Hopp til hovedinnhold

Eksperimentere med skriving på nynorsk

Høyr og/eller les artikkelen:

Av Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, høgskulelektor og rådgjevar ved Nynorsksenteret.

Illustrasjon: Bokstavar dryss frå eit blyanttre. Unge forfattarspirer klatrar i treet.

Elevar med bokmål som hovudmål er ofte i liten grad fortrulege med nynorsk frå kvardagslivet. Skulen er den arenaen der dei kan møte nynorsk på ein god måte. Ein bør byrje tidleg for å utvikle både haldningar og kompetanse gjennom variert tilnærming i fleire år. På den måten får dei den gevinsten det er å utvikle eit breiare norskspråkleg repertoar over tid. Dei får ei djupare forståing av omgrep gjennom å lære dei på begge skriftspråka, og dei får ei større breidde i ordforrådet.

Vi har sett korleis læreplanen legg opp til ein progresjon frå å lytte til tekstar på nynorsk til å lese sjølve og til å eksperimentere med skriving på sidemålet.

I dette foredraget skal vi høyre om aktuell forsking om emnet, og korleis ein kan jobbe med eksperimentering med skriving på sidemålet.

Språklæring

Norsk skriftspråk har to målformer, nynorsk og bokmål. Om lag 70 % av orda i ein norsk tekst vil ha felles skrivemåte på bokmål og nynorsk (Jansson & Traavik, 2014).

Når elevane startar med skriving på «den andre målforma», er det eit viktig poeng at dei skal prøve ut skriving på eit språk dei forstår og kjenner, og som dei langt på veg kan. Det skal altså ikkje mykje til før dei kan oppleve meistringskjensle når dei skriv på den andre målforma.

Tidleg start med skriving på «den andre målforma» er i tråd med nyare forskingsbasert praksis når det gjeld språklæring, der ein startar tidleg med læring av andre språk (Jansson, 2012; Speitz, Simonsen, & Streitlien, 2007).

Eit forskingsprosjekt som blei gjennomført i 2012 ved NTNU, viser at personar som kan skrive på bokmål og nynorsk raskare kjente igjen ord på begge målformer enn personar som berre kunne skrive på den eine målforma, og dette kan indikere ein breiare språkkompetanse, som igjen kan styrke t.d. leseforståinga (Språkrådet, 2012).

Brei forsking viser nettopp at det å måtte forhalde seg til, og lære, meir enn eitt språk, bidreg til å utvikle det språklege medvitet og å gjere ein til dyktigare språkbrukarar. Eit godt utvikla medvit gjer at ein lettare utviklar kunnskap om og ferdigheiter i andre språk. Forskarar meiner at dette er ein av grunnane til at nordmenn forstår grannespråka svensk og dansk betre enn svenskar og danskar forstår grannespråka. På grunn av den spesielle språksituasjonen vår med to skriftspråk og mange dialekter, er nordmenn meir språkleg medvitne enn våre naboar i sør (Traavik, 2012, s. 44).

Jo tidlegare elevar med bokmål som hovudmål blir fortrulege med å lytte til og sjølv lese tekstar på nynorsk og med å prøve ut nynorsk i eiga skriving, jo lettare vert vegen dei skal gå når dei seinare skal skrive lengre og meir krevjande tekstar. 

Å posisjonere seg som nynorskskrivar

Når elevar skriv, ytrar dei seg både om eit innhald og gjennom måten dei skriv på (Jansson, 2012). Tekst er meiningsberande ytringar både i ein skulekontekst og i ein kulturkontekst. I ein skulekontekst har det gjerne vore eit skilje mellom den formelle sida ved skrivinga, der rettskriving og grammatikk er ein sentral del, og den meir kreative skriveprosessen. Å kontrollere rettskriving var lenge sett på som noko ein kunne gjere i slutten av skriveprosessen. Men når ein ser på skriving også i ein kulturell kontekst, vert den formelle delen av skrivinga også ein viktig del av kommunikasjonen i teksten. Ein tekst vil kommunisere både gjennom innhaldet og gjennom måten skrivaren skriv på, gjennom rettskriving og grammatikk. Slik kan ein seie at ein skrivar posisjonerer seg gjennom rettskrivinga. Å posisjonere seg som nynorskskrivar vil handle om i kor stor grad elevane prøver ut og brukar nynorske ord og nynorsk setningsoppbygging.

Skriving på nynorsk for bokmålselevar er utprøving. Då vert det ikkje lagt vekt på å rette feil i dei første tekstane. Likevel kan ein sjå at elevar eksperimenterer på ulike måtar og slik posisjonerer seg som nynorskskrivarar på ulike måtar. Når elevane skriv «bøkar», kan ein sjå det som eit teikn på at dei prøver å skrive nynorsk heller enn som feil (Jansson, 2012).

Bente K. Jansson (2012) har studert tekstar skrivne av elevar som har vore med i prosjekt med tidleg start med nynorsk på barnetrinnet. Ho løftar fram at elevane sine formelle språkferdigheiter kjem fram i tekstane, men at resultata av tekstane også langt på veg speglar eleven sin vilje til å kommunisere og motivasjonen for å skrive.

Det er stor variasjon i skrivekompetansen til elevane, og det er stor forskjell på korleis elevar utviklar seg som «nynorskskrivarar». Det er grunn til å tru at elevar som opplever det å skrive nynorsk som meiningsfullt, vil ha ein fordel i utviklinga. Desse elevane vil i større grad strekke seg etter nynorsk skrivemåte.

