Hopp til hovedinnhold

Eit tydeleg sidemål for grunnskulen

Les artikkelen:

Språklæring tek tid – ofte fleire år. Læreplanen (2013) tydeleggjer korleis ein skal undervise i sidemål tidleg, og tek dermed på alvor at opplæringa i både bokmål og nynorsk er læring av to nære, men likevel ulike skriftspråk.

Illustrasjon: Tretrinnsrakett
Illustrasjon: Stig Bruksås

Hovudmål og sidemål
I læreplanen frå 2006 fanst ikkje omgrepa «hovudmål» og «sidemål», dei var omgrep knytte til vurderinga av faget. Frå 2013 vart hovudmål og sidemål tekne inn i kompetansemåla – sidemål allereie frå femte trinn. Omgrepet er derfor ikkje eintydig kopla til vurdering. Læreplanen skil no mellom «bokmål» og «nynorsk» når språket blir omtalt som litteratur, og «hovudmål» og «sidemål» der elevane skriv tekstar sjølve.

Eit tydeleg sidemål for grunnskulen

Tekst: Hjalmar Eiksund

Norskfaget er stort og femner breitt. Kompetansemåla i norskfaget gjeld for både hovudmål og sidemål, men det som ikkje blir nemnt spesielt, blir fort gløymt. For mange er det derfor klargjerande med spesifiserande kompetansemål for sidemål.

Tretrinnsraketten på barnetrinnet

Introduksjonen tek til tidleg. Ifølgje læreplanen skal elevane:

  • bli lesne for på sidemål dei to første skuleåra
  • lese sjølve på sidemål i tredje og fjerde klasse
  • eksperimentere med skriving på sidemål i løpet av dei tre siste åra av barneskulen.

Nynorsk bygger på dialektane. I område med bokmål som hovudmål har derfor mange brukt skriving på det lokale talemålet som introduksjon til nynorsk. Erfaringar syner derimot at det kan verke forvirrande å prøve ut tekstar på dialekt samstundes som ein trener på skilnaden mellom bokmål og nynorsk. På barnetrinnet skil derfor læreplanen mellom samtalar om dialekt og skriving på dei to målformene.

Ei språkleg «månelanding»?

Elevane skal altså kjenne til begge målformene før dei tek til på ungdomsskulen. Kompetansemåla etter tiande trinn sidestiller hovudmål og sidemål, men føreset seks år med skriving på både bokmål og nynorsk.

Dette stemmer dårleg med røynslene til mange norsklærarar. Dei opplever at det er så som så med sidemålskompetansen om hausten på åttande trinn. For somme er jamstilt kompetanse i begge målformene like fjernt som ei månelanding.

Men læreplanen er klar, og skular Nynorsksenteret samarbeider med, har råd om korleis:

Skriv mykje

Det er gjennom skriving ein best lærer nye språk. Då må ein ta eigne val om alt frå omgrepsbruk til rettskriving, og ein set si eiga stemme til skriftspråket.

Kontrastiv undervisning

Ein annan måte er stadig å samanlikne målformene. Dette kan gjerast uavhengig av tema elles i norskfaget.

  • Korleis skriv ein dette på nynorsk?
  • Finst det ein annan måte å formulere dette på bokmål?

På den måten får elevane tidleg erfare at same teksten kan uttrykkastulikt, og dei kan opparbeide eit metaperspektiv på eiga skriving.Røynslene til Nynorsksenteret viser at elevar blir betre i begge målformene av å tenke i språklege kontrastar.

Samarbeid med andre fag

Læreplanen skisserer mange teksttypar ein skal øve på. Samarbeid med andre fag må ligge der som ein premiss, dersom ein skal få tid til alt. Både faglærar og norsklærar kan dra nytte av slike samarbeid – utan vesentleg meirarbeid.
Mindre press på ungdomsskulen

Språklæring tek tid. Det er ikkje nok å lese eit språk for å meistre språket. I læreplanen er ansvaret for sidemålsopplæringa fordelt mellom barne- og ungdomsskulelærarane. Sidemålsundervisninga tek til tidleg på barnetrinnet. På den måten vil presset på ungdomsskulelæraren bli redusert. Skal ein lykkast med dette, må vi som lærarar tematisere språket tidleg, allereie dei første åra på barnetrinnet. Det legg læreplanen godt til rette for.

Eit tydeleg sidemål for grunnskulen