Hopp til hovedinnhold

PRAKTISK OPPGÅVE: Språksamtalar om boblene

Teikneserien Superheltar av Kristoffer Lindseth, er utgangspunkt for språksamtalar om ord som er like og ulike på bokmål og nynorsk. Teikneserieformatet er fint å starte med når ein skal snakke saman om nynorsk tekst. Bileta og teksten spelar på lag, og kan vanskeleg stå åleine.

For å planlegge og førebu deg på å ha ein språksamtale i klasserommet, les du teikneserien åleine først.

Gå i små grupper på to eller tre og snakk saman:

  • Kva ord i teikneserien er aktuelle å samtale om, om vi vil samanlikne bokmål og nynorsk?

 

Dette er døme på typiske nynorske ord i teikneserien:

  • ikkje
  • eg
  • eingong
  • raudt
  • superheltar og teikneseriar har ar-ending, og dette trekket vil mange elevar sjå raskt. Andre elevar vil kanskje peike på at det ikkje er tilfellet med alle substantiv, siden nokre endar på –er, som lekser.

 

OPPDRAG FØR NESTE ØKT:

Ta med teikneserien til klasserommet.
Læraren les teksten høgt for elevane første gongen, medan dei følgjer med i teikneserien.

Elevane går saman i par.

  1. Les teikneserien.
  2. Snakk saman om kva ord de trur er nynorske ord? Noter dei orda de legg merke til.

 

Etterpå skriv læraren på tavla dei orda som dukkar opp.

Samtal i klasserommet om kva ord som er like og ulike på bokmål og nynorsk.

 

Når du gjennomfører ein slik språksamtale med elevane, bør du notere ord, refleksjonar og kommentarar, og ta vare på notatet til seinare refleksjons- og analysearbeid i kollegiet.