Hopp til hovedinnhold
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, Nynorsksenteret
AV Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, Nynorsksenteret
21.06.2016

Skolestartfest i biblioteket

Biblioteket er ein viktig arena i prosjektet "Nynorske Lesefrø". Bli med når skolestartarane i Skodje er med på skolestartfest i biblioteket.

Bloggforfatter Liv Kristin Bjørlykke Øvereng er rådgjevar ved Nynorsksenteret.

Barna i barnehagane i Skodje er ivrige lesarar og besøker biblioteket ofte. Om ikkje så lenge skal 5–6-åringane starte på skulen, så no er det klart for skulestartfest i biblioteket.

Bibliotekar Kari B. Kvernberg ønskjer at barna skal halde fram med å kome i biblioteket både på fritida i lag med foreldra sine og i lag med skulen. På denne festen markerer dei overgangen frå barnehage til skule, og barna får sitt eige lånekort slik at dei kan låne med bøker heim.

På festen møter vi mange barn og foreldra deira, og det er stort oppmøte denne dagen. Å starte på skulen er ein milepæl! Då er det viktig å legge til rette for gode overgangar som gjer at barna kan utvikle seg og bygge vidare på grunnlaget dei har fått i barnehagen.

– Vi har lese mange bøker i barnehagen, og vi får låne bøkene med oss heim også, seier Sofie (5 år, på bildet), som tydeleg set stor pris på å lese bøker.

Mor Marianne Eide (bildet) fortel at det er veldig fint å få låne bøker med heim frå barnehagen, og at dei i tillegg har starta å låne litt fleire bøker sjølve også på biblioteket.   

Når vaksne les for barn, er det mange som omset teksten til dialekt. Men når barnet får høyre teksten slik han står, får barnet møte skriftvarianten av ordet. Det vil gjere det lettare når barnet skal skrive og lese sjølv seinare. Marianne fortel at ho gjerne les bøker på nynorsk.

– Når eg les nynorske bøker, les eg teksten slik han står, då får Sofie høyre språket. Eg er litt rusten i nynorsken sjølv, så eg synest det er fint å få friska han opp før eg skal hjelpe jenta mi på skulen, seier Marianne.

Ei anna jente som er på festen i lag med mora si er Elise (5 år). Mor Karen fortel at det er fint at dei får lese nynorske bøker i barnehagen, spesielt no når dei snart skal begynne på skulen.

– Eg merkar at det er litt vanskeleg med så mykje bokmålsbøker når dei lærer nynorsk på skulen, så vi låner nynorskbøker på biblioteket, seier Karen, som også har ei eldre jente som går i 2. klasse.

Nynorske lesefrø

Alle barnehagane i Skodje kommune er med i prosjektet Nynorske lesefrø. Gjennom dette prosjektet har dei fått god kjennskap til dei nynorske barnebøkene og det nynorske språket. Når barna skal starte på skulen, er det viktig at dei får tilgang til bøker på den språkforma som dei skal lære der. Barn lærer best det skriftspråket dei ser og høyrer mest. Barn i område med nynorsk som hovudmål treng å møte det nynorske skriftspråket for å bli trygge nynorskbrukarar sjølve. For at dei skal verte flinke til å skrive og lese nynorsk må dei ha tilgang til nynorske bøker både på skulen og heime.

Erfaringar frå prosjektet Nynorske lesefrø viser at foreldre gjerne kjem og spør etter nynorske bøker som dei kan lese i lag med barna og som barna kan lese sjølve.

– Dei har fått auga opp for at barna treng å lese nynorske bøker når dei skal lese bøker sjølve, fortel bibliotekaren. 

Samarbeid med biblioteket

Biblioteka er viktige i Nynorske lesefrø. Bibliotekarane lagar til og organiserer skifte av bokkassar med nye nynorske bøker til barnehagane. I tillegg vert det arrangert ulike samlingar i biblioteket, og barna er ofte på besøk der. Forsking viser at samarbeid med bibliotek er positivt for leseaktivitetane i barnehagen. Dei barnehagane som samarbeider med bibliotek har gjerne fleire leseaktivitetar, og barna får delta i fleire lesestunder.

I tillegg stimulerer eit samarbeid til at ein tek i bruk den nye barnelitteraturen. Tilgang til ny litteratur er viktig og inspirerande. Når bibliotekaren kjem med bokkasser med ny litteratur og fortel om bøkene, vert både barn og vaksne motiverte til meir lesing. (Synteserapport 2006-2014).

Ei ny verd opna seg

Gjennom samarbeid med biblioteket og deltaking i prosjektet har dei tilsette fått ny kunnskap og styrka medvit om betydninga av lesing i barnehagen. I tillegg har dei fått auka medvit om kor viktig det er å lese nynorsk i ein kommune der barna skal ha nynorsk som opplæringsmål.

Les også: 6 grunnar til å lese for barna

Dei vaksne som har vore med i Nynorske lesefrø, fortel om positive erfaringar med dei nynorske barnebøkene og at dei er overraska over kor mange gode nynorskbøker som finst.

– Det er som ei ny verd med bøker som har opna seg, uttrykker ein pedagog som har vore med på prosjektet.

– Dei tilsette har starta å prate om både innhaldet og språket i bøkene, og dei ser det som naturleg å lese nynorsk til barna som skal ha nynorsk som sitt opplæringsmål på skulen. Dei tilsette les meir og brukar meir bøker, songar, rim og regler på nynorsk. Dei brukar bøkene i meir varierte samlingar og på ulike måtar. Bøkene har vorte viktigare i arbeidet med språkstimulering i barnehagane.  

Les også disse blogginnlegga:
Livsmestring hos Astrid Lindgren

Lekselyst hos førskoleungar

Då leselysta kom svevande på ein sopelime

Kommentarer

Ingen kommentarer på denne bloggen ennå

Skriv ny kommentar

SPRÅKLØYPER-BLOGGEN

Velkommen til Språkløyper-bloggen! Dette er stedet hvor inviterte gjestebloggere deler forskning, inspirasjon, informasjon eller aktuelle spørsmål som er knyttet til Nasjonal strategi for lesing og skriving 2016-2019. Våre bloggere er politikere, forskere, pedagoger, forfattere og andre med kunnskap og meninger om språk, lesing, skriving og opplæring. Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men gjestebloggerne står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing!

SISTE ARTIKLER

24.11.2017

24.11.2017

24.11.2017

24.11.2017

24.11.2017

FØLG OSS