Hopp til hovedinnhold

OPPGÅVE TIL LÆRARANE

Les dei tre utdraga:

  • Flukt av Atle Hansen
  • Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund
  • Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim

Vel minst eitt av utdraga som du vil lese for og med elevane. Skriv ut eit eksemplar til kvar elev slik at elevane kan følgje med i teksten når du les.

Vel minst eitt av punkta på plakaten «Snakk saman om språk», til dømes punktet «La elevane leike med språket og utforske det». Prøv ut punktet du valde med teksten/tekstane i klasserommet. Noter observasjonar, ord og andre funn i eit notat som du tek med til neste økt i Språkløyper.

OPPDRAG I KLASSEROMMET:

Snakk om utdraget på same måte som de gjorde med teikneserien i førre økt.

  • La elevane gå på ordjakt i teksten. Finn ti ord på nynorsk som er annleis enn på bokmål. Samtal om kva ord er like.
  • Etter at de har gått på jakt etter ord, notert på tavla og snakka om dei, får kvar elev ei skrivebok, «Mi eiga ordliste», der dei lagar ei kolonne for nynorsk og ei for bokmål. Bruk tid på at elevane får lage denne boka fin, så dei kan samle ord i boka heilt til dei sluttar i 7. klasse. Dette vert ei personleg ordbok som dei kan ta med seg vidare på ungdomsskulen. Boka bør liggje på skulen i staden for i sekken. Om eleven har eit anna morsmål bør der også vere ei kolonne for å skrive opp kva ordet tyder på morsmålet.