Hopp til hovedinnhold
Banner med teksten AKTUELT
Leif Tore Sædberg
AV Leif Tore Sædberg
08.09.2016

Språkløyper får to tomlar opp av testgruppa

Opptil ni av ti deltakarar trur Lesesenter-prosjektet kan gjera norske barn og ungdommar til betre lesarar og skrivarar.

Språkløyper - Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016-2019 - det landsomfattande prosjektet som skal betra lese- og skrivedugleiken til norske barn og ungdommar - er i haust i gang for fullt, etter ein testperiode i sist skuleår.

Etter den første oppstartsamlinga, i november i fjor, og utover prøveperioden i år, blei alle deltakararane spurt i ei spørjeundersøking.

Resultata her viser stor grad av positiv mottaking av prosjektet og ressursane som blir tilbydd, syner den interne rapporten, som nyleg er send Kunnskapsdepartmentet.

Positive til nye verktøy

Etter oppstartsamlinga var 85 prosent av deltakarane som svarte heilt eller delvis samd i påstanden om at dei hadde fått verktøy til å leia utviklingsarbeidet blant personalet.

Arbeidet blei i stor grad følgd opp:

  • 95 prosent av utviklingsleiarane som svarte for barnehage og barnetrinn, og 64 prosent på ungdomsskule og vidaregåande, rapporterte i februar at dei var i gang med kompetanseutvikling på arbeidsplassen sin.
  • Eit fleirtal av desse leiarane rapporterte at personalet uttrykte seg positivt eller stort sett positivt til dette arbeidet.
  • Særleg var dette talet høgt i barnehagane – 87 prosent.
  • 95 prosent var heilt eller delvis samde i at øktene er relevante for arbeidet i barnehagen.

Les òg: Kunnskapsministeren bloggar om Språkløyper

Vil skapa betre lærarar – og lesarar

Utviklingsleiarane svarte vidare på følgjande måte:

  • 94 prosent av respondentane på barnetrinnet var heilt eller delvis samde i at arbeid med Språkløyper i eitt år vil føra til kompetanseutvikling i personalet.
  • På ungdomstrinnet og vidaregåande er talet mest like høgt – 85 prosent.
  • 92 prosent av utviklingsleiarane på barnetrinnet var like samde i at elevane på lengre sikt vil bli flinkare til å lesa og skriva, som følgje av arbeid med Språkløyper.
  • 73 prosent på ungdomstrinnet og vidaregåande hadde same oppfatning.

I den tredje undersøkinga, i mai i år, blei så deltakarane – tilsette i dei involverte barnehagane og skulane (til saman 561 personar)-  spurt om Språkløyper-arbeidet så langt.

  • 80 prosent av dei som svarte var her i stor eller nokon grad nøgd med Språkløyper slik det framstår i utprøvinga.
  • Heile 88 prosent meinte at barn og unge sine språk-, lese- og skrivedugleikar kan bli styrka som følgje av deltakinga i Språkløyper.

Sola-skule har trua

Storevarden skole i Sola i Rogaland var blant dei som takka ja til å delta i Språkløyper, og leiinga der deler mange av synspunkta frå undersøkinga.

- Me er av den oppfatninga at me heile tida vil læra og bli betre, og blei nysgjerrige på prosjektet. Eigentleg visste me ikkje heilt kva me gjekk til, men etter kvart som tida har gått, har me sett nytten av arbeidet. Språkløyper ser ut til å vera eit godt verktøy, og me har tatt opp arbeidet i stor grad nå i haust. Særleg i samband med Two Teachers-prosjektet, der me er ein av deltakarskulane, fortel rektor Tor Egil Gryte.

1.-7.-skulen, med snautt 300 elevar, starta arbeidet like før jul i fjor, etter oppstartmøtet i november.

- Me famla litt og hadde enkelte startvanskar. Opplevde at det var tungt å dra arbeidet i gang sjølv, og sakna meir guiding og introduksjon. Då me fann vår måte å bruka Språkløyper på, fann me ut at det var både svært nyttig og inspirerande. Til nå har arbeidet gått føre seg mest på småskuletrinnet, men me kjem nok til å utvida til heile trinnet framover, seier Storevarden-rektoren.

Han håpar og trur at kompetansehevinga av lærarane i sin tur vil gjera elevane til betre lesarar og skrivarar.

- Alle dei ulike gruppene på trinna jobbar med prosjektet, så slik sett kjem me ikkje til å få ei samanlikning med korleis situasjonen ville vore utan Språkløyper. Men me har tru på prosjektet, elles ville me ikkje drive med det - så enkelt er det, konkluderer rektoren.

Les òg: Meir info om Språkløyper

Vitskap har blitt gjort praktisk

Førstelektor Margunn Mossige ved Lesesenteret, som er prosjektleiar for Språkløyper, er glad for dei positive tilbakemeldingane, frå praktiserande pedagogar over heile landet.

- Veldig kjekt og gledeleg. Me veit - ut frå vitskaplege funn - at metodane fungerer, men i prosessen har me anstrengt oss for å gå vegen frå teorien til praksis. Her har me vore medvitne på å gi noko praktisk i dei ulike ressursane, slik at me viser korleis arbeidet kan gjennomførast, forklarer prosjektleiaren.

Ho trur det langsiktige perspektivet kan vera ein annan suksessfaktor som ligg til grunn for den varme mottakinga i praksisfeltet.

- Språkløyper-løpet går over eit heilt år, og gir dermed langt større sjansar for å innarbeida gode arbeidsvanar enn om ein hadde gått på eit enkeltståande kurs. Me er spente på vegen vidare, fordi me legg såpass mykje ansvar for gjennomføringa på skulane og barnehagane sjølv. Dei som har vore først ut er gjerne idealistane, nå gjenstår å få med resten, seier Mossige.

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret