Hopp til hovedinnhold

Bruk av pakken "Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk"


 

Økt 1: Å snakke saman om språk

Mål:

  • Å introdusere nynorsk for elevar med bokmål som hovudmål, på bakgrunn av elevane sine tidlege språkerfaringar.
  • Å bruke språk og dialekter som grunnlag for samtale.
  • At lærarane skal kunne halde utforskande språksamtalar med elevane der dei skal få elevane til å oppdage kva som er likt og ulikt på bokmål og nynorsk.

Slik brukar du økta:
Skriv ut desse dokumenta til alle i lærargruppa: 

  • Eit tydeleg sidemål for grunnskulen, av Hjalmar Eiksund
  • Superheltar, teikneserie av Kristoffer Lindseth

Innhald:

1.1 FILM: Språkkvardagen min (5 min)

1.2 AKTIVERING: Parsamtale i lærargruppa (5 min)

1.3 TEKST og LYDFIL: Eit tydeleg sidemål for grunnskulen (5 min)

1.4 FOREDRAG: Å snakke saman om språk (12 min)

1.5 REFLEKSJONSOPPGÅVE (15 min)

 

1.6 PRAKTISK OPPGÅVE: Språksamtalar om boblene (15 min)

 

Økt 2: Erfaringsdeling

I denne økta skal vi bruke plakaten Snakk saman om språk! i arbeidet med å etablere ein kultur for språksamtalar i klasserommet. I tillegg skal vi sjå nærare på tre tekst-utdrag, og førebu desse til bruk i klasserommet.

Mål:

  • Å reflektere rundt språksamtalen i klasserommet, og etablere ein kultur i kollegiet og klasserommet der det er kultur for å snakke saman om språk.
  • Å utvikle forståing for at det å kunne noko om språk, og å kunne fleire språk, er ein viktig kompetanse.
  • Å utvikle positive haldningar til å utforske språk, nynorsk og bokmål gjennom å arbeide samanliknande.

Slik brukar du økta

  • Skriv ut plakaten Snakk saman om språk!
  • Skriv ut dei tre bok-utdraga, eller ha med datamaskin så du kan lese tekstane på data.

Innhald:

2.1 SPØRSMÅL TIL REFLEKSJON (10 min)

2.2 PLAKAT: Snakk saman om språk! (5 min)

2.3 REFLEKSJON (10 min)

2.4 OPPGÅVE TIL LÆRARANE (25 min)

2.5 OPPDRAG I KLASSEROMMET

 

Økt 3: Litteraturen som språkleg døropnar

For å lære eit språk må ein bli eksponert for språket, gjennom mykje og variert språkleg innputt. Det er viktig å bli kjend med nynorske tekstar før ein kan starte å skrive sjølve. Språket ein møter i litteraturen styrkjer elevane si eiga skriving og lesing. I litteraturen møter elevane ord og setningar som dei ikkje møter i det munnlege språket.

Mål:

  • Lærarane kjenner eit breitt utval av nyare nynorsk barnelitteratur og brukar han i klasserommet (LK 06).
  • Lærarane er fortrulege med å lese nynorsk tekst høgt.

Førebuing til økta:

  • Skriv ut den illustrerte boklista.
  • Ha datamaskin tilgjengeleg for søk på www.nynorskbok.no

Innhald:

3.1 ERFARINGSDELING etter leseoppdraget (15 min)

3.2 MINIFORELESING: Nynorsk barnelitteratur i klasserommet (8 min)

 

3.3 FILM: Bokpresentasjon (10 min)

3.4 FILM: Den vaksne mellom boka og barnet (7 min)

3.5 BOKLISTE OG SAMTALE (10 min)                                                                                                                    

 

3.6 OPPDRAG (15 min)

 

Økt 4: Å eksperimentere med skriving på nynorsk.

Mål:
Vise korleis læraren kan bruke litteratur og andre modelltekstar som utgangspunkt for skriveaktivitetar. Alt som kan skrivast på bokmål, kan ein også skrive på nynorsk, i alle fag. Vi viser nokre måtar som utprøvingsskulane har jobba med skriving på, som har vist seg å vere vellukka.

  • Eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål (LK 06)
  • Bruke modelltekstar som utgangspunkt for skriveaktivitetar
  • Vise korleis ein kan rettleie elevane når dei eksperimenterer med skriving på nynorsk.

 Innhald:

4.1 REFLEKSJONSOPPGÅVE (10 min)

4.2 FOREDRAG: Å eksperimentere med skriving på nynorsk (10 min)

4.3 FILM: Å rettleie den utprøvande skrivinga (15 min)

4.4 REFLEKSJONSOPPGÅVE (10 min)

4.5  OPPGÅVE (20 min)

 

Økt 5: Meir skriving

Mål:

  • Bli kjend med kvar ein kan finne nynorskressursar og skriveoppgåver.
  • Øve på å rettleie elevane i den utprøvande skrivinga.
  • Vurdere praksisen no i forhold til før ein starta arbeidet med «Sidemål for mellomsteget. God start med nynorsk».

Førebuing til økta:

  • Skriv ut oppgåvene.

 Innhald:

5.1 REFLEKSJON etter skriveoppgåvene (15 min)

5.2 SKRIVEOPPGÅVER (25 min)

5.3 ANDRE RESSURSAR (20 min)