Elevane skriv nynorsk med utgangspunkt i den språkkjensla og den språkkompetansen dei har oppnådd gjennom å lytte til, lese, synge og skrive tekstar på nynorsk, og dessutan ved å snakke om og samanlikne bokmål, nynorsk og den lokale dialekta.

Gode nynorskskrivarar

Det er tre element som ser ut til å vere viktige for at bokmålselevar skal utvikle god kompetanse i nynorsk (Skjong, 2011).

  • Først og fremst er det viktig at eleven har ei god skriveutvikling og likar å uttrykke seg skriftleg
  • Språkleg bevisstheit er viktig, og gjer elevane i stand til å oppdage særskilte skrivemåtar i den andre målforma/nynorsk. Gjennom samtalar om språket kan ein legge eit viktig grunnlag for språkleg bevisstheit.
  • At den målforma elevane skal skrive har status, kan også spele ei rolle. Læraren har ei viktig rolle i dette arbeidet. Gjennom å lese nynorske tekstar og å skrive nynorsk på tavla og i andre tekstar viser læraren at han verdset språket. Det kan også vere viktig at elevane opplever positive møte med personar og rollemodellar som brukar språket.

Vi har tidlegare lagt eit grunnlag for arbeidet med nynorsk gjennom høgtlesing, å lese nynorske tekstar sjølve og samtalar om kva som er likt og ulikt i bokmål og nynorsk.

Utprøvande tilnærming til skriving på nynorsk

Tilnærminga til skriving på nynorsk bør vere variert og utprøvande. Elevane har gjennom samtalar og modellering samanlikna ord på bokmål og nynorsk, og har starta på si eiga ordliste med nynorske ord.

Eit viktig element i dette arbeidet, som vi har trekt fram tidlegare, er at læraren ikkje rettar feil, men gir positiv tilbakemelding på at elevane har brukt nynorskord og gir dei ros for dei ordformene dei har fått til. Dette vil vi kome tilbake til. 

Avskrift

Dei første tekstane elevane skriv på nynorsk, kan gjerne vere avskrift. Korte tekstar som dikt, rim, gåter og vitsar er veleigna som utgangspunkt for kontrastivt språkarbeid. Ei 5. klasse som jobba med nynorsk, starta med avskrift av vitsar på nynorsk. Dei fekk oppgåver som dette: 

  • Skriv av den vitsen du likar best.
  • Les vitsen for ein elev eller for klassa.
  • Skriv nye nynorske ord i ordlista di, og samanlikn desse orda med skrivemåten på bokmål.
    (Jansson & Traavik, 2014, s. 167)

Gjennom avskrift har elevane fått modellert den første skrivinga og ein kan gå vidare med å prøve ut nynorsk i eiga skriving. Det er eit poeng å ikkje gå rett på dei store tinga, men elles er det berre fantasien som set grenser. Felles tekstskaping er ein god måte å arbeide på. Grupper på to–tre elevar kan skrive ei lita forteljing eller ein annan tekst og prøve å skrive på nynorsk. Då får dei snakka saman og spele på kunnskapane til kvarandre.

Frå avskrift til eigen tekst

Vegen frå avskrift til eigen tekst kan til dømes vere ei oppgåve der elevane kan få innleiinga på eit eventyr. Denne innleiinga kan dei skrive av med si eiga handskrift. Vidare kan elevane samtale i par om ord som er ulike og ord som er like. Desse orda kan dei skrive i ordlista si. Det er eit viktig poeng å også prate om dei orda som er like, slik vil elevane sjå at mange av orda er like og utvikle ei bevisstheit om det. Vidare kan elevane skrive sin eigen slutt på eventyret. Slik får dei først ei modellering av nynorsk skriftspråk for deretter å prøve seg sjølve.

Skriv på nynorsk så godt som du kan, dette er eksperimentering med skriving på «den andre målforma», nettopp slik læreplanen legg opp til (Jansson & Traavik, 2014).

Fleire døme på eiga skriving vil de sjå i filmen i denne økta. De vil også få presentert fleire aktuelle skriveoppgåver vidare.

Hugs også at alle gode og inspirerande opplegg på bokmål også kan nyttast på nynorsk!

 

 

Jansson, B. K. (2012). Tidlig start med skriving på begge målformer. I: S. Matre & A. Skaftun (Red.), Skriv! Les! 1, Artikler fra den første nordiske konferansen om skriving, lesing og literacy. Trondheim: Akademika forlag.

Jansson, B. K., & Traavik, H. (Red.). (2014). Norskboka 2: Norsk for grunnskolelærerutdanning 1–7. Oslo: Universitetsforlaget.

Skjong, S. (2011). Toskriftskompetanse på barnetrinnet. I: B. K. Jansson & S. Skjong (Red.), Norsk = nynorsk og bokmål, ei grunnbok om nynorsk i skolen. Oslo: Det Norske Samlaget.

Speitz, H., Simonsen, T., & Streitlien, Å. (2007). Evaluering av prosjektet «Forsøk med tidlig start av 2. fremmedspråk». Notodden, Telemarkforsking.

Språkrådet. (2012). Å skrive både nynorsk og bokmål hever språkkompetansen. Henta frå http://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt/2012/A-skrive-bade-nynorsk-og-bokmal-hever-sprakkompetansen/ Nedlasta 030616

Traavik, H. (2012). Revisjon av fagplanen i norsk. Eit godt høve til å gi elevar ein tidleg start med «det andre skriftspråket». Utdanning 12.

 

/SL/Barnetrinn/Lydfiler/Eksperimentere_med_skriving_nynorsk.mp3