omhandlar refleksjon rundt eigen og andre si undervising, eit moment ho trekk fram.

- Lærarar likar sekvensen der det blir stilt spørsmål ved undervisinga. Her kjenner me oss igjen, og det opnar for diskusjonar. Tradisjonelt har det ikkje vore kultur for ei slik tilnærming, skulane har vore prega av ein «harmonikultur,» med lite kritisk tilnærming. Gjennom utforskande spørsmål og ei spørjande haldning kan me endra på dette, på ein konstruktiv måte. Og gjera undervisinga betre, uansett fag, meiner Tengesdal.

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret